Kjekt å vere kjøkkenskrivar
når skrivelysta tek pause. Etter ein dag med fire fylte glas med fikenmarmelade
var eg så godt i gang at eg laga salat med sild i same snuen. Men då var eg
fint ferdig, òg. Hadde eigentleg tenkt å pynte peparkakene eg hadde laga, tidlegare, men det sette eg ut
til ein annan dag. Vel var eg nøgd med eigen innsats, men det er ikkje verdt å
overdrive. Kan ikkje verte alt for sjølvgod, heller.
Skal eg prøve å bake brød, att, tru?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar