Lena Lindahl
Jenta i veggen
I skjule for nazistene
Cappelen Damm 2018
Har lese ut boka Jenta i veggen av Lena Lindahl. Til
å fryse på ryggen av. Gav visse assosiasjonar
til Anne Frank, men medan Anne Frank kunne både lese og skrive og gjere
handarbeid når ho måtte vere stille, hadde Betzy Rosenberg ei lita luke i
veggen der det var heilt mørkt. Ho måtte ofte sitje der i timevis og svima
gjerne av fordi ho ikkje fekk nok oksygen. Avlukket måtte vere hermetisk lukka
så ikkje eventuelle hundar kunne snuse seg fram til at ho sat der. Det måtte blendast
slik at det var stappmørkt. Ikkje kunne ho lese der, ikkje skrive eller anna,
ho måtte berre sitje der og ho visste ikkje kor lenge. Arne var ofte ute på
arbeid og kunne vere borte i nokre dagar. Då kunne ho ikkje kveike i omnen, om
det vart kaldt. Røyken frå pipa ville avsløre henne. Heller ikkje kunne ho
tenne stearinlys, hytta skulle jo gje inntrykk av å vere tom når Arne ikkje var
der. Heile tida måtte ho fylgje med på vegen utanfor, om det kom nokon ubedde.
Ho måtte til ei kvar tid vere klar til å krype inn i veggen. Ein gong vart ho
for sein og måtte berre kaste seg ned på golvet. Der låg ho medan den framande
stod utanfor glaset og keik inn. I halvmørkret såg det ut som ein skugge og
heldigvis let den forbipasserande seg lure. Han gjekk vidare.
I nabohytta hadde nazistane festar. Dei
kunne uventa kome innom og få ting slapp unna auga deira.
Dersom ho svima av, grunna oksygenmangel,
ville ingen vite at ho sat der, når Arne var borte. Skulle det skje han noko så
han ikkje kunne kome heim, ville ingen andre kome til og berge henne.
Ho visste at Arne tok ein stor sjanse for
å redde henne. Dersom dei vart avslørte ville dei begge få dødsdom.
Jenta
i veggen er Betzy si forteljing. Ho møtte dei eine
mennesket som risikerte livet for henne.
Viktigaste boka eg har lese hittil i år.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar