onsdag 2. mai 2012
Helseguruar ropar varsku, norske ungdomar er feite, dei rører seg for lite, dei et for usunt, dei sit for mykje framfor skjermen, overvektige folk er late, osv. Mogleg det, visst bør mange av oss verte sunnare, kome oss ut i skog og mark, røre oss meir. Så er det ein topptrent symjar, verdsmeister, ung og i god form, som døyr brått og uventa. Kanskje er ikkje toppidretten så supersunn, likevel? Tragisk og trist for idretten, men verst for dei næraste som har mist ein som burde hatt framtida føre seg. Kvil i fred, Alexander Dale Oen. Du vil verte hugsa, og ikkje berre for idrettsprestasjonane dine, men også for smilet og for tårene.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar