onsdag 31. august 2011

Kva er mot?

Eigentleg er det vel berre den som er redd som kan vere modig. Den som aldri er redd for noko kan vel heller ikkje kallast modig når han hiv seg over nye utfordringar. Eg kjenner meg oftast som ei pyse, eg stuper ikkje ut i livet. Det er nett som årets første sommarbad, eg stikk eine tåa varsamt uti vatnet og kjenner etter kor kaldt det er. Steg for steg og med god tid, står eg til slutt heilt uti til halsen. Først då legg eg på symjetur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar