Cecelia Ahern
Et sted i nærheten
Bazar 2011
Universet
må ha ein god dose humor. Det gav familien til Sandy etternamnet Shortt. Sandy
var 1,80 allereie i barneskulen. Der andre ungar kunne gøyme seg, verte borte
for foreldra i butikken, var det uråd for Sandy. Mora kunne berre kaste eit
raskt blikk rundt seg, hovudet til Sandy raga over klesstativ og anna i
nærleiken.
Sandy
leita. Heile livet. Heilt sidan Jenny-May, ein jamaldring, forsvann då ho var
ti år og aldri kom til rette, har Sandy leita. Ho vart besett av trongen til å
finne att ting som vart borte. Ein einsleg sokk førde til endelause
leiteaksjonar etter den andre makne sokken. Kvar vart det av alt som forsvann,
sokkar, pennar, folk? Foreldra vart fortvila, ekspertar vart kopla inn. Sandy
leita.
Heilt til
ho sjølv vart borte.
Sandy
gjorde det til levebrød å finne att forsvunne personar. Etter ei tid i politiet
starta ho for seg sjølv, ho oppretta eit byrå for å leite etter sakna personar.
Midt i ei sak parkerte ho ved ein bensinstasjon og tok ein joggetur. Denne
joggeturen fekk eit anna utfall enn ho kunne drøyme om.
Var ho
endeleg nærare svaret på kvar alle forsvunne ting vart av?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar