fredag 30. august 2019

Det tryggaste i verda



Mamma i litteraturen
I litteraturen er det tydeleg at berre mamma er der er ingen ting farleg. I bøkene om Mummitrollet er det ei historie der Mummitrollet og venene hans dreg til eit observatorium for å høyre om ein komet som skal kome. Etter mykje strev kjem dei fram og får vite at kometen skal kome sundag. Dei startar med ein gong på heimvegen. Dei er nøydde til å kome seg til Mummidalen før sundag, då skal Mummimamma bake kake og der er dei trygge. Dei trassar strabasar og på vegen møter dei mange som flyktar frå dalen dei er på veg til. Men dei rekk fram og verda går ikkje under likevel.
Eg hugsar ein elev som skreiv ei skummel historie. Han la ut om skumle skuggar og mystiske lydar i kjellaren ein gong han var åleine heime. Det var knirk og det var dører som opna seg, det var skuggar som rørde seg. Eg las og lurte på korleis han skulle kome seg ut av dette. Siste linja lydde:
«Men så kom mamma og pappa.»
Dermed var alt i orden og ingen ting lenger farleg.

tirsdag 27. august 2019

Julegåver

Jula som barn


Då han var yngre var onkel Kåre flink til å finne på julegåver. Seinare gjekk han over til å gje pengar. Etter at mor vart åleine med oss ungane og sidan han sjølv var einsleg vart det til at han vitja oss kvar sommar og kvar jul. Eg minnest at han kom med bussen og når vi såg han kom opp bakken mot huset sprang vi ned for å møte han og gå i lag med han siste stykket. Han brukte å ha noko i frakkelommen til oss, gjerne ein pose twist som vi skulle dele. Kanskje det er difor eg alltid har likt twist så godt.
Ein sommar hugsa eg han spurde om eg skulle vere med ned til Dale. Ja, eg kunne godt gå ein tur med han, kan hende fekk eg ein is, òg, tenkte eg. Det eg ikkje visste var at ærendet han hadde var å kjøpe sykkel til meg. Eg var så gammal at eg fekk ein vaksen-sykkel og min oransje doning tente meg vel til eg var over femti. Det var robuste saker dei produserte, den gongen.
Ei jul fekk eg ein liten leikekomfyr, med panner og brødformer. Den gåva hadde eg mykje moro med, steikte brød og laga «middag». Men den gåva eg hugsar best er den gongen eg fekk såper og vaskevassfat. Det var eigentleg marsipan forma som såper. At ein slikkmunn som meg ikkje åt dei opp med ein gong, men leikte med dei, fortel litt om kor stor pris eg sette på dei.

søndag 25. august 2019

Dronning Anne Grete

"Av og til er en millimeter nok"

Den flottaste, sterkaste, finaste, råaste, tøffaste dama i norsk rock er borte. Dette må vere som å gå inn på ein bar for å kjøpe whisky og så få beskjed om at:
nei heretter er det berre sitronbrus å få tak i.
Kvil i fred Anne Grete. I dag er ikkje ein gong ein millimeter nok.

fredag 9. august 2019

Bokmelding


Fiona Mitchell
Hushjelpens rom
Gyldendal 2018 


Søstrene Dolly og Tala er frå Filippinane . I Singapore slit dei frå morgon til kveld for rike familiar frå Vesten. Alle pengane dei kan avsjå sender dei heim til familien i heimlandet. Dolly saknar dottera Mallie, men tenkjer at pengane ho kan sende heim vil sikre Mallie eit betre liv enn det ho sjølv har hatt. Tala er lei av blodslitet og er opprørt over det andre filippinske tenestejenter kan fortelje. På nettet tek ein anonym bloggar til å gje råd om korleis ein skal ha kustus på hushjelpene. Tala trassar frykta for å verte deportert og ho går til motangrep.

Også Jules er langt heimafrå. Ho forlet jobben som jordmor i England for å fylgje mannen til Singapore. Der prøver ho å få ein ny omgangskrets. Ho har vanskar med å finne sin plass blant dei priviligerte vestlege kvinnene i byen. Møtet med Dolly og Tala vert ein augeopnar.

Når ei mor ryggar på sin eigen unge fordi ho ikkje såg han og ho dessutan hadde drukke eit par glas vin før ho sette seg i bilen, kva gjer ein då? Jau, då skuldar ein på hushjelpa som ikkje passa godt nok på ungen. At hushjelpa var oppteken med å roe ned broren som hadde eit raserianfall spelar inga rolle. Hushjelpa vert hengt ut på bloggen til den anonyme «Vanda», med bilete og fullt namn. Neste steget for henne er deportasjon.

Vår tids tenestejenter, sterkt søsterskap og venskap som kan oppstå på tvers av klasseskilje.

lørdag 3. august 2019

Dokka mi

Nostalgi



Det er ein heil vitskap å rydde. Plast, papir, rest, glas, klede, elektronikk. Selje, gje vekk, kassere. Sjå gjennom og gå over alt ein har. Nostalgi og minner.
Eg leikte eigentleg ikkje særleg med dokker, då eg var lita. Men ei dokke hadde eg som eg var glad i. Det var dokka eg fekk frå onkel Kåre då eg var to år gammal. Då onkelen min døydde vart det funne eit brev han hadde spart på. Det var skrive av søster hans, mor mi. Der takka ho for gåva: «ho var heilt vill på golvet». Eg hadde visst dansa rundt med dokka i armane. Onkelen min var forresten flink til å finne på gåver då han var yngre, seinare vart det helst pengar han gav.
Eg fekk ikkje leike så mykje med dokka, mor mi var vel redd eg skulle øydeleggje henne. Dokka vart sett opp på beten og der stod ho, eg hugsar ikkje kor lenge. Men då eg omsider fekk lov til å leike med henne, var i grunnen glansen borte.
Men dokka frå onkel Kåre har eg teke varepå og om eg ikkje nett har leika så mykje med henne, har eg visst kvar ho var. Ho låg i ein kasse på soverommet og eg har tenkt at kanskje ville nokon verte glad for å overta henne, ein gong. Men no finst det så mange typer dokker på marknaden. Babyborn, tøyelege, nokre som skrik og seier «mamma».
Så no har sambuaren enda i ein søppelsekk som vart hivd i ein container.
Men ho fekk ein god og lang klem før eg følgde henne ut døra.