fredag 9. juli 2021

Det tynnest i rekkene

 

Det er kjekt å treffe slekta. Berre så dumt at nokon må døy før det skjer.

No for tida er det helst i gravferder ein møtest. Generasjonen før oss er skrella vekk og dei eldste søskenbarna tek til å verte godt vaksne.

I går var vi i gravferd til eldste søskenbarnet på pappa si side. Ho vart 80 år, ein respektabel alder. Men når sjukdomen tek tak er det lite ein kan stille opp med. Same sjukdomen tok livet av mannen hennar for fleire år sidan. Jentene var med henne heile tida under sjukeleiet, ho skulle sleppe å vere åleine. I går måtte dei fylgje mor si til siste kvilestaden.

Restriksjonar til tross, det vart ei fin stund i kyrkja, mange gode samtaler rundt bordet, etterpå. Men det var ei som mangla.

Kvil i fred, Oddveig

søndag 18. april 2021

Nostalgisk visitt til Mummidalen

 

Mummidalen

Tove Jansson

Om vinteren søv dei i fire månader. Når dei er vakne er det alltid vår, sommar eller haust. Ofte skjer det saker og ting. Men dei har berre ein skurk i Mummidalen og Stinky får alltid skulda når nokon gjer noko gale. Som oftast har dei rett i mistankane og Stinky får som regel si straff.

Det er leik og moro heile sommaren. Stundom hamnar dei i farlege situasjonar, men hjelpa er alltid nær. Vesle My vert teken av ei vindkule då ho prøver å fly med paraplyen. Ho landar i armane på Hemulen som driv og reparerer taket. Det fører til at dei ramlar gjennom taket og det vert endå meir øydelagt. Mummi, Sniff, Snorkfrøken og Vesle My bestemmer seg for å gjere det godt att. Dei skal reparere taket og i same slengen finn dei også på å måle heile huset innvendig. Det vert blomar oppetter alle veggane og golvet på soverommet vert rosa. Fargane og mønstera skrik om kapp så Hemulen tek til å vandre ute om nettene og sovnar under eitt tre. Men etter kvart oppdagar han faktisk ei ny plante som berre blømer om natta, så han tek til å trivast med sitt nymåla hus.

Snusmumrikken vandrar sørover når den første snøen kjem, Mummifamilien går i hi og den første vårdagen vaknar Mummitrollet av munnspelet til Mumrik, då sit han på brua og spelar ein ny vårmelodi.

Her er ingen elektrisitet, ingen biltrafikk, ingen skule. Mummipappa skriv på erindringane sine og Mummimamma er alltid i sving med matlaging og golvvask og klesvask og vindaugsvask og sylting og safting og hagearbeid. Likevel er ho alltid klar til å lage ei solid niste når Mummi har tenkt seg ut på eitt eller anna eventyr.

I Mummihuset er alle velkomne. Tufsla og Vifsla får bu der når dei flyktar frå Hufsa, Vesle My er fast inventar når storesøster Mymlen treng ein pause frå henne. Ein veit aldri kven ein kan finne sovande i Mummihuset. Ninni vert usynleg fordi ei streng tante har skremt henne. Tootiki tek henne med seg til Mummihuset og Mummimamma prøver bestemor sin kur. Oppskriftene til bestemor slær aldri feil. Følgjer ein dei til punkt og prikke går det alltid bra. Slik også no, vesle Ninni tek til å synast att.

Når familien tek til å verte matleie, tek Mummimamma med seg bestemor si oppskriftsbok og dreg til ein dal som bestemor skriv om. Der skal ho hente ein heilt særskilt ingrediens som skal gje familien att matlysta.

Karakteristikkar

My er den tøffe, uredde, ho hiv seg ut i alle slags situasjonar. Ofte må ho reddast av dei andre, men like frydefull kastar ho seg ut i neste eventyr

Sniff er den varsame, redd for det meste. Ikkje kan han symje, hans største mareritt er at kjøleskåpet skal verte tomt. Han er alltid svolten og alltid på plass når Mummimamma inviterer til bords.

Mummi er alltid melankolsk om hausten, då er det ikkje lenge til Mumrik dreg frå dalen. Sjølv om han søv heile tida medan Mumrik er borte, vil han likevel sakne han, seier han.

Mumrik er den einsame vandraren, han treng tid åleine. Han seier nei til å ta Mummi med på reisa sørover og han seier neitakk til å dra sørover i flyet til Snorken. Ei reise skal vere langsam og ein skal gå, det tek lengst tid. Dessutan må han vere åleine, etter å ha vore i lag med gjengen i Mummidalen heile resten av året. Men når reisa og vinteren er til endes, tek han til å lengte etter dalen og venene, att. Så når Mummi vaknar, første vårdagen, er det til lyden av munnspelet til Mumrik.

Mummipappa er forteljaren, han skriv og han fortel og han ordnar opp i det som ein mann og far skal ordne opp i.

Mummimamma er den trygge, som alltid er der, som alltid veit råd. Veit ho ikkje råd, har ho oppskriftsboka til bestemor. Der står alt som trengst, oppskrifter, kva ein skal gjere når familien vert matleie, korleis ein kan gjere folk synlege, att, og korleis kurere alle slags sjukdomar.

Snorkfrøken er den litt forfengelege, ho likar å pynte seg og ho er glad i smykke og fine ting. Medan Sniff vil ha juvelar for å samle dei og verte rik, vil Snorkfrøken ha dei for å pynte seg med dei. Ho brukar ein fotring av gull og ho er mektig stolt av panneluggen sin.

Bøker har plass i Mummidalen og livet, men ein høyrer ikkje at dei går på skule eller har noko bibliotek. Mummipappa har mange bøker på arbeidsrommet, bøker som alle betyr noko for han.

Bøker har likevel ein naturleg plass. Mummitrollet les kjærleiksromanar i ein episode og i ein annan er det Snorkfrøken som har forlese seg på historier om prinsesser. Då ho fell og slær hovudet vaknar ho og trur at ho sjølv er ei prinsesse. Oppdagar dei ein ny sopp eller ei ny plante blar dei gjennom oppslagsbøker for å finne ut av det. Men læring og utdanning har liten plass i dalen. Mummipappa sit heile dagen og skriv på erindringane sine. Om kvelden fortel han historiene sine for dei andre. Men dette minner meir om forteljingar rundt leirbålet om kvelden enn om noko som faktisk skal verte ei bok. Men han har tydeleg glede av å skrive dei og gjenoppleve dei når han fortel dei. Resten av husstanden høyrer gjerne på når han fortel om sin viltre ungdom. Då har vel forteljingane og Mummipappa oppnådd det viktigaste, at dei underheld og at dei ikkje vert gløymde.

Ei lett blanding av alle slags skapningar. Hemular, hattifnattar, rare skapningar ein aldri har møtt før. Nokre kan ein kjenne seg att i, lære mykje av. Andre er berre til rein underhaldning. Eitt fantastisk Tove Jansson-univers.

 

fredag 19. mars 2021

Handledilla

 

 

Julegåver i mars?

Eg går omtrent i spinn når bokhandelen har 40% på ditten og Mammut-sal på datten. No har eg allereie kjøpt ei quiz-bok på Mammut og eitt IQ-pussel til 40%.

Så eg kjøper julegåver og bursdagsgåver i februar og mars. At dei er til halv pris er inga ulempe.

Deretter går eg heim og arbeider vidare på ei og anna gåve som eg ikkje vart ferdig med i fjor. Det hender nemleg òg, at eg trur eg er kjappare enn eg faktisk er. Eg startar på julegåver og så vert eg ikkje ferdig.

Men det er heilt greitt, dei som får dei veit ikkje kor lang tid eg har brukt. Og det eg lagar er ikkje ferskvare, som må etast same dagen.

søndag 14. februar 2021

Om å vere forelska

 

Jeg drømte at du drømte om meg

Fanny Vaager

Aschehoug 2020

 

Om å vere ung og kanskje forelska. Victor er ein gut i klassen, heilt til han ein dag ikkje er berre ein gut i klassen.

Alle jentene i klassen er idiotar, det er berre ei av dei det går an å snakke med. Mora skjønar ikkje alltid kva Ada meiner, søstera er brått berre oppteken av ting Ada ikkje heilt skjønar. Farmor er ei litt skummel dame som seier det ho meiner og som likar å sole seg topplaus. Ei dame utan filter, som mor til Ada seier.

Etter kvart viser farmor seg å vere ei som er flink til å lytte og som lærer Ada at det er lov å stille vanskelege spørsmål, å leite etter meininga med det som skjer. 

Forfattaren tek aldersgruppa på kornet. Dette med å tykkje at dei andre jentene er teite, så vert ein brått ei av dei teite sjølv. Så skjønar ein ikkje heilt alle desse kjenslene som dukkar opp. Er det slik det er å ha kjærast, korleis skal ein eigentleg oppføre seg?

Er ein nøydd til å vere med på alt som Rebekka finn på? Ein dag seier ho at alle kjærastepara i klassen skal møtast ovanfor skulen, i storefri. Så skal dei ha kyssekonkurranse. Dei som kysser lengst er mest forelska. Ada synes det er teit, men Victor stiller opp utan å spørje om vitsen med det heile.

Korleis er det eigentleg kjærastar skal oppføre seg? Ada keiar seg når Victor spelar fotball på nettet. Ho prøver å sjå ut som ho likar det.

Ada likar å spele fotball og ho vert ganske god. Men då Victor gjev øyredobbar i bursdagsgåve til Rebekka vert ho sur. Victor skjønar ikkje kvifor, men prøver å gjere det godt att. Han gjev Ada fotballen sin. I mangel av ord hiv ho fotballen i ansiktet hans, så han tek til å blø naseblod.

Ei fin bok om å verte eldre, å verte større i år enn i fjor.

fredag 15. januar 2021

Kjæreste Emmie

Bokmelding

Lia Louis

Kjæreste Emmie

Bastion 2019


Kva gjer du

Når du har eit anstrengt forhold til mor di og du ikkje veit kven far din er

Når du må flytte frå leilegheita du delte med eksen og inn på ein hybel hos ei som du tydeleg kjenner mislikar deg sterkt

Når du mislikar arbeidet, men det gjev trass alt pengar i kassa, sjølv om det er lågløna

Når du elskar bestevenen din

Når bestevenen bed deg ut fordi han må spørje deg om noko viktig og du trur han kjem til å fri til deg

Når du har øvd på fleire måtar å seie «ja» på og han i staden spør om du vil vere forlovar når han skal gifte seg med Marie

Kva gjer du då?

Du kan

Skulde på migreneanfall før du i all hast spring på toalettet og spyr opp att all den gode føda du nett har fortært.

Kjøpe bok om å vere den beste forlovaren nokosinne og bestemme deg for at det er nett det du skal vere

Til slutt kan du

Opne auga og sjå at lukka står rett framfor deg og det har ho alltid gjort. Du må berre sjå rette vegen.



tirsdag 12. januar 2021

Kohts bok

 

Joachim Førsund

Kohts bok

Gyldendal 2020


Cathrine Krøger, Dagbladet, seier ho sit igjen med «dyp sympati og oppriktig kjærlighet» til mennesket Christine Koht. Ho gjev boka terningkast seks.

Eg sit att med kjensla av at eg har vorte kjent med to flotte menneske. Eg har fått vite mykje om Koht, som eg visste lite om, anna enn det som har kome fram i media. Ho står oppreist gjennom sjukdom og mediaoppstyr, eit menneske å få sympati for.

Men min djupaste sympati går til den andre «hovudpersonen» i boka, kona Pernille. Hennar kjærleik til Christine må vere av det slaget som toler det meste.

På Alfa Behandlingssenter i Andebu var Christine på rehab. Dei pårørande var der, dei hadde fått i oppgåve å skrive ned det fælaste dei hadde opplevd med dei rusavhengige. Dei skulle vere ærlege og det dei skreiv skulle presenterast i plenum. Framfor dei rusavhengige og familiane.

Pernille får setje ord på det ho føler, no er det ho som snakkar, ikkje Christine. Pernille, som har svikta alle andre, for å beskytte den bipolare Christine. Pernille som har sløkt brannar Christine har tent medan ho har vore manisk. Pernille som skrik: «Du tok hjertet mitt og tørka deg i ræva med det!»

Siste dagen på rehab, skal Christine spørje Pernille:

«Vil du ha meg med, videre, i livet ditt?»

Pernille som smiler og nikkar og legg armane rundt Christine og kviskrar i øyret hennar: «Ja».

 

Ei bok om skilnaden på å vere lesbisk og å vere bifil. Ei bok om korleis det er å vere bipolar. Når ein er manisk er alt mogleg, alle fargane i regnbogen er der. Når ein vert rett medisinert og får «normale» dagar att, kjennest alt grått.

Men først og fremst ei bok om Christine og Pernille.

Ei bok til å verte klok av.


lørdag 2. januar 2021

Godt år

 Eg skal ikkje seie så mykje om året vi nett har lagt bak oss. Det er det så mange andre som har gjort, betre enn eg kan. Eg har ei kjensle av at det meste er sagt, dei fleste orda er brukte opp. 

Men eg vil ynskje alle som les desse orda mine (og forresten andre òg) eit godt år i 2021. Eitt år der vi kan ta med oss lærdomen frå året som har gått, men med mindre virus og mindre angst.

Som Spike Jones song då han ikkje fekk til å seie "Merry Christmas"

Happy new year