tirsdag 28. februar 2012

Emma og Uno

Märta Tikkanen
Emma og Uno. Visst var det kjærlighet
Gyldendal 2012

Å ha ein ektemann som øydde vekk kona sin arv, selde utstyrskista hennar, brukte pengane hennar, kom heim og sette unge på henne, ein kvart år, og elles for det meste var fråverande. Skreiv ho til han om vanskane med å oppdra seks ungar åleine, kunne han avfeie det som "kvinnfolksutring" og "privat tøv". Slikt hadde då ikkje han tid til å tenke på. Menn var ikkje skapte for å ta seg av ungar, må vite! Sjølv måtte han be om at han, til skilnad frå vanlege menn, måtte handsamast som ei kunstnarsjel. Ja, for det var det han var, meinte han, han med alle sine store og høgtflygande planar. Noko fekk han gjort, men slett ikkje alt han ville, han var stadig i pengenaud, han hadde lite å sende heim til kona og barneflokken. Veltalande var han, påstod at han tenkte på dei, snakka om at han ville at ein eller fleire av ungane kunne bu hos han, i periodar. Men det vart aldri noko av, som så mykje anna av det han tenkte på.
Han vart uvener med folk, han snudde om, han var alltid den einsame, som ikkje hadde nokon hos seg. Kven var det som var skuld i det, tru?
Og heime sat Emma og venta. Sat? Nei, ho sat nok sjeldan, ho laga mat, ho trøysta og oppmuntra, ho rettleidde og støtta, ho bøtte klede så lenge det var noko å bøte på, ho snudde på kvar ei krone. Ein gong miste ho ei tann og vona ho skulle få råd til å få setje inn ei ny. Ei stund etter hadde ho nokre kroner til overs, men då var det ei av døtrene som trengde til ein tannlækjarvisitt.
Mannen hennar, Uno, hadde det så travelt at han kunne sjølvsagt ikkje skrive så ofte. I valet mellom kona og mora, skreiv han til mora og bad henne vere "brevdue". Stundom stod det berre "gje beskjed", då til Emma, som fåfengd måtte vente på nokre personlege ord, denne gongen som så mange gonger.
Boka er interessant som eit tidsbilete frå ei tid som er forbi, då kvinna var meir bunden til mannen ho hadde og det ikkje var så lett å skilje seg. No endar rett nok denne historia med skilsmål, men før det hadde det gått mange år og skjedd mange barnefødslar.
Ein ting som gjer stoffet interessant, er at Tikkanen skildrar si eiga mormor og sin eigen morfar. Ein del materiale har ho, ein del må ho tenkje seg til, fordi mange brev er komne bort. Ikkje alle spørsmål får ho svar på.
Det er noko Ibsensk over det heile. Ei Solveig som sit heime og ventar medan Peer fyk rundt i verda og lever livet mellom grønkledde og andre. Dei er til å verte trøytt av, alle desse kvinnene som lengtar og ventar og vonar at mannen ein gong skal kome heim til dei.
Men hadde eg kome ut for ein slik veltalande sjarmør, då eg var tjue år ung, hadde eg då greidd å stå mot, eller hadde eg vorte blenda, eg med? Neimen om eg veit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar