Måndag kjøpte eg to korger jordbær. Dei var nederlandske, men dei såg så gode ut at eg tok sjansen. Ikkje hadde eg tenkt å snakkke med dei, heller. Eg åt opp ei halv korg og sette resten i kjøleskåpet til dagen etter. Då fann eg ut at eg skulle lage syltetøy. Fann noko blåbær i frysaren, så då hadde eg godt og vel eitt kilo bær.. Kokte opp bæra, tilsette syltepulver og rørte inn litt sukker. Det vart til fem fulle glas med syltetøy. Det vart så godt at eg kan nesten ete det med skei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar