tirsdag 14. mars 2017

Ikkje for lettskremde

Hestekuren








Først var det kjeften som skapte bryderi. Operasjon for å få ut ein jakel, betennelse i ein annan, med påfylgjande penicillin – kur og rotfylling, ising i ei gammal amalgamfylling.
Deretter oppdaga dokteren at eg hadde diabetes 2. Blodprøver, rettleiing i korleis eg skal måle blodsukkeret, nokre tablettar som var reine hestekuren for mageinnhaldet, kosthaldsvegleiing, kva kan eg ete og kva bør/må/skal eg halde meg langt unna. Sjokolade er bannlyst, stort sett. Og så nett no, som butikkane fløymer over av påskesnop i alle slags variantar! Favorittbrødet må eg byte ut og erstatte med eit grovare eitt. Druer er heller ikkje bra i for store mengder. Ikkje alt som heiter zero i butikken er zero.
I alle høve greitt at eg framleis har haue til å lære noko nytt. Ein av dei som eg les for, kvar måndag, er 103 år og er framleis klår som krystall i øvste etasje. Måtte eg berre verte likeeins når eg kjem til skjells år og alder.

No har eg kontaktlinser, reinsevæske, skyllemiddel, lesebriller i ulik styrkegrad, blodtrykksmålar og tablettar, måleapparat for blodsukkeret og tablettar, kosttilskot, salver og kremar for diverse bruk.
Tru om eg skal opne apotek?

2 kommentarer:

  1. Hjelpe meg, deg !
    Visste ikkje at du har fått D2
    Men etter det eg ser og forstår på deg her takkar du dette og du!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ein lyt takle dei steinane som ligg i vegen. Det er verre for dei som må setje sprøyter, det slepp eg.

      Slett