søndag 8. november 2020

Kven kva kvar og kvifor?

 

Cecelia Ahern

Et sted i nærheten

Bazar 2011

Universet må ha ein god dose humor. Det gav familien til Sandy etternamnet Shortt. Sandy var 1,80 allereie i barneskulen. Der andre ungar kunne gøyme seg, verte borte for foreldra i butikken, var det uråd for Sandy. Mora kunne berre kaste eit raskt blikk rundt seg, hovudet til Sandy raga over klesstativ og anna i nærleiken.

Sandy leita. Heile livet. Heilt sidan Jenny-May, ein jamaldring, forsvann då ho var ti år og aldri kom til rette, har Sandy leita. Ho vart besett av trongen til å finne att ting som vart borte. Ein einsleg sokk førde til endelause leiteaksjonar etter den andre makne sokken. Kvar vart det av alt som forsvann, sokkar, pennar, folk? Foreldra vart fortvila, ekspertar vart kopla inn. Sandy leita.

Heilt til ho sjølv vart borte.

Sandy gjorde det til levebrød å finne att forsvunne personar. Etter ei tid i politiet starta ho for seg sjølv, ho oppretta eit byrå for å leite etter sakna personar. Midt i ei sak parkerte ho ved ein bensinstasjon og tok ein joggetur. Denne joggeturen fekk eit anna utfall enn ho kunne drøyme om.

Var ho endeleg nærare svaret på kvar alle forsvunne ting vart av?

 

fredag 23. oktober 2020

Om fortid og framtid

Rosanna Ley
Tilbake til Mandalay
Cappelen Damm 2017

Bestefaren fortel og Eva lyttar. Ofte handlar forteljingane om Burma. Mange ting teier han om og Eva undrar seg over kva som eigentleg skjedde under andre verdskrig, i landet så langt borte. Kva opplevingar sette så sterke merke i bestefaren at han aldri fortel om dei, sjølv om det er tydeleg at dei har prega heile resten av livet hans.

Eva arbeider som forhandlar av antikvitetar. Ei jobbreise fører henne til det landet som sette så djupe spor i bestefar hennar. Då ho skal reise ber han henne om å ta med seg ein gjenstand attende til den rettmessige eigaren.

Vi får eit godt innblikk i historia til landet og kulturen. Men sidan dette er ein roman, så inneheld sjølvsagt boka ein god dose kjærleik. Bestefaren minnest sin store kjærleik, som han aldri har gløymt. Eva møter både kjærleik og farlege situasjonar. Forretningane er ikkje så enkle som dei kan verke ved første augekast. Og kven kan ein eigentleg stole på?

Som alle kjærleiksromanar fører denne også til ein lukkeleg slutt for dei gode. Dei slemme får si straff og bestefaren døyr med fred i sinnet.

Det er nesten trist å ta farvel med personane, Rosanna Ley skapar karakterar til å verte glad i.

 

lørdag 17. oktober 2020

 

Cecelia Ahern

Takk for alle minnene

Bazar 2009

 

Ver varsam med kva du ynskjer deg. Du kan risikere å få det som du vil.

Joyce held på å misse livet i ei fallulukke. Ho misser barnet ho ber og ho misser mykje blod. Etter ulukka startar ho eit nytt liv, flyttar frå mannen sin og heim att til faren. Ho hugsar brått ting som ho aldri har opplevd. Kunst har aldri interessert henne, no vert ho ein kunstkjennar. Ho drøymer kvar natt om ei lita jente med lyst hår.

Justin kjem, som nyskilt og kanskje litt einsam, til Dublin som gjesteforelesar i kunsthistorie. Han vert overtalt til å gje blod, det første han gjer som kjem rett frå hjartet. Etterpå vert han oppteken av kven som får blodet og fantaserer om korleis det ville vore å ha ein person som heile tida var takksam for at Justin redda livet hans. Tenk å få ei korg muffins på døra, med eit takkekort, t.d. Det var vel det minste ein person ville gjort, for å få blodet hans.

Joyce og Justin sine liv vert fletta inn i kvarandre, sjølv om dei aldri har møtt kvarandre.

 

lørdag 10. oktober 2020

Liv og krydder

 

Safranhuset

Rosanna Ley

Cappelen Damm 2016

Ei bok om to kvinner som finn kvarandre og vert vener i Marokko. Nell har fått eit matlagingskurs i bursdagsgåve frå mannen. Amy er der som fotograf, ho skal ta bilete til ei utstilling som galleriet ho arbeider ved skal ha, ei utstilling med marokkansk tema.

Begge har, sjølvsagt, problem på heimebane. Nell med mannen, som ho lurer på om ho har ei framtid saman med. Amy har innleia eit uforpliktande forhald til sjefen. Begge leitar etter svar. Nell er i sorg etter at mora nyleg er død. Mannen vil at dei skal selje huset hennar, men Nell har vanskar med å gje slepp på minna. Og kva skjedde då mora døydde. Gjekk ho utfor skrenten med vilje eller fall ho utfor fordi det var tjukk skodde den kvelden. Kvar hadde ho vore og kvar var ho på veg?

Amy reiser til Marokko for å fotografere, men også for å leite etter sonen til grandtante Lillian. Siste livsteikn frå Glenn er eit postkort frå ein by i Marokko.

Boka vert fortalt frå fleire vinklar. Vi får høyre Glenn si historie, grandtante Lillian si livssoge. Vi fylgjer Amy og Nell på deira veg. Undervegs møter dei menneske som formar dei og andre som vert skip som passerer i natta.

Slutten? Som dei fleste slike bøker, tradisjonell, alle trådar vert samla og hovudpersonane får i alle høve svar på dei fleste av spørsmåla dei har hatt.

 

fredag 2. oktober 2020

Kva gjer du om Livet ditt bankar på?

 

Cecelia Ahern

En avtale med livet

Bazar 2013

Kva gjer ein når Livet sjølv bankar på?

Forteljinga startar som ein fantasy-roman der Lucy får eit brev frå sjølve Livet. Dei første ignorerer ho, det viser seg at familien også har vorte kontakta av Livet hennar, og ho skjønar, når det tredje brevet dumpar ned på det skitne teppet hennar, at det er berre å møte opp.

Det er ikkje berre Livet ho treng hjelp med, det møkkete teppet har også stor trong for litt omtanke og kjærleik og ikkje minst reins.

Det er lett å skulde på at venene er sjølvopptekne, familien er ufyseleg, arbeidsgjevarane er ei eiga rase. Då kjærasten går frå henne, set dei ut ryktet om at det var ho som slo opp. Då ho kjem dragande med ein ny mann som ho presenterer som Livet sitt, trur dei fleste at det er den store kjærleiken som har banka på. Så enkelt er det ikkje.

Så kjem Livet inn i livet hennar og han prøver å få henne inn på rett spor. Men vala er det ho som må ta.

Cecelia Ahern skriv friskt og i ein stil som ikkje er tunglesen. Boka høver godt i solstolen ein seinsommardag eller ein fin haustdag.

Happy ending? Sjølvsagt, kva anna kunne ein vente.

 

lørdag 26. september 2020

Den som har ei bok og ein kaffikopp

 

Agnés Martin-Lugand

Lykkelige mennesker leser og drikker kaffe

Cappelen Damm 2014

 

Sorg og venskap

Diane misser mannen og dottera i ei bilulukke og det einaste ho angrar på er at ho ikkje var i bilen saman med dei. For korleis skal ho greie å kome gjennom livet utan dei? Ho greier ikkje gå på bokkafeen som ho driv saman med Felix. Felix er den einaste ho slepper innom døra. Han held bokkafeen flytande og prøver å lokke Diane med ut i livet, att.

Colin hadde snakka om å reise til Irland, men Diane ville heller til varmare strok. No finn ho eit kart over landet, let att auga og plasserer fingeren på kartet.

Dit reiser ho. Bort frå Felix si kvelande omsorg, bort frå telefonane frå foreldra, bort frå skjortene til Colin og kosedyra til Clara. Til Irland, der ho aldri har vore, til ein liten kystby ho aldri har høyrt om. Der véret er ufyseleg hardt og naboen likeeins. Men der ho også finn vener.


torsdag 17. september 2020

Scrappehelg

 

Scrappehelg

At det er råd å glede seg så mykje!

Scrappehelg. Heile helga. Frå fredagskvelden og til utpå sundagen. 

No har denne coronaen sett stoppar for dei vanlege treffa kvar månad. Scrappetreffet i vår gjekk også fløyten. Det er første gongen gjengen samlast sidan tidleg i mars.

I kveld skal eg starte på julegåver. Kjem nok eit bilete eller to, i neste innlegg.

fredag 11. september 2020

Den røde adresseboken, Sofia Lundberg

 

Sofia Lundberg

Den røde adresseboken

Cappelen Damm 2018

 

Doris er 98 år og heimehjelpene kjem og går. Ikkje alle har tid til å vente på svar på spørsmåla dei stiller. Ulrika riv plasten av ferdigretten, set han inn i mikroen, for så å mose alt saman i ein haug på tallerkenen til Doris. Deretter finn ho seg ein kopp i skåpet, den fine handmåla som Doris sjølv ikkje torer å bruke av redsel for at han skal verte knust. Etterpå set heimehjelpa koppen og resten av oppvasken i maskina og set på vaskeprogrammet. Då ho har gått stoppar Doris maskina, tek ut koppen, vaskar han varsamt for hand og set han inn i skåpet, lengst inne så han er ute av syne.

Ein dag fortel Ulrika at ho skal til Kanariøyane på ferie og difor får Doris heimehjelp-vikar. Sara danderer maten på tallerkenen, legg grønsakene og kjøtet kvar for seg og Doris kjenner at maten smakar godt den dagen.

Den raude adresseboka ho har hatt sidan 1928 rommar heile livet hennar, alle menneska ho har møtt. Ein dag tek ho til å skrive historia si, basert på namna i boka. Tida som fotomodell i Paris, økonomiske problem, saknet av heimlandet, krigen, valdtekt, å verte reservemor for søstera då mora døyr. Ho vonar det vert Jenny som finn breva og bileta etter henne, og forteljinga hennar. Jenny, grandniesa, som bur på andre sida av jorda og som ho snakkar med på Skype.

Ei bok med personar til å verte glad i. Vi får fylgje livet til Doris, gjennom skildringane av menneska ho møter. Desse menneska som utan forteljingane hennar berre ville vore namn i ei gammal og falma bok. Alle desse menneska ein møter, som formar ein og det livet ein lever.

Stockholm, Paris, New York. Den store kjærleiken møter ho, for så å miste han. To gonger. Han må reise fordi mor hans vert sjuk. Han skriv til Doris, men brevet kjem ikkje fram før det har gått eitt år. Då er konvolutten full av adressar og overstrykingar. Andre gongen må dei ta avskjed fordi han skal i krigen.

Slutten verkar, i alle høve på denne lesaren, litt sentimental. Etter krigen skriv dei til kvarandre, men breva kjem alltid i retur. I tjue år skriv dei, utan å finne kvarandre. Så kjem Jenny og mannen Willie på bana og med eitt eller to tastetrykk finn dei fram til Doris sin store kjærleik og kvar det vart av han, etter krigen. Doris er viss på at han er død, men Jenny vil ikkje gje opp vona om å finne han. I alle høve finne ut kva som skjedde med han. Det finn ho ut og trådane vert samla.

 

fredag 4. september 2020

Mysteriet Amy Snow

 

Mysteriet Amy Snow

Tracy Rees

Cappelen Damm 2019

Overklassebarnet keiar seg i dei luksuriøse romma og dei upraktiske skjørta ho må gå med. Ho er einaste barnet i familien og foreldra nektar henne stort sett å gå ut. Men Aurelia er ikkje til å stoppe. Ofte kjem ho heim med fugleungar og slangar og andre dyr som treng litt ekstra omsorg. Ein dag ho lurer seg ut utan at foreldra ser henne, finn ho Amy, ein nyfødd unge som ligg naken i snøen. Einkvan har lagt henne der for å late henne døy. Aurelia tek henne med seg og gjev henne namnet Amy (etter yndlingsdokka) Snow (av naturlege årsaker). Aurelia og Amy vert nære som søstre, men foreldra til Aurelia vil ikkje sjå «barnet». Så snart ho vert stor nok til å vere til nytte vert ho sett til å gjere nytte for seg. Dei torer ikkje å kaste henne ut, tenk på folkesnakket!! Så Aurelia og Amy får vekse opp i same huset og Aurelia tek seg av henne. Men då Aurelia døyr som tjuetreåring vert Amy jaga frå herskapshuset og heretter må ho klare seg sjølv.

Dagen etter gravferda mottek Amy ein pakke. Pakken inneheld eitt grønt silkestoff, ein del pengar og  eit brev. Frå Aurelia. Brevet avslører at Aurelia har ein løyndom ho ikkje har fortalt. Frå grava bed ho Amy om å reise til London. Der ventar nye instruksar. Amy vert bedd om å avdekke eitt mysterium, noko som vil endre livet hennar.

Kva svar vil reisa gje Amy? For kvar ny destinasjon møter ho nye menneske, og avdekkar nye bitar i puslespelet om Aurelia sitt liv.

Kvifor vil brått mor til Aurelia møte Amy, etter å ha fornekta henne i sytten år?

Kva med Henry, vil han forstå, og godta, at Amy har eit oppdrag ho må fullføre?

lørdag 21. mars 2020

Ufriviljug fellesferie


Fellesferien kom tidleg i år

Så mange ting ein tek som sjølvsagt. Gå ein tur, setje seg på ein benk, stikke innom vener, biblioteket, ta ein kaffi på kafeen. Opplevingar ein ikkje tenkjer over. Før det brått er restriksjonar på alt. 
Nokre er i karantene, biblioteket er stengt, kafeen likeeins. På butikken går vi rundt med eingongshanskar og prøver halde avstand til dei vi møter. Denne dagen må eg kjøpe butikk-brød, då kafeen der eg brukar kjøpe brød held stengt.

Skulle vore innom hobbybutikken og kanskje Sybutikken for påfyll til diverse prosjekt. I alle høve dersom dette vert langvarig. Kanskje eg skal finne fram puslespelet eg har liggande. Di færre butikkar ein er innom, di færre sjansar er det for å verte smitta.

Det er som heile landet har teke fellesferie på ubestemt tid.

Ære vere dei som held samfunnet i gang i desse tider. Helsearbeidarar og butikkpersonale og sjåførar som ikkje har noko val.

fredag 13. mars 2020

Strikkefestival


Nordfjord strikkefestival på Eid


Spenstige tilskipingar, som «Strikk og drikk med garnbyte». Her kunne ein ta med seg garn ein ikkje brukte, som ein hadde for mykje av, og få bytt det i noko anna. Leverte du fem nøste kunne du plukke med deg fem nye. Vart det noko til overs vart det levert til Friviljugsentralen. Alt kom til nytte. Super måte å tenke gjenbruk på.

«Strikk med musikk».

Å kunne ta seg ein tur i Gamlebanken og setje seg ned med eit strikketøy og få med seg ein fantastisk konsert i ord og tonar med Dagfinn Lågeide på trekkspel og Olga Pavlova på fiolin og song. Eitt av helgas høgdepunkt. Lågeide fortalde små historier mellom musikk-innslaga og Olga Pavlova veksla mellom fiolinen og songen. For ein formidlar den dama er. Då ho song eit par songar av Jakob Sande, Fabel og Stubb, la eg frå meg strikketøyet, let att auga og song med. Til slutt avslutta dei med ein russisk song der ho fekk briljere som den operasongaren ho visseleg er.

Noko for alle strikkeglade

Lær å designe ditt eige mønster, raudstrømpestrikk, fargeworkshop, strikk inn hæl, pilates med strikk (skadeførebyggande pilates for strikkarar), føredrag, strikkeshopping, her er noko for ein kvar smak. Gå på ein kafè og set deg med kaffien og strikketøyet, det kjem garantert ein annan strikkar innom. Stikk innom sølvsmeden og sjå utstillinga, kjøp garn på «Den røde tråd». Rabattar på garn, utstillingar, heile bygda feirar strikkefestival og heile bygda vert teken i bruk.

Goodiebagen vi fekk då vi kom var innhaldsrik, mønster, måleband, tre garnnøste og andre godsaker.

Skal ein absolutt pirke på noko, kunne det vore litt betre lys rundt småborda på hotellet. Ein strikkar gjerne mønster, kanskje med mørke fargar og då treng ein å sjå godt. Ein kunne hatt eit par stålamper ståande som folk kunne plassert der dei sat. Men dette kan ordnast til neste gong, for dei som var her kjem nok att, på neste festival.

Eg la ut eit bilete av siste arrangementet eg var med på, sundag, på instagram. Der skreiv eg at eg

«gler meg sjukt til neste gong».



fredag 21. februar 2020

Strandkafeen


Strandkafeen

Lucy Diamond
Aschehoug
2019

Talentet er der, men lidenskapen for noko saknar ho. Ho tek ei rad med vikariat og har etter kvart prøvd seg i fleire ulike yrke. Sekretær, fotograf, skodespelar, songar….

Alle familiar har eitt svart får. I familien Flynn er det Evie si rolle. I motsetnad til sine perfekte søstre har ho enno ikkje funne sin veg. Ein drøymar utan ambisjonar, ho har flytta inn til kjærasten og overtyder seg sjølv om at dette er den store kjærleiken.

Så døyr tante Jo og overlet strandkafeen sin til Evie. Tante Jo som også var eit får av ein litt mørkare kulør enn resten av familien. I foreldra sine auge hadde Jo mislukkast. Ikkje var ho gift, ikkje hadde ho barn. At ho dreiv si eiga vellukka bedrift og var lukkeleg og levde det livet ho alltid hadde ønskt seg, var visst mindre viktig.


No må Evie ta fleire val. Drive kafeen, eller selje som resten av familien rår henne til? Flytte til Cornwall og avslutte forholdet til Matthew?

Sjølvsagt er det skjær i sjøen både i London (eitt av dei heiter Jasmine), og i Cornwall (kvifor er Ed så kamerasky?) Frå første stund får ho landsbyen mot seg, dei trur ho vil selje og håve inn pengar på kafeen og tomta.

Men som i alle «feelgood»-bøker viser hovudpersonen seg som den gode personen ho er og då taket på kafeen fyk av, i ein storm, stiller heile landsbyen opp og reparerer skadene.


mandag 17. februar 2020

Scrapping


Scrappedag, laurdag. 

Somt får eg til og somt ikkje. Det går seg til. Kjekt å rusle rundt og sjå kva andre gjer på: 
Kva brukar du den der til? 
Åh, så fint, kva lim har du brukt? 
Får du kjøpt det papiret på Bokuben? 

Kunnskapstørsten er stor, alle driv med kvar sine ting, alle er nysgjerrige og vil sjå. Nokre lagar kort, andre eksplosjonsboksar, atter andre album, bøker. Vi stemplar, teiknar, fargelegg, målar og skjer i papir.  Innimellom ein serviett med druer, eit par kjeks og ein kaffikopp ligg det limte og måla ting til turk, telefonar til lading, skravla går og kreativiteten blømer.  Gåver vert laga til jul og konfirmasjonar, kort til mange slags bruk.

Nokre nye andlet er med og det er alltid spanande. Scrapping er sosialt og skuldrane vert lågare og vi lærer stadig nye ting av kvarandre. 

Her er det berre å prøve seg fram.

søndag 16. februar 2020

Nysteikt



Mamma bakte ikkje brød i former, ho bakte tre i slengen, på bakeplata. Eg ser enno føre meg når ho tok ut brøda og kvelvde dei på bordet. Enno ser eg føre meg dampen som steig opp når ho delte brøda og eg kjenner lukta av nysteikte brød rett frå omnen. 
Vi stod rundt og venta utolige på at brøda skulle verte såpass lunka at vi kunne skjere av skalken, smørje på godt smør som smelta på skiva og i munnen. 

Større magi fanst ikkje.

mandag 10. februar 2020

Tru eller ikkje

Ateisme


Trua på at det ein gong var absolutt ingenting. Og ingenting hende med ingenting heilt til ingenting på magisk vis eksploderte, av ingen grunn, og skapte alle ting overalt. Så tok ein del av det eksploderte på magisk vis og omorganiserte og gjenskapte seg sjølv, av ingen grunn i det heile, til bitar som deretter vart til dinosaurar.

Og du hånar trua mi

fredag 7. februar 2020

Talent

Mine talent.
Og andre sine


Då har eg omsider innsett det, hovudet mitt er ikkje konstruert for tal. Det har eg eigentleg alltid visst, men det er rart med det. Dei talenta ein har er liksom heilt alminnelege, noko alle kan, noko ein ikkje ansar på. Dei talenta ein ikkje har er dei ein gjerne ynskjer seg. Eg har alltid beundra dei som er flinke i matte, som løyser lange utrekningar i hovudet. Eg vert framleis (bittelitt) flau når eine bror min minner meg om den øskja han fann då vi rydda etter mor. Trur det var ei øskje med eit sett sølvskeier. Kvifor hadde eg brukt nett ei slik øskje? Ikkje godt å seie, eg tok vel det eg fann i farten. Der hadde eg sett opp eit (for meg) vanskeleg reknestykke. 41 +20 trur eg det var. Ja, ja, kva skal ein gjere, skolten min likar mykje betre å pugge engelske og tyske gloser og lese tunge bøker enn å bale med  ufjelge reknestykke. Så lenge eg greier meg på butikken og elles så eg ikkje vert snytt, er eg nøgd.

Men i går tenkte eg at det kanskje løner seg å sjekke, i alle høve klokkesletta, ein ekstra gong, i staden for å lite på hugset. Eg skulle til frisør klokka to. Det flaug forbi ein tanke om at eg kanskje skulle sjekke kortet, men nei, det var då ikkje naudsynt, eg hugsa såpass. Halv to ringde frisøren og lurte på kvar eg var. Ho hadde venta meg klokka eitt.

Om kvelden skulle eg på poesikveld på biblioteket. Klokka åtte om kvelden. Eg gjorde unna handlinga og rusla bort på biblioteket. Var litt tidleg ute, men tenkte at då kan eg lese avisa så lenge. Det var ein halvtime til poesikvelden skulle starte. Der stod bibliotekaren og vinka meg inn, salen var full og på scena stod det ein poet og las. Det viste seg at dei hadde starta klokka sju.

Då eg kom heim att sjekka eg kalendaren. Der hadde eg skrive to klokkeslett for dagen, 13 og 19. men kva nytte er det i det når eg aldri sjekkar kalendaren? I hovudet mitt stod det noko heilt anna.

fredag 24. januar 2020

Selvportrett



Selvportrett

Filmen om fotografen Lene Marie Fossen

Det verkar feil å ha med seg ei bøtte popkorn inn i kinosalen og sjå ein slik film. Då filmen starta sette eg popkornet stilt frå meg ved føtene.

Det er så mange ting eg sit att med, ting som gjorde inntrykk. At ein kunstnar greier å vere så nådelaust ærleg om seg sjølv og sjukdomen anoreksi, at ho let seg avbilde nesten heilt avkledd, heilt utan filter. Kontakten ho fekk med så mange ulike menneske, så nær ho kom dei når ho såg dei gjennom kameraet.

Lene Marie fekk anoreksi då ho var ti år. Åt ho mindre vart uroa inne i henne rolegare, sa ho sjølv. Mora såg at brødskivene vart tynnare og tynnare. Dei greip tak i det med ein gong og bad om at ho måtte få hjelp. Dei fylgde henne opp heile vegen, men ingen ting nytta. Heile livet budde ho i lag med mora. Mora som masserte skuldrane hennar. Mora som varsamt masserte henne i panna. Mora som tok tørn som handlangar når dei var på tur og Lene Marie var inne i eit rom og fotograferte. Ho ropte gjennom døra og bad mora hente eitt batteri og den oransje veska. Mora kom i døra med den oransje, då fekk ho beskjed om at ho stengde ute lyset. Så sette ho frå seg veska i døropningen og gjekk ut att. Lene Marie kom ut og mora sa til henne at: «du er så irritabel». «Ja, jeg veit det,» svarte dottera. Dei kjende kvarandre og snakka saman nesten utan ord. Under fotoutstillinga hennar på Nordic Light stod dei saman og Lene Marie spurde om ho skamma seg: «Nei, jeg er stolt, du er modig», sa mora. Varmen og nærleiken mellom desse to skein gjennom, i heile filmen.

Noko av det ho var mest stolt av, Lene Marie, var at ho ikkje hadde hatt suicidale tankar, ho hadde aldri ynskt å døy. Uansett kor gale det var ville ho leve. Ho hadde så mykje ho ville gjere med bileta, så mykje ho ville utrette, så mykje ho skulle rekke. Bortsett frå på slutten, etter bilulukka som gav henne nakkeslengskade og sterke smerter i nakken, på toppen av anoreksien. Då ynskte ho å få sleppe. Ein gong mora var på arbeid, la ho seg ute i snøen for å fryse i hel. Men etter ei stund ringde ho til bestefar sin og han fann henne der ho hadde sagt at ho låg. Eit rop om hjelp, trudde mora.

Ho skildra anoreksien som å vere i eitt brennande hus og ikkje kunne kome seg ut. Du leitar etter ei dør, men finn inga, det finst ingen utveg.

Ho var klar på at ho var ikkje ein sjukdom, ho var så mykje meir. Ho var ikkje ein anorektikar som fotograferte. Ho var ein kunstnar, ein fotograf og så hadde ho anoreksi. Samstundes sa ho ein stad at ho var redd for å verte frisk. Kanskje ho då ville verte ein dårlegare kunstnar?

Vakker var ho ikkje, på slutten. Men for nokre vakre fotografi ho kunne ta. For ei klok dame ho vaks opp til å verte. For eit talent ho hadde.

Filmen er klok og vakker og vond og sterk som krut.


fredag 17. januar 2020

Jeg er så syk som ingen har været



Ei lita forkjøling, det går over om eit par dagar, det er ikkje farleg og det gjer ikkje vondt. Stundom er det nesten fint å vere litt sjølvmedlidande og drikke te med honning, snytekluten innan rekkevidde og fjernsynet durar på med sitt.
Dra føre gardina, stenge verda ute, hoste, nyse og snyte seg. Og vite at dei fleste må gjennom det stort sett ein eller to gonger i året.

Kjenner meg litt i slekt med den danske forfattaren Piet Hein som skreiv Gruk under pseudonymet Kumbel. Han skreiv eit lite trøyste-dikt/gruk som høver perfekt på meg


Sykdom
Jeg er så forkølet, forpint og besværet,
og det er så synd og så trist,
og jeg er så syg, som ingen har været
siden jeg var det sidst.

(Piet Hein)

lørdag 11. januar 2020

Handle, handle, handle


Tur på butikken 


Eg handlar ein gong for veka. Det har eg gjort ei stund. Det sparar meg mykje irritasjon, mange småturar innom butikken og vonleg nokre kroner. No må eg planleggje handleturen. Tidlegare handla eg litt her og litt der. Så kom eg heim med tunge bereposar fordi eg kom på noko eg berre måtte ha.
No tek eg med meg sekken når eg veit eg skal hande. Så skriv eg handleliste som heng på kjøleskåpet. Der fører eg opp ting etter kvart. Det gjorde eg aldri før. Då stod eg på butikken og lurte på kva eg hadde i kjøleskåpet og kva i all verda det var eg hadde tenkt å kjøpe.
Dessutan trur eg det sparar meg for småting eg eigentleg ikkje treng. Har eg lyst på chips ein fredag og eg ikkje har chips så har eg ikkje chips før neste veke. Det varierer litt kva dag eg går på handletur, det kan vere måndag eller torsdag alt etter som.
Det er faktisk mykje eg klarer meg utan når eg ikkje har det.