Gjer det du ikkje torer
Det gjer eg heile tida. Somme tider må eg røyne nye ting utan at eg
vil, men eg må. Heile livet er ein lærdomsveg. Det har hendt eg har sagt til
Han der oppe: «kva er det eg skal lære, no, då?»
Andre gonger hoppar eg i det. Eller, eg hoppar ikkje, nett, eg gjer som
eg brukar, når eg kjenner etter om vatnet er kaldt, eg stikk varsamt eine foten
uti. Men uti kjem eg, tå for tå.
I fleire år drøymde eg om å flytte til Oslo. Dette med å bu i ein stor
by, ha rikeleg med kulturelle tilbod, teater, opera, kinoar med dei nyaste
filmane, restaurantar med indisk, kinesisk og anna eksotisk mat. Ei veninne frå
Førde flytta til Oslo, i lag med kjærasten sin. Ho var positiv: «Dette går bra,
får du studielån, greier du det.» Dei fleste andre var meir skeptiske: «Men
torer du det, då?» var eitt av argumenta. «Vil du verkeleg det?» eit anna. Ja,
det var det, då. Då eg var sju måtte eg til Bergen, til augelækjar. Då gjekk eg
og leidde mor mi i eine neven og tanta mi i andre. Eg stolte på at tante Nelly
var van med trafikken og visste kvar vi var til ei kvar tid.
Men så «hoppa» eg i det og reiste til Oslo, trass i alle dei skeptiske
røystene, ikkje minst min eigen indre skeptikar. Eg var i Oslo i fem år og vart
ein kløppar til å finne fram. Eg spurde etter vegen, eg hoppa på buss og trikk
og båt. Eg reiste til Hovedøya og andre øyer. Eg angra ikkje ein time.
At ein som lever på studielån ikkje har råd til å gå på dei restaurantar
ein vil og ikkje kan nytte seg av alle kulturtilboda, sjå det er ei heilt anna
sak.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar