Safranhuset
Rosanna
Ley
Cappelen
Damm 2016
Ei bok om
to kvinner som finn kvarandre og vert vener i Marokko. Nell har fått eit
matlagingskurs i bursdagsgåve frå mannen. Amy er der som fotograf, ho skal ta
bilete til ei utstilling som galleriet ho arbeider ved skal ha, ei utstilling
med marokkansk tema.
Begge har,
sjølvsagt, problem på heimebane. Nell med mannen, som ho lurer på om ho har ei
framtid saman med. Amy har innleia eit uforpliktande forhald til sjefen. Begge
leitar etter svar. Nell er i sorg etter at mora nyleg er død. Mannen vil at dei skal selje huset hennar, men Nell har vanskar med å
gje slepp på minna. Og kva skjedde då mora døydde. Gjekk ho utfor skrenten med
vilje eller fall ho utfor fordi det var tjukk skodde den kvelden. Kvar hadde ho
vore og kvar var ho på veg?
Amy reiser
til Marokko for å fotografere, men også for å leite etter sonen til grandtante
Lillian. Siste livsteikn frå Glenn er eit postkort frå ein by i Marokko.
Boka vert
fortalt frå fleire vinklar. Vi får høyre Glenn si historie,
grandtante Lillian si livssoge. Vi fylgjer
Amy og Nell på deira veg. Undervegs møter dei menneske som formar dei og andre
som vert skip som passerer i natta.
Slutten?
Som dei fleste slike bøker, tradisjonell, alle trådar vert samla og
hovudpersonane får i alle høve svar på dei fleste av spørsmåla dei har hatt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar