lørdag 3. november 2012

Rønnaug Kleiva: Ingern reell fare

Mann møter kvinne, dei vert kjærastar. Problemet er at han er gift, har kone, barn og hund, bur på ein annan kant av landet. Dessutan har han det rimeleg greitt i ekteskapet, dei har ei felles historie, kona lagar god julemiddag, ungane kjem heim, det er mange problem knytte til å skulle flytte ut. Den nye kvinna pressar han ikkje til å velje, ho er nøgd med å vente til han veit kva han vil. Kort sagt: ein draumesituasjon for ein mann som vil ha i pose og sekk.
Boka kom ut i 2003 og er såleis ikkje ny.
Ho held fram ein situasjon, kjem ikkje med løysinga, slutten er open, mangt kan skje. Rønnaug skriv godt, språket er knapt og skrella for det overflødige. Det er rom for lesaren til å skape eigne bilete, dikte med. Ingen namn er nemnde, to er nemnde med initialar. Ingen stader er nemnde med namn, unnateke Oslo. Då boka kom ut, ville ei kvinne stoppe henne, ho meinte seg uthengd og lett å kjenne att. Boka vart ikkje stoppa, og som det stod i ei melding: hovudstaden er stor, det bur mange elskarinner i han, og det er uråd å kjenne att nokon ut frå denne boka. Kanskje gjorde kvinna forfattaren ei teneste, merksemda rundt boka bidrog vel helst til å skaffe historia fleire lesarar.

mandag 17. september 2012

Småsjuk

Interessant å vere pittelitt sjuk. Sopass at eg må halde meg heime, nokre dagar, men ikkje så mykje at eg er sengeliggande heile tida. Berre såpass at eg snufsar og hostar og krekar meg over golvet, frå senga til stolen, frå stolen til senga. Aldri har eg så mange planar som når eg er dårleg. Det er no forbaska å verte sjuk, no hadde eg så mykje eg skulle ha unnagjort. Eg skulle lese ein artikkel, eg skulle sjekka timeplanen for neste veke, eg skulle kjøpt ei gåve, og kva tid var innflyttingsfesten, og så skulle eg ha intervjua ei dame. Medan eg krekar meg over golvet, på veg til badet, soverommet eller lenestolen, går verda fint vidare utan at eg deltek så mykje. Når eg omsider kjem meg på skulen, att, og fortel at eg ikkje er heilt oppdatert på timeplanen i dag, ser førelesaren undrande på meg: "Har du vært syk?"  Intervjuet er teke hand om av ein god hjelpar, artikkelen kan framleis lesast, festen er ikkje før komande helg. Ingen har lagt merke til at eg melde meg ut, nokre dagar.

onsdag 2. mai 2012

Helseguruar ropar varsku, norske ungdomar er feite, dei rører seg for lite, dei et for usunt, dei sit for mykje framfor skjermen, overvektige folk er late, osv. Mogleg det, visst bør mange av oss verte sunnare, kome oss ut i skog og mark, røre oss meir. Så er det ein topptrent symjar, verdsmeister, ung og i god form, som døyr brått og uventa. Kanskje er ikkje toppidretten så supersunn, likevel? Tragisk og trist for idretten, men verst for dei næraste som har mist ein som burde hatt framtida føre seg. Kvil i fred, Alexander Dale Oen. Du vil verte hugsa, og ikkje berre for idrettsprestasjonane dine, men også for smilet og for tårene.

tirsdag 28. februar 2012

Emma og Uno

Märta Tikkanen
Emma og Uno. Visst var det kjærlighet
Gyldendal 2012

Å ha ein ektemann som øydde vekk kona sin arv, selde utstyrskista hennar, brukte pengane hennar, kom heim og sette unge på henne, ein kvart år, og elles for det meste var fråverande. Skreiv ho til han om vanskane med å oppdra seks ungar åleine, kunne han avfeie det som "kvinnfolksutring" og "privat tøv". Slikt hadde då ikkje han tid til å tenke på. Menn var ikkje skapte for å ta seg av ungar, må vite! Sjølv måtte han be om at han, til skilnad frå vanlege menn, måtte handsamast som ei kunstnarsjel. Ja, for det var det han var, meinte han, han med alle sine store og høgtflygande planar. Noko fekk han gjort, men slett ikkje alt han ville, han var stadig i pengenaud, han hadde lite å sende heim til kona og barneflokken. Veltalande var han, påstod at han tenkte på dei, snakka om at han ville at ein eller fleire av ungane kunne bu hos han, i periodar. Men det vart aldri noko av, som så mykje anna av det han tenkte på.
Han vart uvener med folk, han snudde om, han var alltid den einsame, som ikkje hadde nokon hos seg. Kven var det som var skuld i det, tru?
Og heime sat Emma og venta. Sat? Nei, ho sat nok sjeldan, ho laga mat, ho trøysta og oppmuntra, ho rettleidde og støtta, ho bøtte klede så lenge det var noko å bøte på, ho snudde på kvar ei krone. Ein gong miste ho ei tann og vona ho skulle få råd til å få setje inn ei ny. Ei stund etter hadde ho nokre kroner til overs, men då var det ei av døtrene som trengde til ein tannlækjarvisitt.
Mannen hennar, Uno, hadde det så travelt at han kunne sjølvsagt ikkje skrive så ofte. I valet mellom kona og mora, skreiv han til mora og bad henne vere "brevdue". Stundom stod det berre "gje beskjed", då til Emma, som fåfengd måtte vente på nokre personlege ord, denne gongen som så mange gonger.
Boka er interessant som eit tidsbilete frå ei tid som er forbi, då kvinna var meir bunden til mannen ho hadde og det ikkje var så lett å skilje seg. No endar rett nok denne historia med skilsmål, men før det hadde det gått mange år og skjedd mange barnefødslar.
Ein ting som gjer stoffet interessant, er at Tikkanen skildrar si eiga mormor og sin eigen morfar. Ein del materiale har ho, ein del må ho tenkje seg til, fordi mange brev er komne bort. Ikkje alle spørsmål får ho svar på.
Det er noko Ibsensk over det heile. Ei Solveig som sit heime og ventar medan Peer fyk rundt i verda og lever livet mellom grønkledde og andre. Dei er til å verte trøytt av, alle desse kvinnene som lengtar og ventar og vonar at mannen ein gong skal kome heim til dei.
Men hadde eg kome ut for ein slik veltalande sjarmør, då eg var tjue år ung, hadde eg då greidd å stå mot, eller hadde eg vorte blenda, eg med? Neimen om eg veit.

mandag 27. februar 2012

Førr ei dame

Arnhild Skre
Hulda Garborg. Nasjonal strateg
Samlaget, Oslo 2011

Førr ei dame
Boka er lang, 669 sider, av desse om lag 70 s. notar, kjelder og register. Eg kjøpte henne på boksleppet, og det kom midt under eksamenslesing og då hadde eg anna å gjere. Difor vart mursteinen liggjande ei stund. Då eg først kom i gong med lesinga var det vanskeleg å slutte. Og eg som trudde eg kjende til Hulda Garborg. Eg fekk nokre overraskingar undervegs.

Ho la ned ein større innsats enn i alle høve eg var klar over, i norskdomsarbeidet. Det er nesten så ein kan undre seg over om døgnet hennar hadde eit par timar ekstra som ho kunne utnytte til fulle. Av alt ho gjorde kan nemnast kort:

1.  arbeid med folkedrakta/bunaden

2.  dansa og koreograferte, reiste rundt og underheldt med dans, både åleine og i lag med danseungdom, heldt kurs i songdans.

3.  heldt føredrag om heim og husstell, ho gav ut første kokeboka på landsmål, Heimestell

4.  skreiv over 40 bøker, eit ukjent tal debattinnlegg i ulike fora, var ein av dei mest spelte dramatikarane rundt 1900

5.  var med og skipa Det Norske Teatret, der ho vart første styreformann.

 Dansa ho, kunne honoraret vere så ymse, ein utskoren kubbestol, eit siselert drikkehorn, ja, ein gong dansa ho for plombering av tennene til Tuften, sonen, då ein tannlækjar tilbaud seg å stelle tennene hans.
Men dans var ikkje alle stader velkome, mange sette likskap mellom all slags dans, og fyll. Hulda sin folkevisedans gjekk gjennom eit namneskifte og vart etter kvart kalla folkeviseleik.

Og alltid når ho var på tur, gjekk tankane til han som sat heime og skreiv. Dagen etter at ho var reist på ein av turane sine, skreiv Garborg brev til «kjerringi»:
«Kommer ikke Gudlaug i Morgon sulter jeg i hel. Hvor Fanden er skinken? Melken har jeg tilfeldigvis opdaget» (s. 181).

Garborg støtta kona si i arbeidet hennar, han las og kom med råd, undervegs i skrivinga, ho fekk mot til å stige ut av hans skugge. Tidlegare har ein i presentasjonar av desse to mest lagt vekt på den tunge og dystre Garborg, m.a. ved desse melankolske fotoa av fru Garborg, som har gjort at ein har trudd at dei levde eit trasig liv. Her får ein eit meir variert syn på ekteparet og det skal biografen ha takk for. Dei hadde sine periodar, også lyse, som andre. Ein gong Hulda kom frå danseoppdrag skriv ho i dagboka at «Og om Kvælderne spiller han og plystrer Folkeviser for mig – utrættelig. Gud give nu denne lyse periode vilde vare lidt længe – altid tør jeg ikkje håbe» (Skre s. 368). Ho visste dei mørke stundene kom att, men enn så lenge kunne ho glede seg over ein plystrande ektemake.
Eg skulle likt å vere ei lita fluge på veggen då Hulda arbeidde med Kvinden skabt af Manden. Ja, for Garborg måtte vel vite det, sjølv om forfattaren var anonym? Boka kom ut i sju opplag og vart både rosa og det motsette, fem tyske forlag ville ha rettane til boka. Ho provoserte slik at nokre tok til orde for at ho måtte stå fram, slik at ikkje andre vart mistenkte for å ha skrive så gale.
Tøff dame, Hulda.

På minussida
Eg veit frå tidlegare at Skre kan skrive begge målføre. Difor burde det ikkje vere naudsynt med slike irritasjonsmoment som ein diverre finn somme stader i denne biografien. Alle «heit»-orda irriterer i alle høve denne lesaren. På s. 235 skriv biografen «ærlegheit», og eg lurer på: kva er gale med ordet «ærlegdom».
Det heiter ikkje «svigermødrer», men svigermødre, ikkje mødrer, men mødre, Arnhild. Her kan du ta lærdom av Hulda, ho skreiv ikkje om Mødrer, men om Mødre.
For å repetere litt grammatikk, på nynorsk er det berre eit inkjekjønnsord som får endring i fleirtal, nemleg «møbel – møblar». Difor heiter det i eintal «auge» og i fleirtal «auge» eller «augo». ALDRI «AUGENE», sjekk med ordboka.

På s. 245 står det om «spisesalen», kvifor ikkje bruke det fullt ut aksepterte ordet «matsalen»?
Ikkje veit eg om det er forfattaren som har hatt det travelt med å nå deadline for boka, eller om det er korrekturen som har svikta, gremmer meg gjer eg like fullt.

Til slutt ei historie frå boka
Hulda kom frå speleturne og nokre dagar etter oppdaga ho ei flaske champagne i bokskåpet. Det viste seg at den oppmerksame husbonden hadde kjøpt flaska for å feire turneen og heimkoma hennar. Men så hadde han, uoppmerksamt nok, gløymt dei edle dropane (s.451). Men tanken var god, og dersom denne lesaren har lært Hulda rett å kjenne, skjønte ho det.

Ein absolutt lesverdig murstein, eg fryda meg over, om ikkje alltid språket, så i alle høve innhaldet.


onsdag 4. januar 2012

Eit sprudlande nytt år

Dagar er ferskvare, dei går ut på dato om ein prøver å samle dei i sekken til ein gong ein treng dei. Dagen i dag må levast, det er det einaste han er brukande til.
Eg har så mykje eg har lyst til, så mange ynskje for det nye året. Eg skal slanke meg, eg skal ta eksamenar. Viktigast er kanskje ynskjet: Eg skal leve dagen.