Eg hadde time hos dokteren kl 12.00. Vel inne i
gangen sette eg meg ned for å byte sko. Eg tok av meg skorne med broddar og tok
på meg inneskoa som eg hadde med i sekken. Under prosessen kom det ruslande ei eldre dame, med
rullator. Ho stoppa og såg på meg. Det var eitt smart grep, meinte ho, å ha med
seg skobyte. Ja, eg var så lei av å slite med desse broddane, å ta dei av og
på, tronge som dei er. Lettare då å ha med seg seg eitt par sko som er råd å
bruke inne, sa eg. Ja, ho gjekk utan broddar, men så hadde ho rullatoren å
støtte seg på. Vi prata litt medan eg bytte sko, så måtte eg gå til timen. Dama
tykte det var kjekt å snakke med eitt fornuftig menneske, som ho sa, før vi gjekk
kvar til vårt.
For ei stund sidan var eg til MR-undersøking og fekk sjekka topplokket. Nokon vil kanskje seie at det var på tide. Grunna Parkinson-diagnosen ville nevrologen sjekke om det var andre moment ein måtte vere obs på. Det var ei eller to blodårer som var litt tjukke, men det var ingen teikn til betennelse (dokteren forklarte det mykje finare). Så det var ikkje "fare på ferde", ingen grunn til å starte med blodfortynnande. Enno i alle høve.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar