fredag 31. mars 2017

Evig student


Eg kjenner meg som ein evig student. Det er vel det livet handlar om. Denne våren vart det mykje nytt å lære. Først fekk eg ein tablett mot blodsukkeret, i tillegg til dei eg tek for blodtrykket. Så måtte eg fylle på med kosttilskot. Eg hadde for lite B12, må vite. Det fekk eg påfyll av, i form av sprøyter, for nokre år sidan. No var det lite att og eg måtte ha påfyll. Denne gongen skulle eg få det i form av tablettar. Så måtte eg ta D-vitamin. Frå før av tok eg Omega 3. No ser morgonen min slik ut:
Eg målar blodsukkeret, fastande. Gjerne blodtrykket, òg, dersom eg hugsar det. Så tek eg fem sortar tablettar og tre sortar kosttilskot. Då må eg passe på å ete samstundes, fordi blodsukkertabletten må takast i lag med mat. Så skal eg få innpå kontaktlinsene og dersom eg skal lese litt medan eg et, må eg bruke lesebriller utanpå linsene
 
Dei fleste må til med lesebriller i femtiårsalderen. Sist eg var til linsekontroll spurde optikaren kva styrke eg brukte på lesebrillene. «Det brukar eg ikkje», sa eg. Oi, trur jammen ho vart imponert. Men no, etter fylte 60, måtte eg kjøpe lesebriller, eg òg. Ja, ja, det er no ikkje så gale, så lenge eg hugsar å ta dei med meg når eg skal utom døra. Så no har eg - 6 ½ på linsene, for å få betre langsyn og + 2 ½ på brillene for å få betre nærsyn.
I starten, med diabetes 2, skulle eg måle blodsukkeret ganske ofte. To timar etter kvart måltid, m.a. Det var midt i øvinga på MusiCabalen og det vart litt plundrete. Ikkje hadde eg lyst til å sitje på utstilling og måle medan skodisar og kostymedesignar og kaffikokar og andre såg på. Det vart eit mas med å passe klokka og eit drags å ta med seg målaren alle stader. No har eg ete, no må eg ta tabletten og om to timar må eg måle. Eg prøvde å passe på at eg fekk målt før heile koret og alle skodisane kom rennande. Stort sett gjekk det greitt. No måler eg stort sett kveld og morgon. Eg prøver meg fram med maten og måler når eg er usikker på om eg har ete for mykje, for lite, eller noko eg ikkje burde. Første gongen eg var hos dokteren og fekk målt sukkeret i blodet var det på 20, fjorten dagar etter var det nede i 8, då skrytte ho.
 
Det går overraskande greitt å klare seg utan snopet om laurdagane. Men veit du kva eg saknar? Ikkje snopet, ikkje sukkeret, ikkje saltet, ikkje dei litt lettvinte middagane. Nei, eg saknar dei lange, fredelege sundagsfrukostane. Sundagsfrukosten inntok eg oftast i sofaen, med ein tallerken med tre brødskiver med godt pålegg, gjerne ei med egg og majones, ei med reker og majones og ei med skinke. Ein god kopp kaffi og god tid. Strikketøy og lesestoff innan rekkevidde. No er det ei tunn brødskive som gjeld og er eg meir svolten etter det, kan eg ta eit knekkebrød eller to. Så om sundagane no for tida lagar eg til ei god brødskive og to knekkebrød. Så et eg knekkebrøda først og så nikosar eg meg med brødskiva, til slutt.
Berre så synd at brødet vert mygla før eg får ete det opp. Før åt eg gjerne eit par brød i veka, no slit eg med å ete opp eitt.
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar