No er eg
faktisk litevetta sint/sur/trist/lei meg. No har eg lyst til å stenge meg inne
og verda ute. Eg vil grave meg ned under dyna, setje proppar i øyra med Wanda
Jackson på full guffe. Rocke med og ikkje høyre andre lydar. Eg vil ikkje svare
på eitt einaste spørsmål. Eg vil ikkje høyre mine eigne tankar. Eg er redd for
korleis eg vert, for korleis dette kjem til å utvikle seg.
Eg skal tenkje
på kva eg kan, kva eg får til. Men det tek litt tid. Nett no kjenner eg at
tankane vil attende til det eg kanskje ikkje får til. Nett no treng eg hjelp av
Wanda Jackson for å stenge ute dei negative tankane.
Eg har fått
Parkinson.
Trur eg, i alle
høve. Utgreiinga tek si tid, så spørsmålsteiknet er ikkje heilt stroke ut,
enno. Men dokteren meinte det truleg var det var det eg hadde fått. Men eg har
så få av symptoma, enno, at han var litt i tvil.
Han undersøkte
og spurde og grov. Han banka på eitt punkt i panna medan eg skulle sjå på nasa
hans. Han spurde om eg var plaga med forstoppelse, om eg hadde meir mareritt
enn vanleg. Om eg hadde problem med venstre foten. Korleis var balansen,
smakssansen. Eg vart bedd om å lukke auga, så kom han med nokre boksar eg
skulle lukte på. Dei tok eg med ein gong. Aldri har eg visst at denne sjukdomen
kan gje slike symptom.
Eg skjelv litt
i venstre handa. Ikkje heile tida, helst når eg er sliten. Eg strikkar som før
og skriv gjere eg mest med høgre, så eg kan framleis produserte gode og dårlege
tekstar, enno ei stund.
Faktaboks
OGSÅ
KJENT SOM
paralysis agitans
Sykdommen
er karakterisert ved tilstedeværelse av minst to av disse tre kjernesymptomene:
- redusert evne til å starte
og gjennomføre viljestyrte bevegelser (hypokinesi),
- en spesiell form for
muskelstivhet (rigiditet) og
- skjelving (tremor) som er mest uttalt når
kroppen er i hvile.
Eg prøver å
tenkje positivt. Eg dauar ikkje av dette, med rette medisinar kan symptoma
dempast. Sjukdomen kan ikkje behandlast, berre symptoma.
Men så ser eg
føre meg ein gammal mann i heimbygda. Han skolv over heile kroppen og når han
skulle ete så fauk maten all verdas vegar. Men lækjevitskapen har kome langt
sidan den gongen, og eg er trass alt mellom dei heldige. Det finst så mange som
har ulike diagnosar og som har det mykje verre. Eg treng ikkje stå i kø for
operasjon. Eg treng ikkje noko nytt organ. Eg må ikkje amputere. Førebels lever
eg som normalt, eg må berre svelgje eit par tablettar ekstra, om morgonen.
Sjukdomen er kronisk, symptoma kan berre stoppast eller seinkast. Alle er
ulike, ingen veit korleis det vil utvikle seg.
Då eg fekk
diagnosen var det som å få ein knyttneve i magen. Men eg prøver å tenkje at dette må
vere eitt av fjella eg skal gå over. Det tek si tid å kome opp, men når eg når
toppen er utsikta fantastisk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar