Mann møter kvinne, dei vert kjærastar. Problemet er at han er gift, har kone, barn og hund, bur på ein annan kant av landet. Dessutan har han det rimeleg greitt i ekteskapet, dei har ei felles historie, kona lagar god julemiddag, ungane kjem heim, det er mange problem knytte til å skulle flytte ut. Den nye kvinna pressar han ikkje til å velje, ho er nøgd med å vente til han veit kva han vil. Kort sagt: ein draumesituasjon for ein mann som vil ha i pose og sekk.
Boka kom ut i 2003 og er såleis ikkje ny.
Ho held fram ein situasjon, kjem ikkje med løysinga, slutten er open, mangt kan skje. Rønnaug skriv godt, språket er knapt og skrella for det overflødige. Det er rom for lesaren til å skape eigne bilete, dikte med. Ingen namn er nemnde, to er nemnde med initialar. Ingen stader er nemnde med namn, unnateke Oslo. Då boka kom ut, ville ei kvinne stoppe henne, ho meinte seg uthengd og lett å kjenne att. Boka vart ikkje stoppa, og som det stod i ei melding: hovudstaden er stor, det bur mange elskarinner i han, og det er uråd å kjenne att nokon ut frå denne boka. Kanskje gjorde kvinna forfattaren ei teneste, merksemda rundt boka bidrog vel helst til å skaffe historia fleire lesarar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar