Mamma bakte
ikkje brød i former, ho bakte tre i slengen, på bakeplata. Eg ser enno føre meg
når ho tok ut brøda og kvelvde dei på bordet. Enno ser eg føre meg dampen som
steig opp når ho delte brøda og eg kjenner lukta av nysteikte brød rett frå
omnen.
Vi stod rundt og venta utolige på at brøda skulle verte såpass lunka at
vi kunne skjere av skalken, smørje på godt smør som smelta på skiva og i
munnen.
Større magi fanst ikkje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar