Eg var hos dokteren her ein dag, skulle få svar på
nokre prøver. Alt var fint, blodtrykk, kolesterol, nyrefunksjon, berre velstand,
alt saman. Medan ho skreiv ut ny resept til meg, vart eg sitjande og sjå på
genseren ho hadde på seg. Eg kommenterte at han var så fin og ho takka og
fortalde at ho hadde strikka han sjølv. Då ho høyrde at eg også var ei
strikkekjerring, leitte ho fram mønsteret på nettet, der ho sjølv hadde funne
det. Ho visste at dei hadde garnet på butikken like ved. Etter at eg var ferdig
og hadde vore nedom automaten og betalt for timen, dura eg rett ned på butikken
og kjøpte garn.
Vel heime sette eg meg ned og skulle lese gjennom
mønsteret før eg starta. Der stod det at genseren skulle strikkast ovanfrå og
ned. Nett det har eg ikkje gjort før. Eg kontakta ei i «strikkekafeen» og spurde
om ho kunne hjelpe meg, på neste møte. Det var greitt, men dette var onsdag og
neste treff var tysdag veka etter. Eg fekk omtrent abstinens, eg kan då ikkje
gå i seks dagar utan strikk, så eg la opp til eitt nytt «sophie scarf», så det
har eg strikka på, i helga. Sophie scarf har eg no strikka fire av, men eg skal
strø dei rundt meg, ved juletider, så det skal gå bra. Kan då ikkje sitje
gjerandslaus når eg ser fjernsyn, heller.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar