lørdag 16. desember 2017
onsdag 13. desember 2017
Advent
Mi første advent som diabetikar. No
hadde eg vel, strengt tatt, sjukdomen i fjor, òg. Men då visste eg ikkje om
det. Då kosa eg meg når eg gjekk i butikkane, føre jul, mellom julemarsipanen
og peparkakene og julehefta. Det er ei eiga stemning når det vert pynta til
advent og jul, sjølv om eg tykkjer handelsstanden i alle høve bør vente til første
adventshelga før dei fyller opp hyllene med juleglitteret.
Men i år er det nesten så eg kvir meg
når eg må ut på handel. Så snart eg kjem innom døra til daglegvarehandelen strøymer
det på meg så eg knapt kan anda. Sukkervarer i alle kulørar. Marsipangrisar i
ulike storleikar, med og utan sjokoladeovertrekk. Julekonfekt, julesjokolade, julekarameller, dadlar,
fiken med lakris, vørterbrød, julebrød. Mykje
av det eg tidlegare kunne kjøpe og, ikkje minst, ete, det må eg no halde meg
unna. Det er ikkje like lett, denne tida.
Freistingane er store og somme tider
fell eg.
Laurdag var eg på butikken, då kjøpte eg med meg to vørterbrød. Eg
sette meg for å sjå ein film, sundag, og kosa meg med eit par skiver vørterbrød
med godt smør på. Det var så godt at eg måtte ut på kjøkkenet og lage til eit par-tre
til. Det skrudde blodsukkeret opp, gitt. Men godt var det.
Alle desse juleavslutningane og
førejulstreffa og julelunsjane eg går på, bedt eller ubedt, er hyggelege
samkomer i adventstida. På bordet står oftast skåler og fat med julekaker og
sjokolade. Mykje julegodt for kakemons.
Eg prøver å liggje lågt i terrenget og
ikkje seie så mykje om denne diagnosen min. Det er mitt problem, og ikkje andre
sitt, at eg må passe på kva eg puttar i kjeften. Andre må få ete, og servere,
nett det dei vil. Det er eg sjølv som har ansvaret for at eg et det som er bra
for meg. Men stundom er freistingane vanskelege å motstå.
onsdag 18. oktober 2017
Orsak
Det hender eg
snakkar før eg får tenkt meg om. Det skjer visst at eg skriv før eg tenkjer,
òg. Eller så gneg eg på ting og skriv det ned i staden for å seie det der og
då. Det er ikkje meininga å fornærme eller såre nokon. Men det kan stundom vere
fort gjort.
Som eg sa til ho eine som reagerte: eg set pris på omsorg. Eg bed om orsaking dersom eg såra nokon med det eg skreiv i eit
tidlegare innlegg, «Hjartesukk».
tirsdag 10. oktober 2017
Opprydding
Rydda i eit skåp, her ein dag. Det var interessant. Garn som ikkje hadde merkelappar lenger. Halvferdige strikkeprosjekt som var fleire år gamle. Rammer, fargar, gamle bruksanvisningar til forlengst utslitne apparat. Klede som hadde nådd konfirmasjonsalderen. Det meste hadde eg ein plan med. Eg hadde tenkt å gjere ferdig teppet. Kleda var eit sammansurium av gåver og arv og innkjøp. Rammene skulle eg fylle med fargerike måleri. No gjekk det meste i bosset.
Heretter skal eg kjøpe berre det eg skal bruke med ein gong.
Men så er det no dette med å glede seg til å starte på det nyinnkjøpte garnet. Forventninga ein har når ein veit at ein har noko å lage ting av.
Heretter skal eg kjøpe berre det eg skal bruke med ein gong.
Men så er det no dette med å glede seg til å starte på det nyinnkjøpte garnet. Forventninga ein har når ein veit at ein har noko å lage ting av.
tirsdag 26. september 2017
Så lenge det er stjerner på himmelen
Kristin Harmel
Så lenge det er stjerner på himmelen
Cappelen Damm 2013
Utseld frå forlaget
Rafle du Vel d`Hiv
13152 jødar vart i løpet av to dagar arresterte, over heile Paris. Meir enn 8000 av desse vart stuva saman på eit stadium og innestengt i fem dagar, før dei vart deporterte til ulike fangeleirar.
Så lenge det er stjerner på himmelen
Denne historia er også kjent frå boka Saras nøkkel av Tatiana de Rosnay. Ei hjartegripande historie kvar gong ho vert fortalt.Hope er mor til ei tolv år gammal dotter og driv bakeriet som har vore i familien sitt eige i over seksti år, på Cape Cod. Ho vaks opp med ei kjøleg og til dels fråverande mor som var mest oppteken av mannen ho til ei kvar tid var saman med. Hope si trygge hamn var Mamie og bestefar Ted.
Hope er skilt, dottera er i opposisjon, banken vil seie opp lånet og korleis skal ho då greie å drive bakerite vidare?
Bestemor Rose har Alzheimer, men ein dag ho er klår, gjev ho Hope ei liste med sju namn og bed henne dra til Paris og finne ut kva som har skjedd med menneska bak namna.
Dette er hsitoria om korleis muslimar og jødar hjelpte kvarandre, under krigen. Det er også ei reise som endrar Hope som person. Kven er ho, kvar kjem ho frå?
Slutten er som venta, dei viktigaste personane finn kvarandre, trådar vert nøsta opp og dei fleste spørsmål får svar.
fredag 1. september 2017
Corina Bomann
Corina Bomann
tysk forfattar,
fødd i 1974
Sommerfugløya
MåneskinnshagenSjasminsøstrene
En eventyrlig julereise
Rein
leseglede. Her vert lesaren dregen med inn i fortid og notid. Historiene
føregår stort sett på to plan, ei notidshistorie og gjerne ei familiehistorie i
fortida som vert rulla opp. Ferda går til Sri Lanka (Sommerfugløya), til Sumatra (Måneskinnshagen)
og til Saigon i Vietnam (Sjasminsøstrene).
Forfattaren skildrar personane slik at ein vert glad i dei. Landskap og kultur
stig truverdig fram gjennom forteljinga.
En
eventyrlig julereise er litt annleis enn dei tre andre. Her føregår handlinga i notid. Det er ein odyssee av
ei julereise. Hovudpersonen skal heim til jul og møter stengde vegar, nedsnødde
landskap utan mobildekning, inneslutta ekspeditørar som ikkje kjenner ordet
service. Men også kloke lastebilsjåførar, festlege, gamle damer som har mist
bussen, hippiar på rundtur. Undervegs lærer ho mykje om menneska og kanskje
mest om seg sjølv.
Favoritten
min var nok Sommerfugløya. Denne øya som har fått kallenamnet sitt fordi ho i
forma likar på ein sommarfuglveng.
Det er i alle høve ei stund sidan eg vart så glad i bøkene til ein forfattar at eg måtte få tak i alle som var omsette til norsk og lese dei omtrent i ein jafs.
onsdag 30. august 2017
torsdag 3. august 2017
Hjartesukk
Familieselskap er ikkje det dei var
Ja, eg veit det. Eg er nærtakande og eg har vanskeleg for å ta mot råd, anten dei er gode eller ikkje. Men stundom må eg få lov til å sleppe ut litt damp.
Eg var på
Kråkenes hos eine bror min, der var også andre bror min på sommarferie. Vi
hadde ete middag og skulle til med desserten. Is og jordbær med fløyte og
vaniljesaus. Sidan eg ikkje skal ha slikt så stod eg over isen og forsynte meg
med jordbær. Så spurde Ståle om eg ville ha fløyte eller vaniljesaus. «Eg tek
vaniljesaus», sa eg. Då bykste andre broren frampå: «Ja, det er i alle fall
ikkje det beste å ete». Nei, takk, eg veit det, helst burde eg vel ikkje ete i
det heile. Men no er det no eingong slik at fløyte har eg aldri likt, eg vil
heller ha ein liten skvett vaniljesaus. Noko av det eg får beskjed om, av
dokter og helsepersonell elles, er at eg ikkje må verte fanatisk. Så var det
snakk om kor mykje mjølkesukker det er i vanleg mjølk. Eg trur eg skulle til å
fortelje at eg hadde gått over til kokosmjølk. Men før eg kom så langt fekk eg
beskjed om at det var ikkje viktig. Så kom det ei lang avhandling om kva som
var viktigast av laktose og fruktose og andre toser. Då let eg att øyra så eg
er ikkje heilt viss på kva som vart konklusjonen.
Ja, eg veit
at eg skal akte meg for å få sår på føtene. Ja, eg har fått
kosthaldsrettleiing. Eg veit kor mykje frukt eg kan ete. Eg veit at det er
viktig å halde blodtrykket i sjakk. No driv eg og skal sjekke kolesterolet.
Dessutan har eg vore hos augelækjar for å sjekke synet. Det siste var det ingen
som spurde om. Merkeleg.
Det er kjekt
at familie og vener er opptekne av at eg tek vare på helsa mi. Eg prøver å ta alle
kommentarar og spørsmål som omsorg og det gjer godt. Men stundom lurer eg på
korleis alle brått har vorte slike ekspertar på diagnosen min og om dei trur at
eg ikkje har peiling. Men dersom nokon vil at eg skal verte anorektikar, så er
det berre å halde fram med å kommentere kvar einaste tugge eg tek.
tirsdag 18. juli 2017
Sommar?
Sola har snudd, regnet varer ved. Det er nesten så eg vert vêrsjuk. Det renn elvar etter vegen og kvar kveld må eg setje skorne til turk. Det var nokre fine dagar for eit par veker sidan, slik at bøndene kom ut på jordet med traktoren og festivaldeltakarane fekk ørlite sol på kroppen. Men fara for å verte solbrent er lita.
fredag 14. juli 2017
Ikkje rart det stundom går rundt for ein stakkar. Her frå fjorårets tur til Bergen. Nett fått med meg ein flott Førdefestival. Fleire flotte konsertar (eit par som eg kan forbigå i det stille), dei fleste var i øvre sjiktet. Fem dagar kvart år kjem verda til Førde og spelar og syng så det er ei fryd. Etterpå vert det stille, det er godt, det, òg.
onsdag 24. mai 2017
Ein heilt uvanleg lesehest
Alan Bennett
En uvanlig leserPax forlag 2008
Ei lita perle
av ei bok på rundt 120 sider.
Stundom kan ein finne bokskattar ein ikkje visste om. Boka vart nesten ti år før eg fann henne.
Hundane til den
britiske majesteten gøyr på ein buss som viser seg å vere ein bokbuss. Sjåføren
kan fortelje at han har stopp her kvar onsdag.
Etter kvart
vert dronninga lidenskapeleg oppteken av litteratur, av bøker. Fleire av
forfattarane kjenner ho, kanskje har ho gjeve dei ein orden.
Ho vert meir
og meir glad i bøkene, ho kan finne på å stille folk spørsmål kva dei for tida
les. Kleskoden endrar seg, òg. Ho kan jamvel finne på å gå med same kjolen to
gonger i løpet av to veker. Heller ikkje er ho like punktleg som før. Alltid har
ho ei bok i veska og alle små og store pausar vert nytta til lesing. Dette til
irritasjon for hertugen og adjutantane. Viser dronninga kanskje teikn på
senilitet? Ho er jo ikkje til å kjenne att.
Ikkje berre
les ho, men ho noterer også tankar og inntrykk i ei lita notatbok som ho har
med seg. Dessutan vil ho gjerne diskutere det ho har lese og spør om dei har
lese namngjevne forfattarar og kva inntrykket dei fekk av boka. Då dei fleste i
staben ikkje har lese særleg mange av dei bøkene ho snakkar om, nikkar dei berre
og prøver å pense samtala over på dagens timeplan.
Nokre få
språklege blunderar finst. Men om det er forfattaren eller omsetjaren som har
ansvaret for desse skal vere usagt. M.a. har eg visse vanskar med å tru på at
ein åtti år gammal monark vil seie om desserten at: «Den er sinnsykt god.»
Etter kvart
som ho utviklar seg som lesar, kjem også
tanken på at ho sjølv kan skrive ei bok. Adjutantane meiner at ei bok om livet
hennar vil verte ein bestseljar, men det er ikkje ei slik bok majesteten har i
tankane.
Slutten er
litt overraskande og bør sparast til slutt. Ikkje fall for freistinga til å
kike.tirsdag 23. mai 2017
Potetdyrking
Då er
potetene i jorda og eg er ute og vatnar kvar kveld. Eg har lese meg til at det
er best å vatne om kvelden for då fordampar det minst.
Eg fekk fire
setjepoteter hos besteveninna for å setje ned i eitt bed. Eg
sa til eine bror min at eg skulle setje fire poteter. Han kunne fortelje at
han hadde laga til åtte rader som han skulle setje poteter i. Men så har no han
ein heil gard å boltre seg på.Når eg gjer noko så gjer eg det grundig. I alle høve somme ting. Eg henta inn ekspertråd frå ymse hald. Besteveninna fortalde at eg burde setje potetene rundt 20.mai. Andre sette dei i midten av april. Atter andre har enno ikkje fått dei i jorda. Eg fekk tuta øyra fulle med vatning og gjødsling/ikkje gjødsling, mykje jord/lite jord, avstand mellom kvar potet. Ikkje var dei samde, heller, dei eg spurde. Eg fann ein gyllen middelveg og ventar spent på avlinga. Går dette bra skal eg rydde hitt bedet til neste år. Kva eg skal ha der har eg ikkje avgjort enno.
onsdag 10. mai 2017
Å gjere ting ein ikkje torer
Gjer det du ikkje torer
Det gjer eg heile tida. Somme tider må eg røyne nye ting utan at eg
vil, men eg må. Heile livet er ein lærdomsveg. Det har hendt eg har sagt til
Han der oppe: «kva er det eg skal lære, no, då?»
Andre gonger hoppar eg i det. Eller, eg hoppar ikkje, nett, eg gjer som
eg brukar, når eg kjenner etter om vatnet er kaldt, eg stikk varsamt eine foten
uti. Men uti kjem eg, tå for tå.
I fleire år drøymde eg om å flytte til Oslo. Dette med å bu i ein stor
by, ha rikeleg med kulturelle tilbod, teater, opera, kinoar med dei nyaste
filmane, restaurantar med indisk, kinesisk og anna eksotisk mat. Ei veninne frå
Førde flytta til Oslo, i lag med kjærasten sin. Ho var positiv: «Dette går bra,
får du studielån, greier du det.» Dei fleste andre var meir skeptiske: «Men
torer du det, då?» var eitt av argumenta. «Vil du verkeleg det?» eit anna. Ja,
det var det, då. Då eg var sju måtte eg til Bergen, til augelækjar. Då gjekk eg
og leidde mor mi i eine neven og tanta mi i andre. Eg stolte på at tante Nelly
var van med trafikken og visste kvar vi var til ei kvar tid.
Men så «hoppa» eg i det og reiste til Oslo, trass i alle dei skeptiske
røystene, ikkje minst min eigen indre skeptikar. Eg var i Oslo i fem år og vart
ein kløppar til å finne fram. Eg spurde etter vegen, eg hoppa på buss og trikk
og båt. Eg reiste til Hovedøya og andre øyer. Eg angra ikkje ein time.
At ein som lever på studielån ikkje har råd til å gå på dei restaurantar
ein vil og ikkje kan nytte seg av alle kulturtilboda, sjå det er ei heilt anna
sak.
tirsdag 9. mai 2017
mandag 8. mai 2017
En kassadames betroelser
Anna Sam
En kassadames betroelser
Cappelen Damm 2010
Etter kvart vert ein kjent med dei ulike kundane. Hit må dei, alle, vaskekoner og advokatar, kleptomanar og telefonavhengige, sjenerte og brautande. Mat må alle ha. Her er dei sjenerte, som prøver å skjule pakken med dorullar underst i trillevogna. Her kjem dei som, raude i ansiktet og med blikket festa på skotuppane, kjøper sanitetsbind. Her kjem også dei som kjekt slenger to-tre pakkar med kondom, storleik XXL, på kassabandet og vonar på beundrande blikk frå dei rundt omkring.
Ei kassadame er stundom usynleg, sjølv om ho seier "hei" 250 gonger og "takk" 500 gonger for dagen. Den telefonavhengige er meir oppteken av å formidle intime detaljar om privatlivet enn å sjå kassadama i auga og helse. I instruksen til kassadama står det at ho skal smile til kunden, uansett om han skjeller henne ut eller om han bed henne med på kino.
Men berre ikkje prøv deg på å naske. Ho som sit i kassen kan alle triksa. Han som legg ein CD inn i camemberten, ekteparet som startar ein krangel som avleiingsmanøver. Ho har sett det før, alt saman. Du slepper ikkje unna.
Første gongen eg såg boka, på biblioteket, gjekk eg forbi. Å lese om ei som sit i kassa på super`n? Trur ikkje det, nei. Neste gongen tok eg opp boka og las baksideteksten. Eg bestemte meg for å gje boka ein sjanse. Eg humra og lo og las om julerushet, medlemskort, sjekketriks.
Det var nesten så eg vurderte å søkje jobb som ekstrahjelp i butikkassa i julestria.
En kassadames betroelser
Cappelen Damm 2010
Etter kvart vert ein kjent med dei ulike kundane. Hit må dei, alle, vaskekoner og advokatar, kleptomanar og telefonavhengige, sjenerte og brautande. Mat må alle ha. Her er dei sjenerte, som prøver å skjule pakken med dorullar underst i trillevogna. Her kjem dei som, raude i ansiktet og med blikket festa på skotuppane, kjøper sanitetsbind. Her kjem også dei som kjekt slenger to-tre pakkar med kondom, storleik XXL, på kassabandet og vonar på beundrande blikk frå dei rundt omkring.
Ei kassadame er stundom usynleg, sjølv om ho seier "hei" 250 gonger og "takk" 500 gonger for dagen. Den telefonavhengige er meir oppteken av å formidle intime detaljar om privatlivet enn å sjå kassadama i auga og helse. I instruksen til kassadama står det at ho skal smile til kunden, uansett om han skjeller henne ut eller om han bed henne med på kino.
Men berre ikkje prøv deg på å naske. Ho som sit i kassen kan alle triksa. Han som legg ein CD inn i camemberten, ekteparet som startar ein krangel som avleiingsmanøver. Ho har sett det før, alt saman. Du slepper ikkje unna.
Første gongen eg såg boka, på biblioteket, gjekk eg forbi. Å lese om ei som sit i kassa på super`n? Trur ikkje det, nei. Neste gongen tok eg opp boka og las baksideteksten. Eg bestemte meg for å gje boka ein sjanse. Eg humra og lo og las om julerushet, medlemskort, sjekketriks.
Det var nesten så eg vurderte å søkje jobb som ekstrahjelp i butikkassa i julestria.
onsdag 26. april 2017
Utslitne
Ingen skal skulde meg for å kaste vekk pengar på skokjøp. Men når eg skulle heim att, nyårskvelden, hadde svigerinne Liv gøymt skorne mine bak døra. Ho tykte dei såg så stygge ut. Det var eit tydeleg hint. Så på januarsalet kjøpte eg heile to par nye vintersko. No er det eine paret omtrent utslitne.
mandag 10. april 2017
Oppdatering
Eg hugsar ei
tid då livet var lettvint. På butikken kjøpte eg det eg hadde lyst på og det
som ikkje kosta så mykje førebuing. For meg skulle maten fylle tre funksjonar, det
skulle gå fort, det skulle smake godt og eg skulle verte mett. Det vart ein del
halvfabrikata, for ikkje å seie heilfabrikata, somme tider. Ofte gløymde eg å ete. Var eg
oppteken med noko som engasjerte, kunne eg verte svolten og så kome på at no
var det seks – sju timar sidan eg hadde ete. Det seier seg sjølv at når eg då
åt, så ÅT eg. Var eg på farten vart det gjerne ei pølse i kafeen og/eller ein
liten sjokolade for å stagge verste hungeren.
Det tek
lenger tid, no. Eg må passe blodsukkeret og eg må passe blodtrykket. Begge
deler er fint når eg berre tek medisinen min. Butikkhandelen tek si tid, kva er
tilsett i dette, er det sukker i denne, kor mykje salt er det i den der? Då
gjeld det å ha med seg lesebrillene, så eg ser kva som står på dei ulike
pakkane. Jau då, eg vert flinkare, etter kvart. Eg lagar meg fiskemiddagar, eg
et meir grønsaker. Det går rette vegen.
Og så har eg
funne verdas mest effektive slankekur. Berre å skaffe seg diagnosen D2 og måtte
leggje om kosthaldet. Eg har så langt gått ned ti kilo.
fredag 31. mars 2017
Evig student
Eg kjenner
meg som ein evig student. Det er vel det livet handlar om. Denne våren vart det
mykje nytt å lære. Først fekk eg ein tablett mot blodsukkeret, i tillegg til
dei eg tek for blodtrykket. Så måtte eg fylle på med kosttilskot. Eg hadde for
lite B12, må vite. Det fekk eg påfyll av, i form av sprøyter, for nokre
år sidan. No var det lite att og eg måtte ha påfyll. Denne gongen skulle eg få det
i form av tablettar. Så måtte eg ta D-vitamin. Frå før av tok eg Omega 3. No
ser morgonen min slik ut:
Eg målar
blodsukkeret, fastande. Gjerne blodtrykket, òg, dersom eg hugsar det. Så tek eg
fem sortar tablettar og tre sortar kosttilskot. Då må eg passe på å ete
samstundes, fordi blodsukkertabletten må takast i lag med mat. Så skal eg få
innpå kontaktlinsene og dersom eg skal lese litt medan eg et, må eg bruke
lesebriller utanpå linsene
Dei fleste må
til med lesebriller i femtiårsalderen. Sist eg var til linsekontroll spurde
optikaren kva styrke eg brukte på lesebrillene. «Det brukar eg ikkje», sa eg.
Oi, trur jammen ho vart imponert. Men no, etter fylte 60, måtte eg kjøpe
lesebriller, eg òg. Ja, ja, det er no ikkje så gale, så lenge eg hugsar å ta
dei med meg når eg skal utom døra. Så no har eg - 6 ½ på linsene, for å få betre
langsyn og + 2 ½ på brillene for å få betre nærsyn.
I starten,
med diabetes 2, skulle eg måle blodsukkeret ganske ofte. To timar etter kvart
måltid, m.a. Det var midt i øvinga på MusiCabalen og det vart litt plundrete.
Ikkje hadde eg lyst til å sitje på utstilling og måle medan skodisar og
kostymedesignar og kaffikokar og andre såg på. Det vart eit mas med å passe
klokka og eit drags å ta med seg målaren alle stader. No har eg ete, no må eg ta tabletten og om to timar må eg måle. Eg
prøvde å passe på at eg fekk målt før heile koret og alle skodisane kom
rennande. Stort sett gjekk det greitt. No måler eg stort sett kveld og morgon.
Eg prøver meg fram med maten og måler når eg er usikker på om eg har ete for
mykje, for lite, eller noko eg ikkje burde. Første gongen eg var hos dokteren og
fekk målt sukkeret i blodet var det på 20, fjorten dagar etter var det nede i
8, då skrytte ho.
Det går
overraskande greitt å klare seg utan snopet om laurdagane. Men veit du kva eg
saknar? Ikkje snopet, ikkje sukkeret, ikkje saltet, ikkje dei litt lettvinte
middagane. Nei, eg saknar dei lange, fredelege sundagsfrukostane.
Sundagsfrukosten inntok eg oftast i sofaen, med ein tallerken med tre
brødskiver med godt pålegg, gjerne ei med egg og majones, ei med reker og majones
og ei med skinke. Ein god kopp kaffi og god tid. Strikketøy og lesestoff innan
rekkevidde. No er det ei tunn brødskive som gjeld og er eg meir svolten etter
det, kan eg ta eit knekkebrød eller to. Så om sundagane no for tida lagar eg til
ei god brødskive og to knekkebrød. Så et eg knekkebrøda først og så nikosar eg meg med brødskiva, til slutt.
Berre så synd
at brødet vert mygla før eg får ete det opp. Før åt eg gjerne eit par brød i
veka, no slit eg med å ete opp eitt.
onsdag 22. mars 2017
Det vokser et tre i Brooklyn
Det vokser et tre i Brooklyn
Betty Smith
Francie og familien er fattige, men greier seg
fordi dei alle bidreg. Broren går med avisa, mora har fleire vaskejobbar. Ho vaskar tre leigegardar. Ho står opp kl 05, då kan
ho vaske i to timar, før Francie og broren går på skulen. Då passar dei
veslesøster Laurie. Mor Katie reknar og
reknar på korleis ho skal klare utgiftene. Ho er fast bestemt på at ungane skal
ha eksamen, dei skal ha vitnemål og kome eit steg vidare enn ho og mannen har
gjort. På skulen opplever Francie at lærarinna favoriserer dei blonde jentene
frå rike familiar. Dersom du er fattig er det fordi du er lat, seier lærarinna.
Francie får ikkje skrive skodespelet til avslutningsfesten fordi ho skriv om
korleis det er å vere svolten, korleis det er å ha lite både av mat og pengar. Så lenge ho skreiv poetiske og søte eventyr, fekk ho S på stilane sine.
Boka er på vel
500 sider. Her er skildring av kulturen, av folkelivet på starten av 1900 –
talet. Ei bok til å verte klok av. Francie og Neeley samlar skrot og sel til
skraphandlaren. Pengane legg dei på blikkbanken. Familien har laga ein bank i
kjellaren der dei legg til side alt dei kan. Når nokon vert sjuke må ein ta av
desse pengane.
Francie har
fleire jobbar, ho er grovt underbetalt, men det veit ho ikkje, fordi ho ikkje
snakkar om løna med dei ho jobbar i lag med.
tirsdag 14. mars 2017
Ikkje for lettskremde
Hestekuren
Først var det
kjeften som skapte bryderi. Operasjon for å få ut ein jakel, betennelse i ein
annan, med påfylgjande penicillin – kur og rotfylling, ising i ei gammal amalgamfylling.
Deretter
oppdaga dokteren at eg hadde diabetes 2. Blodprøver, rettleiing i korleis eg
skal måle blodsukkeret, nokre tablettar som var reine hestekuren for
mageinnhaldet, kosthaldsvegleiing, kva kan eg ete og kva bør/må/skal eg halde
meg langt unna. Sjokolade er bannlyst, stort sett. Og så nett no, som butikkane
fløymer over av påskesnop i alle slags variantar! Favorittbrødet må eg byte ut
og erstatte med eit grovare eitt. Druer er heller ikkje bra i for store
mengder. Ikkje alt som heiter zero i
butikken er zero.
I alle høve
greitt at eg framleis har haue til å lære noko nytt. Ein av dei som eg les for,
kvar måndag, er 103 år og er framleis klår som krystall i øvste etasje. Måtte
eg berre verte likeeins når eg kjem til skjells år og alder.
No har eg
kontaktlinser, reinsevæske, skyllemiddel, lesebriller i ulik styrkegrad,
blodtrykksmålar og tablettar, måleapparat for blodsukkeret og tablettar,
kosttilskot, salver og kremar for diverse bruk.
Tru om eg
skal opne apotek?
onsdag 1. mars 2017
Vinter, vår, haust, vinter osb
No tykkjer eg Vårherre må bestemme seg, snart. Eller kanskje det er vi sjølve som har skulda. Eine dagen vaknar eg midt i eit julekort. Om kvelden og natta regnar det. Dagen etter er det såpeglatt eller så er det slapsete og bekkesildring etter vegane. Her for ei stund sidan var det - 11 og snøkvitt landskap. Dagen etter regna det kattungar. No har det vore snø og stilt nokre dagar. Men så er det opp att i same søla. Nei, no gler eg meg til berre vegar. Dei som absolutt må ha snø under føtene og skiene, får heller dra til fjells. Langt opp til fjells
torsdag 5. januar 2017
Tannhelse
Abonner på:
Kommentarer (Atom)




