fredag 3. november 2023

Takk

 Skodda har letta litevetta. Eg har fått nasa over vasskanten, snart kjem nok heile hovudet opp.

Takk for alle gode helsingar på SMS og bilete på snap. Sjølv om eg ikkje alltid har hugsa å takke, så vit at det vert lese og sett pris på.

Dette skal eg klare. 

torsdag 26. oktober 2023

Ny diagnose

 

No er eg faktisk litevetta sint/sur/trist/lei meg. No har eg lyst til å stenge meg inne og verda ute. Eg vil grave meg ned under dyna, setje proppar i øyra med Wanda Jackson på full guffe. Rocke med og ikkje høyre andre lydar. Eg vil ikkje svare på eitt einaste spørsmål. Eg vil ikkje høyre mine eigne tankar. Eg er redd for korleis eg vert, for korleis dette kjem til å utvikle seg.

Eg skal tenkje på kva eg kan, kva eg får til. Men det tek litt tid. Nett no kjenner eg at tankane vil attende til det eg kanskje ikkje får til. Nett no treng eg hjelp av Wanda Jackson for å stenge ute dei negative tankane.

Eg har fått Parkinson.

Trur eg, i alle høve. Utgreiinga tek si tid, så spørsmålsteiknet er ikkje heilt stroke ut, enno. Men dokteren meinte det truleg var det var det eg hadde fått. Men eg har så få av symptoma, enno, at han var litt i tvil.

Han undersøkte og spurde og grov. Han banka på eitt punkt i panna medan eg skulle sjå på nasa hans. Han spurde om eg var plaga med forstoppelse, om eg hadde meir mareritt enn vanleg. Om eg hadde problem med venstre foten. Korleis var balansen, smakssansen. Eg vart bedd om å lukke auga, så kom han med nokre boksar eg skulle lukte på. Dei tok eg med ein gong. Aldri har eg visst at denne sjukdomen kan gje slike symptom.

Eg skjelv litt i venstre handa. Ikkje heile tida, helst når eg er sliten. Eg strikkar som før og skriv gjere eg mest med høgre, så eg kan framleis produserte gode og dårlege tekstar, enno ei stund.

Faktaboks

OGSÅ KJENT SOM 

paralysis agitans

Sykdommen er karakterisert ved tilstedeværelse av minst to av disse tre kjernesymptomene:

  • redusert evne til å starte og gjennomføre viljestyrte bevegelser (hypokinesi),
  • en spesiell form for muskelstivhet (rigiditet) og
  • skjelving (tremor) som er mest uttalt når kroppen er i hvile.

Eg prøver å tenkje positivt. Eg dauar ikkje av dette, med rette medisinar kan symptoma dempast. Sjukdomen kan ikkje behandlast, berre symptoma.

Men så ser eg føre meg ein gammal mann i heimbygda. Han skolv over heile kroppen og når han skulle ete så fauk maten all verdas vegar. Men lækjevitskapen har kome langt sidan den gongen, og eg er trass alt mellom dei heldige. Det finst så mange som har ulike diagnosar og som har det mykje verre. Eg treng ikkje stå i kø for operasjon. Eg treng ikkje noko nytt organ. Eg må ikkje amputere. Førebels lever eg som normalt, eg må berre svelgje eit par tablettar ekstra, om morgonen. Sjukdomen er kronisk, symptoma kan berre stoppast eller seinkast. Alle er ulike, ingen veit korleis det vil utvikle seg.

Då eg fekk diagnosen var det som å få ein knyttneve i magen. Men eg prøver å tenkje at dette må vere eitt av fjella eg skal gå over. Det tek si tid å kome opp, men når eg når toppen er utsikta fantastisk.



mandag 16. oktober 2023

Papirmølla

 

Sjukehuset må ha godt om papir.

Eg hadde time på sjukehuset 16.10. Måndag den 02.10 fekk eg telefon om eg kunne kome dagen etter, dei hadde fått ei avbestilling. Eg heiv meg rundt og fekk ordna skyss og kom opp til time tysdag, kl 09.00. Så langt alt vel. Fredag 06.10 fekk eg brev i posten, med beskjed om at dei «dessverre måtte endre timen min». Ny time, 03.10, for tre dagar sidan.

Måndag fekk eg nytt brev, om oppfølgingstime i mars. Men den timebestillinga heng allereie på kjøleskåpet mitt, dokteren skreiv ut ny time medan eg var inne til undersøking.

Kjære sjukehuset, de treng ikkje hogge ned regnskogen for mi skuld, når eg får ein beskjed om time og kjem til den, så treng eg ikkje påminning tre dagar seinare. Ikkje enno, i alle høve.

onsdag 20. september 2023

Kafè-tur

 

På ein av kafeane her i byen, har dei ein grueleg god smoothie. Han er ganske dyr, men eg kranglar ikkje på prisen. Vil eg ha noko å drikke, betalar eg det som det kostar, eller kjøper noko billegare.

Ein dag hadde eg handla og trengde å setje meg ned og pakke litt betre det eg hadde erverva meg. Eg kjøpte meg ein smoothie og kassadama spurde om eg skulle sitje der. Ja, det hadde eg tenkt og smoothien kosta då 68 kr.

Nokre veker seinare skein sola og temperaturen var så fin at eg gjekk for å kjøpe meg ein smoothie og setje meg på ein benk ute. Kassadama spurde som før om eg skulle sitje på kafeen. Nei, eg hadde tenkt å ta han med meg. Smoothien kosta framleis det same. Eg spurde om det var same prisen, om ein skulle sitje inne på kafeen eller ta smoothien med ein annan stad. Ja, prisen var den same, uansett. Då er spørsmålet mitt: kvifor spørje når det ikkje gjer noko frå eller til, om ein sit her eller der?

søndag 10. september 2023

Strikkekjerring

 

Eg var hos dokteren her ein dag, skulle få svar på nokre prøver. Alt var fint, blodtrykk, kolesterol, nyrefunksjon, berre velstand, alt saman. Medan ho skreiv ut ny resept til meg, vart eg sitjande og sjå på genseren ho hadde på seg. Eg kommenterte at han var så fin og ho takka og fortalde at ho hadde strikka han sjølv. Då ho høyrde at eg også var ei strikkekjerring, leitte ho fram mønsteret på nettet, der ho sjølv hadde funne det. Ho visste at dei hadde garnet på butikken like ved. Etter at eg var ferdig og hadde vore nedom automaten og betalt for timen, dura eg rett ned på butikken og kjøpte garn.

Vel heime sette eg meg ned og skulle lese gjennom mønsteret før eg starta. Der stod det at genseren skulle strikkast ovanfrå og ned. Nett det har eg ikkje gjort før. Eg kontakta ei i «strikkekafeen» og spurde om ho kunne hjelpe meg, på neste møte. Det var greitt, men dette var onsdag og neste treff var tysdag veka etter. Eg fekk omtrent abstinens, eg kan då ikkje gå i seks dagar utan strikk, så eg la opp til eitt nytt «sophie scarf», så det har eg strikka på, i helga. Sophie scarf har eg no strikka fire av, men eg skal strø dei rundt meg, ved juletider, så det skal gå bra. Kan då ikkje sitje gjerandslaus når eg ser fjernsyn, heller.

onsdag 17. mai 2023

Kjøkkenskrivaren

 Måndag kjøpte eg to korger jordbær. Dei var nederlandske, men dei såg så gode ut at eg tok sjansen. Ikkje hadde eg tenkt å snakkke med dei, heller. Eg åt opp ei halv korg og sette resten i kjøleskåpet til dagen etter. Då fann eg ut at eg skulle lage syltetøy.  Fann noko blåbær i frysaren, så då hadde eg godt og vel eitt kilo bær.. Kokte opp bæra, tilsette syltepulver og rørte inn litt sukker. Det vart til fem fulle glas med syltetøy. Det vart så godt at eg kan nesten ete det med skei.

torsdag 20. april 2023

Kjedeleg?


Mari Maurstad sa visst ein gong at ho heller ville sitje på do og lese gamle vekeblad enn å snakke med kjedelege folk. Ja, ja, eg trur ho ville oppfatta meg som rimeleg kjedeleg. Men det er heilt greitt. Eg treng ikkje fylle livet mitt med folk som tappar meg for energi. Ikkje gidd eg å endre meg, heller, for at folk skal like meg. Det viktigaste er vel at ein kan sjå seg sjølv i auga, i spegelen, om kvelden.

Eg fyller heller livet mitt med folk som likar kjedelege folk, eg.

fredag 31. mars 2023

Det gjeld å vere kreativ


 I går gjekk eg til sentrum og tenkte eg skulle gjere unna påskehandelen. Det er litt diverse ein treng når ein skal handle for to veker. Etter kvart vart det så mykje at til slutt tok eg meg ein kaffipause på lunsjkafeen, eg måtte tenkje litt. Det vart tungt, dette, å ta alt dette på bussen og så bere det vidare, frå buss-stoppet. Ingen i sentrum med bil og bagasjerom, ledig for køyring.

Eg fann ut at eg skulle spørje på butikken om eg kunne låne med meg heile handlevogna heim att. Det var heilt greitt, det, berre eg kom att med henne. Det lova eg å gjere. Så eg fekk meg ein flott trim-tur opp bakkane og i dag får eg ein fin rusletur ned att med vogna. 

mandag 13. mars 2023

Det er slikt ein får restar av

 

Hausten 2022 brukte eg opp det eg hadde av restegarn. Spøta julegåver og domino-ruter, tubesokkar og pledd, vottar og huver. Tova noko, vaska anna.

Du verda, så ryddig det vart. Fann att mykje eg ikkje visste eg hadde.

Etterjulsvinteren har eg stått med nasa nede i billeg-korga på Coop`en. Der sel dei ut fargar dei skal slutte med, til halv pris. Sist veke kjøpte eg, i to omgangar, to posar med garn. Først kjøpte eg omtrent det dei hadde av ein grå farge. Det held eg på å spøte babysett av, som skal leverast på sjukehuset. Deretter kjøpte eg alt dei hadde av ein beige farge, pluss eit par grøne nøste som låg der. Det skal verte til ein sjelevarmar, om eg får det til.

Fann ut at eg vil ha nokre perler i han, så då må eg vel på handel, att.

Så til hausten får eg mykje restegarn som eg kan bruke til nye artige prosjekt.

mandag 20. februar 2023

Hobbyarbeid

 Var på butikken og kjøpte garn, før helga. Var bort i billeg-kroken der dei har fargar som dei skal slutte å ta inn. Kjøpte sju nøste i ein gråtone. No har eg lagt opp til to sokkar og eitt pledd, og så skal eg spøte huve til. Mamma skjønte aldri kvifor eg spøta begge sokkane samstundes. Men det er for å få dei heilt like. Brotet vert like langt, eg startar fellinga på same staden. Andre sin måte kan sikkert vere vel så bra. Men det funkar for meg.