Tur på butikken
Eg handlar ein
gong for veka. Det har eg gjort ei stund. Det sparar meg mykje irritasjon,
mange småturar innom butikken og vonleg nokre kroner. No må eg planleggje handleturen.
Tidlegare handla eg litt her og litt der. Så kom eg heim med tunge bereposar
fordi eg kom på noko eg berre måtte ha.
No tek eg med meg sekken når eg veit eg
skal hande. Så skriv eg handleliste som heng på kjøleskåpet. Der fører eg opp
ting etter kvart. Det gjorde eg aldri før. Då stod eg på butikken og lurte på
kva eg hadde i kjøleskåpet og kva i all verda det var eg hadde tenkt å kjøpe.
Dessutan trur eg det sparar meg for småting eg eigentleg ikkje treng. Har eg
lyst på chips ein fredag og eg ikkje har chips så har eg ikkje chips før neste
veke. Det varierer litt kva dag eg går på handletur, det kan vere måndag eller
torsdag alt etter som.
Det er faktisk mykje eg klarer meg utan når eg ikkje har
det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar