Hald deg i form, ta ein litteraTUR kvar dag.
Eg las dei fire første "Min kamp" - bøkene til Knausgård, då hadde eg fått nok. Det er grenser for kva eg vil vite om ein person. Korleis driten til Knausgård ser ut og korleis nabokona var kledd for tjue år sidan og kor mange vinflasker han greier å helle i seg i løpet av ein dag, er for meg totalt uinteressant. Fyren skriv godt og første boka var GOD, men dei tre neste kunne han (eller forlaget) korta ned til det halve. Ikkje alt i eit liv er interessant for ålmenta.
Då tek eg heller fram att Johan Falkberget sine bøker. Ja, då, eg veit eg er gammaldags, men "Den fjerde nattevakt" er framleis den beste kjærleiksromanen eg har lese.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar