fredag 22. februar 2019

Skjønnhet er et sår


Eka Kurniawan
Skjønnhet er et sår
Pax forlag 2016

Krig og kjærleik på indonesisk


Det lokale biblioteket har noko dei kallar Vinterles-Bingo. Eit ark med 25 ruter, fem rekker. I kvar av rutene kan ein skrive inn ei bok ein har lese. Her er rute for «bok med berre eitt ord i tittelen», «bok med eit namn i tittelen», «bok som har vunne ein pris», «ein klassikar», «ein biografi», t.d. Di fleire ruter ein fyller ut, di større er sjansen for å vinne fine premiar. Ei utfylt rekke gjev eit lodd.
Eg spurde eine bibliotekaren om ho kunne tipse meg om «bok skriven av ein ikkje-vestleg forfattar». Ho føreslo boka Skjønnhet er et sår av Eka Kurniawan.

Kurniawan er ein indonesisk forfattar som har skrive romanar, noveller, teikneserieromanar og filmmanus. Han er omsett til rundt 30 språk. Dette er første boka på norsk. 
Indonesia si historie vert fortalt gjennom dei merkverdigaste menneskeskjebner og groteske og burleske situasjonar.

Dewi Ayu var i si tid byen si mest ettertrakta hore, vakker som ingen andre. Ho fekk fire døtre, tre like vakre som henne sjølv, den fjerde stygg som nøkken. Under krigen vart ho deportert, saman med mange andre. Ho spylte då smykka sine ned i toalettet, då ho ikkje rekna med at fienden ville undersøkje driten til folk. Berre seks ringar svelgde ho ned. Kvar dag kom dei ut med avføringa, ho skylte dei i vatn og svelgde dei på nytt. Dette gjorde ho kvar dag så lenge krigen varde.
Tolv dagar etter å ha fødd fjerde dottera døydde ho. Tjueein år seinare stod ho opp av grava. Ho hadde ei oppgåve ho ikkje hadde fullført.

Her er realisme blanda med myter og magi. Ein gut kan snakke med dei døde, ei kvinne flyg til himmelen etter å ha kasta seg ut frå ein fjelltopp, ei prinsesse gifter seg med ein hund. Her er brutal realisme og handfast erotikk. Dei tre eldste døtrene til Dewi Ayu opplever den type kjærleik som kan gjere ein gal. Til slutt misser dei alt. Også yngste søstera, den stygge, opplever kjærleik, men også ho misser alt. Til slutt finn søstrene saman. No har dei berre kvarandre.

Det fine med Vinterles-Bingo er at ein finn fram til bøker som ein elles ikkje ville lese. Ein får utvida leseverda. Eka Kurniawan hadde eg ikkje høyrt om, tidlegare. Boka er på over 400 sider, men "det merkar du ikkje", som bibliotekaren sa.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar