Jeg drømte at du drømte om meg
Fanny Vaager
Aschehoug 2020
Om å vere ung
og kanskje forelska. Victor er ein gut i klassen, heilt til han ein dag ikkje
er berre ein gut i klassen.
Alle jentene i
klassen er idiotar, det er berre ei av dei det går an å snakke med. Mora
skjønar ikkje alltid kva Ada meiner, søstera er brått berre oppteken av ting
Ada ikkje heilt skjønar. Farmor er ei litt skummel dame som seier det ho meiner
og som likar å sole seg topplaus. Ei dame utan filter, som mor til Ada seier.
Etter kvart viser farmor seg å vere ei som er flink til å lytte og som lærer Ada at det er lov å stille vanskelege spørsmål, å leite etter meininga med det som skjer.
Forfattaren tek
aldersgruppa på kornet. Dette med å tykkje at dei andre jentene er teite, så
vert ein brått ei av dei teite sjølv. Så skjønar ein ikkje heilt alle desse
kjenslene som dukkar opp. Er det slik det er å ha kjærast, korleis skal ein
eigentleg oppføre seg?
Er ein nøydd
til å vere med på alt som Rebekka finn på? Ein dag seier ho at alle
kjærastepara i klassen skal møtast ovanfor skulen, i storefri. Så skal dei ha
kyssekonkurranse. Dei som kysser lengst er mest forelska. Ada synes det er
teit, men Victor stiller opp utan å spørje om vitsen med det heile.
Korleis er det
eigentleg kjærastar skal oppføre seg? Ada keiar seg når Victor spelar fotball
på nettet. Ho prøver å sjå ut som ho likar det.
Ada likar å
spele fotball og ho vert ganske god. Men då Victor gjev øyredobbar i
bursdagsgåve til Rebekka vert ho sur. Victor skjønar ikkje kvifor, men prøver å
gjere det godt att. Han gjev Ada fotballen sin. I mangel av ord hiv ho
fotballen i ansiktet hans, så han tek til å blø naseblod.
Ei fin bok om å
verte eldre, å verte større i år enn i fjor.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar