onsdag 13. desember 2017

Advent

Mi første advent som diabetikar. No hadde eg vel, strengt tatt, sjukdomen i fjor, òg. Men då visste eg ikkje om det. Då kosa eg meg når eg gjekk i butikkane, føre jul, mellom julemarsipanen og peparkakene og julehefta. Det er ei eiga stemning når det vert pynta til advent og jul, sjølv om eg tykkjer handelsstanden i alle høve bør vente til første adventshelga før dei fyller opp hyllene med juleglitteret.

Men i år er det nesten så eg kvir meg når eg må ut på handel. Så snart eg kjem innom døra til daglegvarehandelen strøymer det på meg så eg knapt kan anda. Sukkervarer i alle kulørar. Marsipangrisar i ulike storleikar, med og utan sjokoladeovertrekk. Julekonfekt, julesjokolade, julekarameller, dadlar, fiken med lakris, vørterbrød, julebrød. Mykje av det eg tidlegare kunne kjøpe og, ikkje minst, ete, det må eg no halde meg unna. Det er ikkje like lett, denne tida.

Freistingane er store og somme tider fell eg.
Laurdag var eg på butikken, då kjøpte eg med meg to vørterbrød. Eg sette meg for å sjå ein film, sundag, og kosa meg med eit par skiver vørterbrød med godt smør på. Det var så godt at eg måtte ut på kjøkkenet og lage til eit par-tre til. Det skrudde blodsukkeret opp, gitt. Men godt var det.

Alle desse juleavslutningane og førejulstreffa og julelunsjane eg går på, bedt eller ubedt, er hyggelege samkomer i adventstida. På bordet står oftast skåler og fat med julekaker og sjokolade. Mykje julegodt for kakemons.

Eg prøver å liggje lågt i terrenget og ikkje seie så mykje om denne diagnosen min. Det er mitt problem, og ikkje andre sitt, at eg må passe på kva eg puttar i kjeften. Andre må få ete, og servere, nett det dei vil. Det er eg sjølv som har ansvaret for at eg et det som er bra for meg. Men stundom er freistingane vanskelege å motstå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar