Det er kjekt å
treffe slekta. Berre så dumt at nokon må døy før det skjer.
No for tida er det helst i gravferder ein møtest. Generasjonen før oss er skrella vekk og dei eldste søskenbarna tek til å verte godt vaksne.
I går var vi i gravferd til
eldste søskenbarnet på pappa si side. Ho vart 80 år, ein respektabel alder. Men
når sjukdomen tek tak er det lite ein kan stille opp med. Same sjukdomen tok
livet av mannen hennar for fleire år sidan. Jentene var med henne heile tida
under sjukeleiet, ho skulle sleppe å vere åleine. I går måtte dei fylgje mor si til siste kvilestaden.
Restriksjonar
til tross, det vart ei fin stund i kyrkja, mange gode samtaler rundt bordet,
etterpå. Men det var ei som mangla.
Kvil i fred, Oddveig
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar