Joachim Førsund
Kohts bok
Gyldendal 2020
Cathrine Krøger, Dagbladet, seier ho sit igjen med «dyp
sympati og oppriktig kjærlighet» til mennesket Christine Koht. Ho gjev boka
terningkast seks.
Eg sit att med
kjensla av at eg har vorte kjent med to flotte menneske. Eg har fått vite mykje
om Koht, som eg visste lite om, anna enn det som har kome fram i media. Ho står
oppreist gjennom sjukdom og mediaoppstyr, eit menneske å få sympati for.
Men min djupaste sympati går til den andre «hovudpersonen» i boka, kona Pernille. Hennar kjærleik til Christine må vere av det slaget som toler det meste.
På Alfa
Behandlingssenter i Andebu var Christine på rehab. Dei pårørande var der, dei hadde fått i oppgåve å skrive ned det fælaste dei hadde opplevd med dei rusavhengige.
Dei skulle vere ærlege og det dei skreiv skulle presenterast i plenum. Framfor
dei rusavhengige og familiane.
Pernille får
setje ord på det ho føler, no er det ho som snakkar, ikkje Christine. Pernille,
som har svikta alle andre, for å beskytte den bipolare Christine. Pernille som
har sløkt brannar Christine har tent medan ho har vore manisk. Pernille
som skrik: «Du tok hjertet mitt og tørka deg i ræva med det!»
Siste dagen på rehab, skal Christine spørje
Pernille:
«Vil du ha meg med, videre, i livet ditt?»
Pernille som
smiler og nikkar og legg armane rundt Christine og kviskrar i øyret hennar: «Ja».
Ei bok om
skilnaden på å vere lesbisk og å vere bifil. Ei bok om korleis det er å vere
bipolar. Når ein er manisk er alt mogleg, alle fargane i regnbogen er der. Når
ein vert rett medisinert og får «normale» dagar att, kjennest alt grått.
Men først og
fremst ei bok om Christine og Pernille.
Ei bok til å
verte klok av.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar