Handarbeidsglede
Det er så moro med kreative folk. Ein finn ut at torsdagane er det lite folk på kafeen, då lagar vi strikkekafé to siste timane av opningstida. Ein kollega er heilt samd og så legg dei det ut på kafeen si side på facebook, at komande torsdag er det ope for strikkeglade og strikkegale. Alle som var der tykte det var ein strålande idé og vi var samde om at dette hadde vi sakna og ville gjerne halde fram med.
 |
Initiativtakarane i full konsentrasjon
|
Unge og "eldre", strikkande og heklande. Nokre har strikka heile livet, andre har nett starta, nokre vil friske opp att gamle kunstar. Her produserer vi hekla sjiraffar, strikka kjøkkenklutar, pledd, sokkar, barneklede.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar