fredag 24. mai 2019

Vår



Det vårast i landet
Fyrste blomen han er komen

Eg har ein liten kveldstur i nærområdet. Fine stiar å vandre på, vårens første blomar tittar opp, ein trestubbe, eit svaberg ved elva.

Eg gjekk ein tur på stien




fredag 17. mai 2019

Eg trur eg stoppar med åttande bok



Den onde greven
Lemony Snicket
Cappelen
1-8 (13)

Lemony Snicket var ein amerikansk forfattar som eigentleg heitte Daniel Handler. Han vart alltid fotografert bakfrå, med ein stor hatt, for ikkje å verte kjent att, då desse bøkene kom ut.
Daniel Handler er forfattar av fleire bøker. Bottle Grove kjem etter planen ut i USA i løpet av 2019. Han er omsett til 40 språk og har selt over 70 millionar bøker.
Dei tre første bøkene i serien Den onde greven vart filma i 2004, med Jim Carrey i rolla som den vonde grev Olaf.

Baudelaire-barna sin heim vert lagt i ruinar i ein stor brann, begge foreldra omkjem. Eine vergen deira er ein mann som kallar seg grev Olaf. Han er ein grisk fyr som er ute etter formuen dei arva etter foreldra. I kvar bok kjem dei til ein ny familie/ei ny verge, men grev Olaf finn dei kvar gong. Han forkler seg og det er berre dei tre borna som kvar gong avslører han. Kvar gong slepper dei så vidt unna. Kvar bok startar med at dei kjem til ein ny stad, nye folk og Mr Poe, bankmannen som styrer formuen deira, trur at no er dei trygge. Men grev Olaf finn dei. Og slik går no dagane. Det skal visst vere tretten bøker, eg har lese åtte. Fleire trur eg ikkje det vert, det vert litt trøyttande å lese om det same om att og om att. Scenene er ulike, men tanken er alltid at grev Olaf prøver å få tak i pengane, dei tre Baudelaire-ungane greier å avsløre han. Om att og om att. Det vert aldri slutt på prøvingane. Uansett kor mange innfløkte situasjonar dei greier å kome seg unna, veit lesaren alltid at på neste side ventar nye utfordringar for dei tre barna.

Kvar bok startar med ei åtvaring : Du har sikkert plukka opp denne boka ved ei misforståing. Dersom du er ved dine fulle fem så legg henne frå deg med ein gong og finn noko anna å lese. Kvar bok sluttar med eit brev til redaktøren om kvar han kan finne manuskriptet til neste bok.

Spanande, ja. Men for mykje oppattaking.

fredag 10. mai 2019

Hadde jeg vinger


Margaret Skjelbred
Hadde jeg vinger
Tiden
2019
Hadde jeg vinger av Margaret Skjelbred (Innbundet) 
Margaret Skjelbred har tidlegare gjeve ut bøker i ulike sjangrar, dette er første novellesamlinga hennar.
Eit ektepar sit på kyrkjetrappa og minnest barnet dei mista.
Ei jente har vakse opp med to mødre og står ved grava til Anki, si andre mor.
Tante Anna ville så gjerne, men vart aldri så nær som farmor.
Små historier om sorga, kjærleiken, saknet og lengten.
Stundom kan sanninga formulerast i eit lite ordspel:
«Den som er imot, er en gullerot!»
Sitatet er henta frå historia som rørte meg mest, forteljinga om Anki. Ho som hadde ei eineståande evne til å kome dit ho trengdest mest nett idet ho trengdest mest:
«Dukket opp med sin skjeve gange, sine varme hender, sine gode råd og sitt romslige fang så proppfullt av betingelsesløs kjærlighet.»
Anki, som kunne verte rasande sint. Om ho møtte ein prest med reservasjonsrett og sterke meiningar om lesbiske organistar kunne ho trive tekanna og løfte henne over hovudet. Anki som alltid passa på at kona hadde eit ekstra lommetørkle i reserve. Historia sin eg-person står ved grava til Anki og ser på havet av blomar og tenkjer på kor høgt elska Anki var av alle som kjende henne.

160 sider, sytten noveller, mange triste. Skjelbred er ikkje redd for å ta opp vanskelege tema. Ho gjev ei røyst til dei mest sårbare.
Tilrådd?
Åjadå

fredag 3. mai 2019

Giftesjuke Don


Prosjekt Rosie
Graeme Simsion
Aschehoug 2017
Don Tillman skal gifte seg. Han veit berre ikkje heilt med kven. Eit fleire sider langt spørjeskjema, som får tittelen Prosjekt Kone, skal hjelpe han med å finne Den Rette. Hans kvinne skal ikkje røyke, ho kan drikke moderat, ho skal definitivt ikkje kome for seint. Så møter han Rosie. Full av liv, smart, vakker og spontan, røyker som ein skorstein og kjem alltid for seint. Totalt ueigna som kone-emne. Rosie har sitt eige prosjekt. Ho skal finne sin biologiske far.
På baksida av boka stod det at ein skulle vere ein kynisk lesar dersom ein ikkje fall pladask for hovudpersonen. Eg kjenner meg ikkje som ein kynisk lesar, men etter vel tretti sider tok eg boka med ned att på biblioteket. Men så møtte eg heldigvis ein bibliotekar som hadde lese boka og likt henne godt. Ho tykte òg at boka var litt vanskeleg å kome inn i, så kanskje eg burde gje henne ein sjanse til. Eg tok boka med meg heim, att, og sette meg til å lese. Etter kvart vart det slik at det vart vanskeleg å leggje henne frå seg. Eg er takksam overfor bibliotekaren som fekk meg til å prøve på nytt.
Når ein berre kjem over dei første, litt omstendelege, sidene der ein vert kjent med Don Tillman vert det spanande å fylgje både han og prosjektet hans. Etter kvart som han (og lesaren) vert kjent med Rosie er det nesten slik at ein må porsjonere ut sidene så boka ikkje skal ta slutt for fort.
Fall pladask gjorde eg ikkje, men absolutt ei fin leseoppleving.