Sofia
Lundberg
Den røde
adresseboken
Cappelen
Damm 2018
Doris er
98 år og heimehjelpene kjem og går. Ikkje alle har tid til å vente på svar på
spørsmåla dei stiller. Ulrika riv plasten av ferdigretten, set han inn i
mikroen, for så å mose alt saman i ein haug på tallerkenen til Doris. Deretter
finn ho seg ein kopp i skåpet, den fine handmåla som Doris sjølv ikkje torer å
bruke av redsel for at han skal verte knust. Etterpå set heimehjelpa koppen og
resten av oppvasken i maskina og set på vaskeprogrammet. Då ho har gått stoppar
Doris maskina, tek ut koppen, vaskar han varsamt for hand og set han inn i
skåpet, lengst inne så han er ute av syne.
Ein dag
fortel Ulrika at ho skal til Kanariøyane på ferie og difor får Doris heimehjelp-vikar.
Sara danderer maten på tallerkenen, legg grønsakene og kjøtet kvar for seg og
Doris kjenner at maten smakar godt den dagen.
Den raude
adresseboka ho har hatt sidan 1928 rommar heile livet hennar, alle menneska ho
har møtt. Ein dag tek ho til å skrive historia si, basert på namna i boka. Tida
som fotomodell i Paris, økonomiske problem, saknet av heimlandet, krigen,
valdtekt, å verte reservemor for søstera då mora døyr. Ho vonar det vert Jenny
som finn breva og bileta etter henne, og forteljinga hennar. Jenny, grandniesa,
som bur på andre sida av jorda og som ho snakkar med på Skype.
Ei bok med
personar til å verte glad i. Vi får fylgje livet til Doris, gjennom
skildringane av menneska ho møter. Desse menneska som utan forteljingane hennar
berre ville vore namn i ei gammal og falma bok. Alle desse menneska ein møter,
som formar ein og det livet ein lever.
Stockholm,
Paris, New York. Den store kjærleiken møter ho, for så å miste han. To gonger.
Han må reise fordi mor hans vert sjuk. Han skriv til Doris, men brevet kjem
ikkje fram før det har gått eitt år. Då er konvolutten full av adressar og
overstrykingar. Andre gongen må dei ta avskjed fordi han skal i krigen.
Slutten
verkar, i alle høve på denne lesaren, litt sentimental. Etter krigen skriv dei
til kvarandre, men breva kjem alltid i retur. I tjue år skriv dei, utan å finne
kvarandre. Så kjem Jenny og mannen Willie på bana og med eitt eller to
tastetrykk finn dei fram til Doris sin store kjærleik og kvar det vart av han,
etter krigen. Doris er viss på at han er død, men Jenny vil ikkje gje opp vona
om å finne han. I alle høve finne ut kva som skjedde med han. Det finn ho ut og
trådane vert samla.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar