GODT ÅR OG GOD HELSE
Dette vart ein
løyen haust. Vel har eg fått diagnosar før og vel har eg fått medisinar mot
både eitt og hitt. Stundom har eg kjent meg som ein apotekar på privaten. Så må
ein hugse å fylle på både med medisin for diabetes og blodtrykk, og saltvatn og
linsevæske og kontaktlinser. Men alt dette er til å leve med, så lenge eg kjem meg på eit apotek-utsal og så lenge eg er i stand til å gå på butikken.
Men når føtene skrantar, kjenner eg meg makteslaus. Eg kjende at eine kneet og eine fotabladet streika når eg gjekk på asfalt. Så prøvde eg salve som skulle vere så god, men det var no filla hjelp i. Så gjekk eg til innkjøp av sko med ekstra god demping og dei hjelpte godt. Men skaden er der og vondt gjer det og færre vert turane. Men heldigvis er det ikkje konstant verk. For å seie det slik, eg haltar berre når eg går. Kva dokteren sa? Jau, ho fann ut at eg var nærmast plattfot og difor hadde fått noko som ho kalla «plantar fasciitt». I kneet var det begynnande slitasje, men førebels var det ikkje grunn til å gjere noko operativt. Men ho skrytte av skorne mine, det var ei god investering å kjøpe skikkelege sko. Så var det viktig å bevege seg, sa ho. Eit medlemsskap på treningssenter ville ikkje vere dumt. No er turane redusert til ein eller to gonger i veka og då tek eg bussen så langt det går. Så mitt første prosjekt i januar vert å ta bussen til treningssenteret, trene der ein times tid og så ta bussen heim att. Nett no har eg ikkje noko val.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar