fredag 1. september 2017

Corina Bomann


Corina Bomann
tysk forfattar, fødd i 1974

Sommerfugløya
Måneskinnshagen
Sjasminsøstrene
En eventyrlig julereise


Rein leseglede. Her vert lesaren dregen med inn i fortid og notid. Historiene føregår stort sett på to plan, ei notidshistorie og gjerne ei familiehistorie i fortida som vert rulla opp. Ferda går til Sri Lanka (Sommerfugløya), til Sumatra (Måneskinnshagen) og til Saigon i Vietnam (Sjasminsøstrene). Forfattaren skildrar personane slik at ein vert glad i dei. Landskap og kultur stig truverdig fram gjennom forteljinga.

En eventyrlig julereise er litt annleis enn dei tre andre. Her føregår handlinga i notid. Det er ein odyssee av ei julereise. Hovudpersonen skal heim til jul og møter stengde vegar, nedsnødde landskap utan mobildekning, inneslutta ekspeditørar som ikkje kjenner ordet service. Men også kloke lastebilsjåførar, festlege, gamle damer som har mist bussen, hippiar på rundtur. Undervegs lærer ho mykje om menneska og kanskje mest om seg sjølv.

Favoritten min var nok Sommerfugløya. Denne øya som har fått kallenamnet sitt fordi ho i forma likar på ein sommarfuglveng.
Det er i alle høve ei stund sidan eg vart så glad i bøkene til ein forfattar at eg måtte få tak i alle som var omsette til norsk og lese dei omtrent i ein jafs.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar