mandag 10. april 2017

Oppdatering

Eg hugsar ei tid då livet var lettvint. På butikken kjøpte eg det eg hadde lyst på og det som ikkje kosta så mykje førebuing. For meg skulle maten fylle tre funksjonar, det skulle gå fort, det skulle smake godt og eg skulle verte mett. Det vart ein del halvfabrikata, for ikkje å seie heilfabrikata, somme tider. Ofte gløymde eg å ete. Var eg oppteken med noko som engasjerte, kunne eg verte svolten og så kome på at no var det seks – sju timar sidan eg hadde ete. Det seier seg sjølv at når eg då åt, så ÅT eg. Var eg på farten vart det gjerne ei pølse i kafeen og/eller ein liten sjokolade for å stagge verste hungeren.
Det tek lenger tid, no. Eg må passe blodsukkeret og eg må passe blodtrykket. Begge deler er fint når eg berre tek medisinen min. Butikkhandelen tek si tid, kva er tilsett i dette, er det sukker i denne, kor mykje salt er det i den der? Då gjeld det å ha med seg lesebrillene, så eg ser kva som står på dei ulike pakkane. Jau då, eg vert flinkare, etter kvart. Eg lagar meg fiskemiddagar, eg et meir grønsaker. Det går rette vegen.

Og så har eg funne verdas mest effektive slankekur. Berre å skaffe seg diagnosen D2 og måtte leggje om kosthaldet. Eg har så langt gått ned ti kilo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar