Scrappedag, laurdag.
Somt får eg til og somt ikkje. Det går seg til. Kjekt å
rusle rundt og sjå kva andre gjer på:
Kva brukar du den der til?
Åh, så fint,
kva lim har du brukt?
Får du kjøpt det papiret på Bokuben?
Kunnskapstørsten er
stor, alle driv med kvar sine ting, alle er nysgjerrige og vil sjå. Nokre lagar
kort, andre eksplosjonsboksar, atter andre album, bøker. Vi stemplar, teiknar,
fargelegg, målar og skjer i papir.
Innimellom ein serviett med druer, eit par kjeks og ein kaffikopp ligg
det limte og måla ting til turk, telefonar til lading, skravla går og
kreativiteten blømer. Gåver vert laga til jul og konfirmasjonar, kort til mange slags bruk.
Nokre nye andlet er med og det er alltid spanande.
Scrapping er sosialt og skuldrane vert lågare og vi lærer stadig nye ting av
kvarandre.
Her er det berre å prøve seg fram.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar