lørdag 23. juni 2018
lørdag 16. juni 2018
Mursteinar
Styrkeløft
Kvifor skal bøkene, særleg
kriminalromanar, vere så lange? Vanlegvis sluker eg bøker på 2-300 sider. Men
når det tek rundt 500 sider før mordaren vert avslørt, vert eg lei, halvvegs.
Det vert for mykje miljøskildring og for mange bipersonar som eigentleg ikkje
har noko å seie for historia. Eller, for forfattaren er det viktig å vise alle
sidene ved ei sak. Det er vel eg som er for utolmodig.
Men det gjeld ikkje berre
kriminalromanar.
Første boka eg las av Marian Keyes var Vannmelonen. Eg humra meg gjennom
teksten, der var mange sprelske metaforar og i det heile eit godt språk. Sidan
har det, etter mi meining, gått litt nedover, no er det litt slik «ja, ja»
etter at eg har lese ei av bøkene hennar. Men dei er lettlesne og hyggelege. Høvelege for ein
kveld i sofaen. Men dei er så lange at eg brukar meir tid enn vanleg på ei slik
bok. Eg keiar meg lett når bøkene vert over 500 sider.
Og kven er det som går til sengs med ei
bok som ein murstein? Nei, vil eg drive styrkeløft går eg heller på
helsestudio.
lørdag 9. juni 2018
Litteratur og potetskrellpai
Mary Ann Shaffer
Guernsey forening for litteratur og
potetskrellpai
Schibsted 2008
Somme bøker bit seg fast og slepper
aldri taket. Nett no les eg Mary Ann Shaffer si bok Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai, for tredje
gong. Grunnen til at eg les boka no, er at eg nett har sett filmen og fekk lyst
til å lese boka endå ein gong. Dessutan fekk eg eit spørsmål på facebook, frå
ei veninne som skulle lese boka om att og lurte på om eg hadde sett filmen.
Trur faktisk det var eg som tipsa henne om boka, i si tid. Correct me if I am
wrong, Ingunn.
Filmen var faktisk svært god. Nydeleg
fotografering, vakker natur og personar til å verte glad i.
Mary Ann Shaffer (1934-2008), rakk å
fullføre boka før ho døydde av kreft i februar 2008. Dette vart hennar første
og siste bok. Og for ei bok. Ei perle i litteraturen.
Guernsey var okkupert av fienden, under
2. verdskrigen. Det vart etter kvart lite av alt. Ungane vart sende til
England, til kjentfolk eller framande, i eit desperat forsøk på å halde dei
trygge og for at dei skulle sleppe å svelte. Det vart slutt på såpe til
klesvask, til husvask og til eige reinhald. Maten tok meir eller mindre slutt.
Tyskarane kravde rekneskap for alle dyra, levande og daude. Ein gong vart
okkupantane likevel lurte trill rundt. Når ein bonde miste eit dyr skulle
tyskarane ha melding. Ein bonde tilkalla oppsynsmannen og bad han registrere
ein gris som hadde sjølvdauda. Jau, det var greitt, grisen var daud, han. Men så tok
naboen og gøymde sin eigen gris og «lånte» den daude grisen. Same oppsynsmann
kom, og rapporterte at grisen var daud, utan å vite at det var same grisen han
hadde registrert daud, tidlegare same dagen. Den levande grisen vart slakta og
naboen baud inn til eit herremåltid. Då gjestane skulle heim att, om kvelden,
vart dei oppdaga av tyskarane. Dei fekk spørsmål om kva dei gjorde ute etter
portforbodet. Den mest snartenkte av dei fortalde at dei hadde vore på møte i
litteraturgruppa. Dei fekk beskjed om å kome på kontoret, dagen etter, og
registrere foreininga. Slik vart litteraturforeininga fødd. Ho levde gjennom
heile krigstida og mange av dei fekk auga opp for kva litteratur og lesing kan
bety for eit hærteke folk. Eit folk som vart fråtekne radioen og ikkje fekk
tilgang på aviser.
Ps
Lurer du på kva potetskrellpai er og
kvifor foreininga heiter slik?
Les boka
lørdag 2. juni 2018
Vassbygda/Vassbygdi
Arnfinn Kolerud
Når ein først skal skyte nokon
Samlaget 2010
Ihuga nynorskingar gjer ekstreme ting
for å fremje språket. Dei vil helst snakke og skrive på målet Ivar Aasen
utvikla. Her er dei alle.
Han som ikkje vil køyre Toyota, han vil ha Toyoti.
Tilhengarar av fotballaget Lillestrøm, som vil døype om laget til Veslestraum.
Han som reiser land og strand rundt for å få folk til å nytte i-målet. Han som
låntek postbilen og køyrer han på elva. Grunnen? Det er ein protest mot all
reklamen som kjem berre på bokmål. Lensmannen føreslær at han kan setje ein
lapp på postkassen, der han seier «neitakk» til reklame. Men det er ikkje
problemet, seier han. For han vil gjerne ha reklame. Han vil berre ikkje ha
bokmåls-reklame.
Men sjølv ihuga målfolk er ikkje alltid
samde. Skal bygda heite Vassbygda eller Vassbygdi? På skulen i bygda har dei
heller ikkje a- og b- klassar, dei har a- og i- klassar.
Brått dukkar ho opp, ho frå Dale i
Sunnfjord, som berre pratar engelsk fordi ho kan uttrykkje seg betre på det
språket. Ho tykkjer det norske språket er så «kantete».
Kva skjer når noko trugar med å utslette
heile målet, heile nynorsken?
Kven skal skytast og kven var det som kidnappa dirigenten?
Første bok i trilogien om Vassbygda. Eg
må definitivt lese dei to neste.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
