fredag 18. februar 2011

Nikka-biografi, bokmelding

Nikka Vonen
Folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne.
Forfattar: Greta Hekneby
Selja Forlag, Førde 2010
Forfattaren har skrive ei viktig bok, det var på tide at det kom ein biografi om ei kvinne som har sett så store merke etter seg som Nikka Vonen har gjort, både i bygda der ho budde, og elles.
Forfattaren har gjort grundig research, ho har funne mange kjelder. Det eg saknar mest er ein større kritisk distanse til hovudpersonen/objektet for biografien. Som det no er, vert det eit kronologisk referat av livet til Nikka Vonen, frå fødsel til død. Det er ingen kritisk forskar som grev seg ned i stoffet og stiller spørsmål ved val Nikka Vonen gjorde, som spør seg kvifor og korleis. Tvert om verkar det som ho er innstilt på å gje eit så positivt bilete som råd av den biograferte.
Eit tema eg gjerne skulle fått vite meir om er dette:
Kvifor nytta ikkje NV sjølv landsmålet? Når ho då ikkje brukte landsmålet og tydelegvis ikkje merka seg at ein nabo debuterte med dikt på landsmålet, i 1929, kvifor vert ho då i tittelen kalla ”målkvinne”? Var interessa for målsak knytt til personar meir enn til sak, som forfattaren sjølv nemner?
Språkvask
Her er ein del sitat, ting kjem att fleire gonger. Som sitatet om drengen som meinte Nikka hadde mykje vit. Det får vi først servert på side 108, der står det: ”Du Nikka, te kvinnfolk å vere he du mykje bra vet.” Seinare kjem sitatet att på side 158, då står det: ”Te kvinnfolk å vere, har du mykje godt vit.” Andre gongen er det også sett i kursiv. Det verkar litt overflødig å gjenta det og dessutan endre det frå gong til gong. Står eit sitat i hermeteikn bør det vel også vere pinleg korrekt. Eit anna døme på gjentaking er livssoga til Bertel Vonen. Først er den trykt i Nikka Vonen si språkdrakt, deretter i Greta Hekneby si omsetjing til normert norsk. Ho seier at ho har gjort dette med tanke på yngre lesarar. Personleg trur eg ikkje den yngre garde vil ha problem med å lese teksten slik Nikka Vonen skreiv han.
Kanskje er det forlaget som har lite røynsle med å gje ut biografiar? Boka hadde nok ikkje hatt vondt av ein gjennomgang til, i alle høve ein språkvask.
Boka er todelt, i tillegg til biografien, som ber preg av eit kronologisk samandrag, inneheld boka mange av tekstane som folkeminnesamlaren Nikka Vonen samla og skreiv ned. Dette har stor verdi som lokalhistorie, tidsbilete frå ei tid som er forbi og er forvitneleg lesnad.
Nikka Vonen hadde kontakt med og kjende mange, kjende kulturpersonar og andre. Eit personregister bak i boka ville auka bruksverdien mykje.
Som eg ser det, har boka større verdi som eit lokalhistorisk dokument, enn som ein biografi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar