Strandkafeen
Lucy Diamond
Aschehoug
2019
Talentet er
der, men lidenskapen for noko saknar ho. Ho tek ei rad med vikariat og har
etter kvart prøvd seg i fleire ulike yrke. Sekretær, fotograf, skodespelar,
songar….
Alle familiar
har eitt svart får. I familien Flynn er det Evie si rolle. I motsetnad til sine
perfekte søstre har ho enno ikkje funne sin veg. Ein drøymar utan ambisjonar,
ho har flytta inn til kjærasten og overtyder seg sjølv om at dette er den store
kjærleiken.
Så døyr tante Jo og overlet strandkafeen sin til
Evie. Tante Jo som også var eit får av ein litt mørkare kulør enn resten av familien.
I foreldra sine auge hadde Jo mislukkast. Ikkje var ho gift, ikkje hadde ho barn. At ho dreiv
si eiga vellukka bedrift og var lukkeleg og levde det livet ho alltid hadde
ønskt seg, var visst mindre viktig.
No må Evie ta
fleire val. Drive kafeen, eller selje som resten av familien rår
henne til? Flytte til
Cornwall og avslutte forholdet til Matthew?
Sjølvsagt er
det skjær i sjøen både i London (eitt av dei heiter Jasmine), og i Cornwall
(kvifor er Ed så kamerasky?) Frå første stund får ho landsbyen mot seg, dei
trur ho vil selje og håve inn pengar på kafeen og tomta.
Men som i alle
«feelgood»-bøker viser hovudpersonen seg som den gode personen ho er og då
taket på kafeen fyk av, i ein storm, stiller heile landsbyen opp og reparerer
skadene.