Mummidalen
Tove Jansson
Om vinteren søv
dei i fire månader. Når dei er vakne er det alltid vår, sommar eller haust.
Ofte skjer det saker og ting. Men dei har berre ein skurk i Mummidalen og
Stinky får alltid skulda når nokon gjer noko gale. Som oftast har dei rett i
mistankane og Stinky får som regel si straff.
Det er leik og
moro heile sommaren. Stundom hamnar dei i farlege situasjonar, men hjelpa er
alltid nær. Vesle My vert teken av ei vindkule då ho prøver å fly med
paraplyen. Ho landar i armane på Hemulen som driv og reparerer taket. Det fører
til at dei ramlar gjennom taket og det vert endå meir øydelagt. Mummi, Sniff,
Snorkfrøken og Vesle My bestemmer seg for å gjere det godt att. Dei skal
reparere taket og i same slengen finn dei også på å måle heile huset innvendig.
Det vert blomar oppetter alle veggane og golvet på soverommet vert rosa.
Fargane og mønstera skrik om kapp så Hemulen tek til å vandre ute om nettene og
sovnar under eitt tre. Men etter kvart oppdagar han faktisk ei ny plante som
berre blømer om natta, så han tek til å trivast med sitt nymåla hus.
Snusmumrikken
vandrar sørover når den første snøen kjem, Mummifamilien går i hi og den første
vårdagen vaknar Mummitrollet av munnspelet til Mumrik, då sit han på brua og
spelar ein ny vårmelodi.
Her er ingen elektrisitet, ingen biltrafikk, ingen
skule. Mummipappa skriv på erindringane sine og Mummimamma er alltid i sving
med matlaging og golvvask og klesvask og vindaugsvask og sylting og safting og hagearbeid.
Likevel er ho alltid klar til å lage ei solid niste når Mummi har tenkt seg ut
på eitt eller anna eventyr.
I Mummihuset er
alle velkomne. Tufsla og Vifsla får bu der når dei flyktar frå Hufsa, Vesle My
er fast inventar når storesøster Mymlen treng ein pause frå henne. Ein veit
aldri kven ein kan finne sovande i Mummihuset. Ninni vert usynleg fordi ei
streng tante har skremt henne. Tootiki tek henne med seg til Mummihuset og
Mummimamma prøver bestemor sin kur. Oppskriftene til bestemor slær aldri feil.
Følgjer ein dei til punkt og prikke går det alltid bra. Slik også no, vesle
Ninni tek til å synast att.
Når familien
tek til å verte matleie, tek Mummimamma med seg bestemor si oppskriftsbok og
dreg til ein dal som bestemor skriv om. Der skal ho hente ein heilt særskilt
ingrediens som skal gje familien att matlysta.
Karakteristikkar
My er den
tøffe, uredde, ho hiv seg ut i alle slags situasjonar. Ofte må ho reddast av
dei andre, men like frydefull kastar ho seg ut i neste eventyr
Sniff er den
varsame, redd for det meste. Ikkje kan han symje, hans største mareritt er at kjøleskåpet
skal verte tomt. Han er alltid svolten og alltid på plass når Mummimamma
inviterer til bords.
Mummi er alltid melankolsk om hausten, då er det ikkje lenge til Mumrik dreg frå dalen. Sjølv om han søv heile tida medan Mumrik er borte, vil han likevel sakne han, seier han.
Mumrik er den
einsame vandraren, han treng tid åleine. Han seier nei til å ta Mummi med på
reisa sørover og han seier neitakk til å dra sørover i flyet til Snorken. Ei
reise skal vere langsam og ein skal gå, det tek lengst tid. Dessutan må han
vere åleine, etter å ha vore i lag med gjengen i Mummidalen heile resten av
året. Men når reisa og vinteren er til endes, tek han til å lengte etter dalen
og venene, att. Så når Mummi vaknar, første vårdagen, er det til lyden av
munnspelet til Mumrik.
Mummipappa er
forteljaren, han skriv og han fortel og han ordnar opp i det som ein mann og
far skal ordne opp i.
Mummimamma er
den trygge, som alltid er der, som alltid veit råd. Veit ho ikkje råd, har ho
oppskriftsboka til bestemor. Der står alt som trengst, oppskrifter, kva ein
skal gjere når familien vert matleie, korleis ein kan gjere folk synlege, att,
og korleis kurere alle slags sjukdomar.
Snorkfrøken er den litt forfengelege, ho likar å pynte seg og ho er glad i smykke og fine ting. Medan Sniff vil ha juvelar for å samle dei og verte rik, vil Snorkfrøken ha dei for å pynte seg med dei. Ho brukar ein fotring av gull og ho er mektig stolt av panneluggen sin.
Bøker har plass
i Mummidalen og livet, men ein høyrer ikkje at dei går på skule eller har noko
bibliotek. Mummipappa har mange bøker på arbeidsrommet, bøker som alle betyr
noko for han.
Bøker har likevel ein naturleg plass. Mummitrollet les kjærleiksromanar i ein episode og i ein annan er det Snorkfrøken som har forlese seg på historier om prinsesser. Då ho fell og slær hovudet vaknar ho og trur at ho sjølv er ei prinsesse. Oppdagar dei ein ny sopp eller ei ny plante blar dei gjennom oppslagsbøker for å finne ut av det. Men læring og utdanning har liten plass i dalen. Mummipappa sit heile dagen og skriv på erindringane sine. Om kvelden fortel han historiene sine for dei andre. Men dette minner meir om forteljingar rundt leirbålet om kvelden enn om noko som faktisk skal verte ei bok. Men han har tydeleg glede av å skrive dei og gjenoppleve dei når han fortel dei. Resten av husstanden høyrer gjerne på når han fortel om sin viltre ungdom. Då har vel forteljingane og Mummipappa oppnådd det viktigaste, at dei underheld og at dei ikkje vert gløymde.
Ei lett
blanding av alle slags skapningar. Hemular, hattifnattar, rare skapningar ein
aldri har møtt før. Nokre kan ein kjenne seg att i, lære mykje av. Andre er
berre til rein underhaldning. Eitt fantastisk Tove Jansson-univers.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar