Selvportrett
Filmen om
fotografen Lene Marie Fossen
Det verkar feil å ha med seg ei bøtte popkorn inn i kinosalen og sjå ein slik film. Då
filmen starta sette eg popkornet stilt frå meg ved føtene.
Det er så mange
ting eg sit att med, ting som gjorde inntrykk. At ein kunstnar greier å vere så
nådelaust ærleg om seg sjølv og sjukdomen anoreksi, at ho let seg avbilde
nesten heilt avkledd, heilt utan filter. Kontakten ho fekk med så mange ulike
menneske, så nær ho kom dei når ho såg dei gjennom kameraet.
Lene Marie fekk
anoreksi då ho var ti år. Åt ho mindre vart uroa inne i henne rolegare, sa ho
sjølv. Mora såg at brødskivene vart tynnare og tynnare. Dei greip tak i det med
ein gong og bad om at ho måtte få hjelp. Dei fylgde henne opp heile vegen, men
ingen ting nytta. Heile livet budde ho i lag med mora. Mora som masserte
skuldrane hennar. Mora som varsamt masserte henne i panna. Mora som tok tørn
som handlangar når dei var på tur og Lene Marie var inne i eit rom og
fotograferte. Ho ropte gjennom døra og bad mora hente eitt batteri og den
oransje veska. Mora kom i døra med den oransje, då fekk ho beskjed om at ho
stengde ute lyset. Så sette ho frå seg veska i døropningen og gjekk ut att. Lene
Marie kom ut og mora sa til henne at: «du er så irritabel». «Ja, jeg veit det,»
svarte dottera. Dei kjende kvarandre og snakka saman nesten utan ord. Under
fotoutstillinga hennar på Nordic Light stod dei saman og Lene Marie spurde om
ho skamma seg: «Nei, jeg er stolt, du er modig», sa mora. Varmen og nærleiken
mellom desse to skein gjennom, i heile filmen.
Noko av det ho
var mest stolt av, Lene Marie, var at ho ikkje hadde hatt suicidale tankar, ho
hadde aldri ynskt å døy. Uansett kor gale det var ville ho leve. Ho hadde så mykje ho ville gjere med bileta, så mykje ho ville utrette, så mykje ho skulle rekke. Bortsett frå
på slutten, etter bilulukka som gav henne nakkeslengskade og sterke smerter i
nakken, på toppen av anoreksien. Då ynskte ho å få sleppe. Ein gong mora var på
arbeid, la ho seg ute i snøen for å fryse i hel. Men etter ei stund ringde ho
til bestefar sin og han fann henne der ho hadde sagt at ho låg. Eit rop om hjelp, trudde mora.
Ho skildra
anoreksien som å vere i eitt brennande hus og ikkje kunne kome seg ut. Du
leitar etter ei dør, men finn inga, det finst ingen utveg.
Ho var klar på
at ho var ikkje ein sjukdom, ho var så mykje meir. Ho var ikkje ein anorektikar
som fotograferte. Ho var ein kunstnar, ein fotograf og så hadde ho anoreksi.
Samstundes sa ho ein stad at ho var redd for å verte frisk. Kanskje ho då ville
verte ein dårlegare kunstnar?
Vakker var ho
ikkje, på slutten. Men for nokre vakre fotografi ho kunne ta. For ei klok dame ho
vaks opp til å verte. For eit talent ho hadde.
Filmen er klok
og vakker og vond og sterk som krut.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar