God helg
VM på Hamar, neste helg. 13.mars startar VM på skøyter, einskild-distansar. Eg har nesten slutta å sjå på sport. Det vert så mykje, at eg rekk ikkje få med meg halvparten. Dessutan er det doping over ein låg sko, verkar det som. Men skøyter er moro å sjå på. Der er det kamp mann mot mann, eller kvinne mot kvinne. Så komande helg kjem eg nok til å sitje klistra framfor skjermen. Godt eg har utstyrt meg med mange strikkeprosjekt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar