lørdag 26. mai 2018

(Littera)tur


Oppsøkande bibliotek



Eg lurte litt på om biblioteket hadde starta med utebibliotek rundt i området. På vegen møtte eg nemleg denne boka av ein kjend norsk forfattar. Ho stod pent oppstilt inntil gjerdet. No har eg lese nett denne boka før, så eg tok henne ikkje med til låneautomaten. Det kunne jo vere at nokon brått kom på at han/ho hadde gløymt noko og sett boka frå seg medan han/ho sprang opp att. Då eg kom ned til Ingunn på biblioteket fekk eg forklaringa på mysteriet. Det viste seg at lånaren hadde hatt boka i ein pose på bagasjebrettet på sykkelen. Då han kom til biblioteket hadde han framleis posen, men boka var borte. 

Då hadde allereie Ingunn fått telefon frå ei som hadde funne boka og teke henne med seg. Ho kom seinare innom og leverte "rømlingen".

lørdag 19. mai 2018

Kreativiteten


Kreativ eller alminneleg
Til alle tider har folk vore opptekne av å setje spor etter seg. Noko som løftar dei ut av det store alminnelege livet. Noko som viser at dei har levd.
Min skapartrong er min «unge». Mitt DNA som lever vidare. Eg er ikkje heilt viss på kva eg skal skape, enno. Sokkar, hattar, brurekjolar, sko, bøker, filmar, verdsrekordar, kaker. Kanskje ei skandale eller to. Noko er det. Noko som ikkje fem millionar andre nordmenn allereie har gjort. 
Eg er ein samlar. Eg samlar på minne frå stadar eg har vore, ting eg har vore med på. Papirserviettar, myntar, ein fin stein, billettar. Dette må stamme frå tida då eg laga album. Du veit, då vi tok bilete frå ferieturen og fekk dei framkalla då vi kom heim. Så limte vi dei inn i album i lag med alle desse småtinga og skreiv tekst ved sida av.
No står albuma og støvar ned, i bokhylla. Sjeldan eg mimrar.
Men no lagar folk flotte scrappealbum som står i alle bokhyller bortetter. Så originaliteten i dette kan no diskuterast.
Eg er ein plukkar. Når eg går ute i naturen plukkar eg med meg fine røter og konglar. Tanken er alltid å lage noko fint, skape ein flott kreasjon, ein dørkrans til jul, kanskje. Då vi rydda ut av husværet til mor, etter at ho døydde, fann eg fleire turka røter i boda hennar. Det var ikkje ho som hadde lagt dei der, for å seie det slik. Eg skjønte at det vart aldri nokon dørkransar ut av dei. Så då brukte vi dei til å fyre i omnen med. Så berre ikkje sei at dei ikkje kom til nytte.
Men det er no så mange som lagar dekorasjonar til jul. Det er allment og i alle høve ikkje originalt.
Men kva skal eg skape, tru? Noko som er originalt og som er mitt, mi nisje. Noko som gjer at eg ikkje vert gløymt, dagen etter gravferda.
I alle høve ikkje noko med musikk. Eg er omtrent tonedøv. På skulen vart eg stilt opp bakerst i koret når vi skulle syngje. Der gjorde eg minst skade. Songstilen min kan vel best karakteriserast som «mellom notar». Ein gong eg gaula som verst sa mor: «Du har`kje ein einaste tone». Blokkfløyta fekk eg heller aldri dreisen på.
I handarbeidstimane sleit eg med knurvete papir og sveitte trådar. Då lærarinna såg penalhuset eg hadde hekla, kom det: «Nei, dette kan du visst bruke som dørmatte». To vottar, den eine liten og den andre diger. Ingen av mine handarbeids-eller sløydlærarar ville nokon gong ha trudd meg dersom eg fortalde at eg har spøta rundt tjue gensarar, sidan skuletida.
Men no «handarbeidar» jo folk på alle baugar og kantar. Broderer magebelte til kvitosten, heklar bikini, strikkar kjøkkenklutar over ein låg sko. Eller kva med å feste ein søt, hekla rosett på sandalen?
Så uendeleg mange timar eg har brukt på «dersom eg hadde vore….» Dersom eg hadde vore musikalsk, flink til å teikne, dyktig i sport. Ikkje grenser for kva eg skulle gjort, kunne gjort, ville gjort, dersom eg hadde vore flink i ting eg ikkje meistrar. Kanskje det er på tide å tenkje over kva eg faktisk er flink til, i staden for å henge meg opp i alt eg ikkje kan. Då kan det hende eg omsider får skapt noko eg kan vere stolt over.


søndag 13. mai 2018

Opp og stå-komikk

Vår


Eg har fått meg ny vekkarklokke. Kvar morgon rundt femtida sit det ein gauk, orsak, ein fugl utanfor glaset og kvivitrar. Heilt til eg står opp. Somme tider hiv eg ein sko etter han. Like fullt kjem han att neste morgon og kvitrar som ein tulling.
Ikkje skil han torsdag og sundag, heller.
Fuglar er eigentleg råsmarte dyr. Særleg ender. Einaste grunnen til at dei ikkje får drive med medisin, her i landet, er at regjeringa mistenkjer dei for å vere kvakksalvarar.
Kvifor kastar i grunnen folk brødsmular i vatnet? For å få endene til å møtast.
Apropos smarte fuglar. Kva er det som er gult og glupt? Ein kanarifugl som er med i Kvivitt eller Dobbelt.

Nei, i dag er eg visst proppfugl, eh, full av gode vitsar.