Strikkedilla
Eg må ha fleire strikkeprosjekt på gang, samstundes. No held eg på med nokre babypledd som eg strikkar til nyfødden på sjukehuset. Eitt grønt, med ein lys og ein mørkare grønfarge. Eitt heilrosa. Og eitt eldraudt som eg skal ha sjølv. Så strikkar eg litt på det eine og litt på det andre. Når eg har strikka nokreomgangar på det rosa og er litt lei av fargen, tek eg fram det grøne og sit med det, ei stund.Så sit eg og kikar bort i den kvite stolen, der eg samlar det meste av garnet.
Eg gler meg til å starte på fleire prosjekt. Så finn eg ei fin oppskrift på
eitt putemønster med fletter, i eitt blad. Har eg nok garn i ein farge så eg
kan lage denne, skal tru?
Trur det var Halvor Bakke (han med eventyrleg oppussing) som sa noko om at her i landet er vi ikkje skapte for å sitje på ræva. Det er vel noko slikt som står på huva hans. Nei, kanskje ikkje, men du verda kor mange fine handarbeid det kan verte ut av det.

Oppussing driv eg lite med, men på handarbeidsfronten, der er eg
god.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar