onsdag 30. oktober 2024

Fotterapi

 

I går gjekk eg til Førde, skulle til fotterapeuten og så hadde eg tenkt å gjere eit par andre ærend når eg først var ute. Det rann elvar etter vegen, kjendest ut som eg prøvde å gå på vatnet, men plumpa gjennom heile tida. Då eg kom inn til Laila vrengde eg av meg skorne og hengde sokkane opp til tørk. Så var eg i himmelen ein times tid. Først sat eg eit par minutt i fotbadet. Så turka ho føtene med ein litt grov handduk. Deretter klypte, polerte, pussa og skrapte ho, før ho masserte føtene med ein god krem. Ingen ting gjer vondt, men den pussinga kitlar så grueleg. «No er det like før eg sparkar», sa eg. Ja, det hadde ho opplevd før, let ho om, så det var ho van med.

Dama er verd kvar ei krone. Men skorne måtte eg setje i turkaren, då eg kom heim att. Og sokkane? Dei la eg ute ved vaskemaskina.

fredag 25. oktober 2024

På handletur

 Det handlar ikkje alltid om å gå ei ekstra mil. Det hender det held med eit par steg. I går var eg innom Bokuben i Førde. Eg skulle kjøpe ein Big Shot. Det er eitt verkty som er svært hendig i scrappe-arbeidet. Tidlegare har eg brukt å låne, når vi har vore på treff. No når julesesongen er i kjømda, fann eg ut at det måtte vere greitt å ha ein, sjølv. Julekort-skapinga vert straks lettare når ein har ein sjølv ståande på bordet.

Eg spurde Rolf, på butikken, kvar dei hadde Big Shot-ane ståande. Eg ville gjerne kjenne på øskja, kor tung ho var, då eg skulle gå ein del av heimvegen. Jau, Rolf følgde meg bort til rette hylla og tok ut ei øskje. Øskja var tung og ikkje minst stor. Denne går ikkje opp i sekken. Nei, han var samd i det, øskja var for stor. Han føreslo at vi kunne pakke opp reiskapen og ta vekk all pappen rundt. Ja, gidd du det, spurde eg. Klart han gjorde det, fekk eg beskjed om. Han opna øskja, fjerna tapen og all pappen og heile øskja. Då fekk Big Shot-en fint plass i sekken min.

Eg var innom Telenor-butikken. Eg ville få justert datamengda som var lagt inn på telefonen og så spurde eg Bård om han kunne hjelpe meg med å installere vipps og lære meg å bruke han. Ja då, det kunne han vise meg. Då vi kom så langt sa eg til han at dette måtte han ta sakte og forsiktig, for det var ikkje sikkert eg skjønte det med ein gong. Ja, han tok det sakte, og peikte og forklarte kva eg skulle gjere. Eg takka han for at han var så tolmodig, og sa at han hadde vel hatt kjappare kundar. Åh, han hadde då hatt treigare kundar, òg, let han om.

Kjekt med butikk-tilsette som gjerne går nokre steg ekstra for at kunden skal verte nøgd. Får eg god service på ein butikk kjem eg gjerne att. Diverre har eg opplevd det motsette, òg. Men dei hoppar eg lett bukk over.



lørdag 19. oktober 2024

Gardin

 Eg hadde ein gong to raude gardinfag. Her i veka vaska eg rundt litt på kjøkkenet, tok ned gardina eg hadde der. Heiv dei i maskina. Så skulle eg henge opp dei raude. Men eg må visst ha hivd det som var mest slite og falma i fargen. Det var i alle høve ikkje å finne på nokon av dei stadane eg leita. Så eg hengde opp det eg hadde, og innstilte leitinga vidare. Trur eg får klyppe det eg har i to og lage to stk av det. Veninna med symaskin kjem nok til å få vitjing før jul.

fredag 11. oktober 2024

Nøtteroser

 No vert det mykje matprat her. Men eg har omsider vorte glad i å kokkelere litevetta.Mamma vil vore stolt. Eg har lenge hatt oppskrifta hengande på døra til kjøleskåpet. Eigentleg skal eg ikkje ete så mykje av slikt bakverk, men det er "greitt å ha i frysen".  Eg halverte mengda med melis og reduserte på sjokoladen. Likevel vart dei fullt søte nok, etter min smak. Rosene skulle duppast i smelta sjokolade og frysast raskt.

Eg gløymde i farten å ta bilete av dei, så det får eg få gjort, når dei vel er frosne. Då skal eg ta dei opp og pakke dei betre før eg frys dei, att. Det verste med å lage mat er at eg har snart ikkje plass i frysen. Det stod at det skulle verte ca 18 roser, eg fekk 31. Må ha laga dei mindre enn det som er vanleg.

fredag 4. oktober 2024

Kjøkkenskrivaren

 

Min stoltaste augneblink som kjøkkenskrivar

Då mor vart sjuk bytte vi ungane på å reise heim, ringe henne og elles det som trengdest. Han som budde i bygda tok det meste av det daglege, dei var ute og laga middag og åt, i lag med henne, ein gong i veka. Dei stakk gjerne innom henne og såg til at det gjekk bra med henne. Han som budde lengst vekke, på austlandet, hadde eitt fast tidspunkt som han ringde på. Då passa ho alltid på at telefonen var fullt opplada. Det måtte ikkje bryte, i dag. Vi to som heldt til i næraste tettstaden, bytte på å reise til henne, vi hadde kvar vår helg. Det gjekk seg til, etter kvart som vi vart vane med det, sjølv om vi aldri skreiv ned nokon plan.

Ein sundag hadde bror min og kona vore hos henne. Svigerdottera hadde laga til sommarkotelettar og dei var visst gode. Ho er kjent for å lage god mat. Mor tykte det var lettare å få i seg mat når ho sat i lag med nokon, ho hadde aldri vore van med å ete åleine.

Helga etter var eg heime. Då hadde mor sommarkotelettar i frysaren. Desse hadde ho lyst på, sundagen. Ja, vi tok opp kotelettane, etter frukosten, og la dei til tining.

Då vi skulle lage middag, sat ho ved kjøkkenbordet og såg på at eg laga til kotelettane. Eg gjorde så godt eg kunne og ho kom med eitt par gode råd, undervegs.

Då vi sat og åt, litt seinare, sa mor: Dette var godt, dei var like gode som Liv sine. Då var eg stolt, då.