søndag 20. februar 2011
Tilstandsrapport
Å lese til eksamen. Å ikkje vite kva oppgåver vi får, må lese på alt. Kva skal eg prioritere, kva har læraren lagt mest vekt på, i året? Eigentleg viser ikkje eit eksamensresultat kva eg kan, berre kva eg kan om dei aktuelle oppgåvene, på eksamensdagen. Ikkje alt det andre eg har lese, som eg kanskje ikkje får spørsmål om, i det heile. Så sit eg med boka i eine handa, pennen i hi og nervane boblar og tankane vil heilt andre stader. Kvifor les eg dette, eg burde sikkert repetert meir av det andre stoffet, og så burde eg heller gjort oppgåver, nei, forresten, kanskje lese litt meir først.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar