lørdag 19. november 2011
Først eksamen
Eg gler meg til jul, men først er det lesing, studering, pugging, terping, repetisjon, oppgåver, nervar, eksamen. Eg kunne studert heile livet hadde det ikkje vore for alle desse eksamenane. Gå rundt og vere nervøs for kva oppgåver ein får, om ein kan stoffet godt nok, om ein har lese det ein skulle. Men trøyste meg så godt det er, etter å ha brukt alle helgar i november og desember på skulen, å ta eksamen med god karakter, og ta juleferie med godt samvit.
søndag 23. oktober 2011
Saras nøkkel
Eg skulle på studietur til Drammensbiblioteket. Distre som eg er, blingsa eg på klokka og kom ein time for tidleg til toget. Godt det ikkje var andre vegen. Eg hadde brått god tid og gjekk innom Narvesen for å finne ei billeg bok. Saras nøkkel, skriven av Tatiana de Rosnay vart den utvalde. Dersom dette er det eg endar opp med når slikt skjer, kan eg gjerne kome for tidleg fleire gonger. Boka handlar om ei jente som vert teken til fange, under krigen, ikkje av nazistar, men av fransk politi. Saman med mange andre jødar vert jenta og foreldra førde til ein stor velodrom, der dei vert haldne som fangar. Før dei vert tekne greier jenta å gøyme veslebroren, ho låser han inne i eit stort skåp som er deira eigen heilt særskilte gøymestad. Ho reknar med at dei berre skal inn til avhøyr og at dei får gå heim att, seinare på dagen. Veslebroren er trygg der så lenge, ho lovar å hente han, når ho kjem att, han har ei flaske vatn og luft enn så lenge. Lite veit ho at dei vert førde vekk og at ho ikkje kjem attende før det er for seint. Ho misser talet på dagane og knugar lykjelen i jakkelommen og tenkjer på broren, heile tida. Ho må attende og låse han ut av skåpet. Men dagane går, vekene likeeins, og då ho endeleg kjem attende har det flytta inn ein annan familie i husværet. Dei veit ingen ting om kva skåpet gøymer, men dei har kjent ei stygg lukt. Då jenta kjem springande og får opna skåpet er det berre så alt for seint.
Ein kvinneleg journalist får i oppdrag å skrive ein artikkel om denne hendinga, og hennar historie vert vevd saman med Sara si. Det viser seg at ho er i ferd med å flytte inn i same husværet som Sara og veslebroren budde i.
Til vanleg likar eg ikkje å lese bøker om krigen, det var for mykje fælt som skjedde. Men denne boka bergtok meg frå første side, det var, som det står i reklamen, vanskeleg å leggje boka frå seg.
Ein kvinneleg journalist får i oppdrag å skrive ein artikkel om denne hendinga, og hennar historie vert vevd saman med Sara si. Det viser seg at ho er i ferd med å flytte inn i same husværet som Sara og veslebroren budde i.
Til vanleg likar eg ikkje å lese bøker om krigen, det var for mykje fælt som skjedde. Men denne boka bergtok meg frå første side, det var, som det står i reklamen, vanskeleg å leggje boka frå seg.
onsdag 21. september 2011
Tilstandsrapport
For ein som er litt meir enn måteleg interessert i lokalhistorie, er det stas å kunne velje ei oppgåve der eg skal grave i lokale arkiv for å finne ut kva biblioteka kjøpte inn, kva som vart lånt ut og om det var skil på kva kvinner og menn lånte. Dette vert moro, livet er faktisk ikkje så verst.
onsdag 31. august 2011
Kva er mot?
Eigentleg er det vel berre den som er redd som kan vere modig. Den som aldri er redd for noko kan vel heller ikkje kallast modig når han hiv seg over nye utfordringar. Eg kjenner meg oftast som ei pyse, eg stuper ikkje ut i livet. Det er nett som årets første sommarbad, eg stikk eine tåa varsamt uti vatnet og kjenner etter kor kaldt det er. Steg for steg og med god tid, står eg til slutt heilt uti til halsen. Først då legg eg på symjetur.
torsdag 19. mai 2011
Potensgiverne
Karin Brunk Holmqvist si bok, "Potensgiverne", på norsk, er ei bok til å verte glad i. Sjølv om boka er eit par år gammal, oppdaga eg henne først no. Har praksis på Strømmen og såleis ein halvtme med toget kvar veg. Brukar tida til å pløye gjennom ein del skjønnlitteratur. Boka om dei to gamle damene som framleis bur i barndomsheimen er flott underhaldning. Eg humrar meg gjennom sidene, men eg humrar med søstrene, aldri av dei. Då broren, som bur i byen, vil ha dei inn på sjukeheim slik at han kan overta huset, set dei foten ned. Han har allereie tinga arkitekt-teikningar og har planar for modernisering av huset. Det han ikkje veit er at damene har sine eigne planar. Dei har fått ny nabo og ny livsgnist, dei skal få seg innedo og startar eige postordrefirma for å finansiere ombygginga.
Nydeleg bok
Nydeleg bok
mandag 9. mai 2011
Målføre
Eg har engelsk som språk på mobiltelefonen min, fordi dei ikkje greier å få til ein mobil der ein kan velje nynorsk. Eg har nynorsk facebook, men Telenor mobil har berre bokmål. Og no vil Høggrrrre at skuleelevar skal velje vekk sidemålsopplæringa.
Er det rart vi vert dårlege i rettskriving her i landet, vi vert eit fattig folk dersom ein må velje vekk å skjøne det halvparten av folk i Noreg seier og skriv. Eigentleg burde vi hatt obligatorisk opplæring i samisk, også.
Er det rart vi vert dårlege i rettskriving her i landet, vi vert eit fattig folk dersom ein må velje vekk å skjøne det halvparten av folk i Noreg seier og skriv. Eigentleg burde vi hatt obligatorisk opplæring i samisk, også.
torsdag 17. mars 2011
Tilstandsrapport
Falskt kontonr på nett
"Leger uten grenser" åtvarar mot falsk Japan-innsamling på Facebook. Nr tilhøyrer ein privatperson. Kor djupt går det eigentleg an å synke? Når ein ser bilete frå Japan, desse dagar, er det ufatteleg at nokon prøver å bruke ei slik katastrofe til å "sko seg sjølv".
"Leger uten grenser" åtvarar mot falsk Japan-innsamling på Facebook. Nr tilhøyrer ein privatperson. Kor djupt går det eigentleg an å synke? Når ein ser bilete frå Japan, desse dagar, er det ufatteleg at nokon prøver å bruke ei slik katastrofe til å "sko seg sjølv".
søndag 13. mars 2011
Stemning
Ute er det tussmørkt, ingen tussar ute, vonar eg. Datamaskina og verdsveven er gode hjelpemiddel når årsmøte skal planleggjast, innkalling sendast og vedlegg hentast opp og leggjast ved. Med fin musikk på øyra, tekoppen og strikketøyet innan rekkevidde er ikkje livet så aller verst. Eigentleg er eg ei kaffikjerring, men gode vener driv overtalingskampanje for å få meg til å like diverse tesortar. Det vart jamvel tid til litt PHP - øvingar, medan strikketøyet førebels ligg urørt. Men det kjem fleire høve. To eksamenar over, tre til å gjere unna, før påske.
fredag 11. mars 2011
Tilstandsrapport
Glede og sorg. Somme tider verkar det som det er overvekt av det eine, men det er alltid noko å glede seg over. Det er absolutt ikkje gledeleg at andre har det fælt, men det set ting i perspektiv når ein ser at eins eigne vanskar er små, i høve til kva andre slit med.
onsdag 9. mars 2011
Tilstandsrapport
Dei siste vekene har det vore farleg å slå på radioen. Mine favorittprogram vart kutta pga at nokre folk dreiv og gjekk på ski. Etter kvart vart det smått pinleg å vere norsk, som når vinnaren av eit renn mobbar/hånar taparen. Då vert eg flau og ynskjer at gullet hadde gått ein annan stad.
mandag 7. mars 2011
Olav Aukrust
Jan Inge Sørbø: Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust, Samlaget 2009, 295 sider.
Boka er god, eg kjenner at eg burde ha lese meir Aukrust før eg tok til på biografien, boka er litt for djuptgåande for dei som har lite kjennskap til Aukrust frå før av. Men etter å ha lese henne, har eg lyst til og tenkt å låne og lese det Aukrust sjølv skreiv. Det er ikkje lite å få ut av ein biografi.
Boka er god, eg kjenner at eg burde ha lese meir Aukrust før eg tok til på biografien, boka er litt for djuptgåande for dei som har lite kjennskap til Aukrust frå før av. Men etter å ha lese henne, har eg lyst til og tenkt å låne og lese det Aukrust sjølv skreiv. Det er ikkje lite å få ut av ein biografi.
torsdag 3. mars 2011
Country - vener
Jean Shepard is inducted to the Country Music Hall of Fame :) It was about time!
fredag 25. februar 2011
Tilstandsrapport
Var på quiz, på The Shamrock, i går. Det vert ikkje siste gong, men eg må friske opp gamle allmennkunnskapar. Greitt med vener som er gode på ulike ting, eg er god på gamle langrennsresultat, og elendig i geografi, der er det andre som er gode. Together we are dynamite!!
søndag 20. februar 2011
Tilstandsrapport
Å lese til eksamen. Å ikkje vite kva oppgåver vi får, må lese på alt. Kva skal eg prioritere, kva har læraren lagt mest vekt på, i året? Eigentleg viser ikkje eit eksamensresultat kva eg kan, berre kva eg kan om dei aktuelle oppgåvene, på eksamensdagen. Ikkje alt det andre eg har lese, som eg kanskje ikkje får spørsmål om, i det heile. Så sit eg med boka i eine handa, pennen i hi og nervane boblar og tankane vil heilt andre stader. Kvifor les eg dette, eg burde sikkert repetert meir av det andre stoffet, og så burde eg heller gjort oppgåver, nei, forresten, kanskje lese litt meir først.
fredag 18. februar 2011
Nikka-biografi, bokmelding
Nikka Vonen
Folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne.
Forfattar: Greta Hekneby
Selja Forlag, Førde 2010
Forfattaren har skrive ei viktig bok, det var på tide at det kom ein biografi om ei kvinne som har sett så store merke etter seg som Nikka Vonen har gjort, både i bygda der ho budde, og elles.
Forfattaren har gjort grundig research, ho har funne mange kjelder. Det eg saknar mest er ein større kritisk distanse til hovudpersonen/objektet for biografien. Som det no er, vert det eit kronologisk referat av livet til Nikka Vonen, frå fødsel til død. Det er ingen kritisk forskar som grev seg ned i stoffet og stiller spørsmål ved val Nikka Vonen gjorde, som spør seg kvifor og korleis. Tvert om verkar det som ho er innstilt på å gje eit så positivt bilete som råd av den biograferte.
Eit tema eg gjerne skulle fått vite meir om er dette:
Kvifor nytta ikkje NV sjølv landsmålet? Når ho då ikkje brukte landsmålet og tydelegvis ikkje merka seg at ein nabo debuterte med dikt på landsmålet, i 1929, kvifor vert ho då i tittelen kalla ”målkvinne”? Var interessa for målsak knytt til personar meir enn til sak, som forfattaren sjølv nemner?
Språkvask
Her er ein del sitat, ting kjem att fleire gonger. Som sitatet om drengen som meinte Nikka hadde mykje vit. Det får vi først servert på side 108, der står det: ”Du Nikka, te kvinnfolk å vere he du mykje bra vet.” Seinare kjem sitatet att på side 158, då står det: ”Te kvinnfolk å vere, har du mykje godt vit.” Andre gongen er det også sett i kursiv. Det verkar litt overflødig å gjenta det og dessutan endre det frå gong til gong. Står eit sitat i hermeteikn bør det vel også vere pinleg korrekt. Eit anna døme på gjentaking er livssoga til Bertel Vonen. Først er den trykt i Nikka Vonen si språkdrakt, deretter i Greta Hekneby si omsetjing til normert norsk. Ho seier at ho har gjort dette med tanke på yngre lesarar. Personleg trur eg ikkje den yngre garde vil ha problem med å lese teksten slik Nikka Vonen skreiv han.
Kanskje er det forlaget som har lite røynsle med å gje ut biografiar? Boka hadde nok ikkje hatt vondt av ein gjennomgang til, i alle høve ein språkvask.
Boka er todelt, i tillegg til biografien, som ber preg av eit kronologisk samandrag, inneheld boka mange av tekstane som folkeminnesamlaren Nikka Vonen samla og skreiv ned. Dette har stor verdi som lokalhistorie, tidsbilete frå ei tid som er forbi og er forvitneleg lesnad.
Nikka Vonen hadde kontakt med og kjende mange, kjende kulturpersonar og andre. Eit personregister bak i boka ville auka bruksverdien mykje.
Som eg ser det, har boka større verdi som eit lokalhistorisk dokument, enn som ein biografi.
onsdag 16. februar 2011
Tilstandsrapport
Hald deg i form, ta ein litteraTUR kvar dag.
Eg las dei fire første "Min kamp" - bøkene til Knausgård, då hadde eg fått nok. Det er grenser for kva eg vil vite om ein person. Korleis driten til Knausgård ser ut og korleis nabokona var kledd for tjue år sidan og kor mange vinflasker han greier å helle i seg i løpet av ein dag, er for meg totalt uinteressant. Fyren skriv godt og første boka var GOD, men dei tre neste kunne han (eller forlaget) korta ned til det halve. Ikkje alt i eit liv er interessant for ålmenta.
Då tek eg heller fram att Johan Falkberget sine bøker. Ja, då, eg veit eg er gammaldags, men "Den fjerde nattevakt" er framleis den beste kjærleiksromanen eg har lese.
Eg las dei fire første "Min kamp" - bøkene til Knausgård, då hadde eg fått nok. Det er grenser for kva eg vil vite om ein person. Korleis driten til Knausgård ser ut og korleis nabokona var kledd for tjue år sidan og kor mange vinflasker han greier å helle i seg i løpet av ein dag, er for meg totalt uinteressant. Fyren skriv godt og første boka var GOD, men dei tre neste kunne han (eller forlaget) korta ned til det halve. Ikkje alt i eit liv er interessant for ålmenta.
Då tek eg heller fram att Johan Falkberget sine bøker. Ja, då, eg veit eg er gammaldags, men "Den fjerde nattevakt" er framleis den beste kjærleiksromanen eg har lese.
torsdag 10. februar 2011
Tilstandsrapport
Etter to dobbelførelesingar og deretter gruppearbeid, er det vel snart på tide å vandre heim. Ute er det mørkt og i magen er det tomt og i morgon er det nye prøvingar med PHP. Ha ein fin kveld.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)