onsdag 24. mai 2017

Ein heilt uvanleg lesehest


Alan Bennett
En uvanlig leser
Pax forlag 2008

Ei lita perle av ei bok på rundt 120 sider.
Stundom kan ein finne bokskattar ein ikkje visste om. Boka vart nesten ti år før eg fann henne.
Hundane til den britiske majesteten gøyr på ein buss som viser seg å vere ein bokbuss. Sjåføren kan fortelje at han har stopp her kvar onsdag.

Etter kvart vert dronninga lidenskapeleg oppteken av litteratur, av bøker. Fleire av forfattarane kjenner ho, kanskje har ho gjeve dei ein orden.
Ho vert meir og meir glad i bøkene, ho kan finne på å stille folk spørsmål kva dei for tida les. Kleskoden endrar seg, òg. Ho kan jamvel finne på å gå med same kjolen to gonger i løpet av to veker. Heller ikkje er ho like punktleg som før. Alltid har ho ei bok i veska og alle små og store pausar vert nytta til lesing. Dette til irritasjon for hertugen og adjutantane. Viser dronninga kanskje teikn på senilitet? Ho er jo ikkje til å kjenne att.

Ikkje berre les ho, men ho noterer også tankar og inntrykk i ei lita notatbok som ho har med seg. Dessutan vil ho gjerne diskutere det ho har lese og spør om dei har lese namngjevne forfattarar og kva inntrykket dei fekk av boka. Då dei fleste i staben ikkje har lese særleg mange av dei bøkene ho snakkar om, nikkar dei berre og prøver å pense samtala over på dagens timeplan.
Nokre få språklege blunderar finst. Men om det er forfattaren eller omsetjaren som har ansvaret for desse skal vere usagt. M.a. har eg visse vanskar med å tru på at ein åtti år gammal monark vil seie om desserten at: «Den er sinnsykt god.»

Etter kvart som  ho utviklar seg som lesar, kjem også tanken på at ho sjølv kan skrive ei bok. Adjutantane meiner at ei bok om livet hennar vil verte ein bestseljar, men det er ikkje ei slik bok majesteten har i tankane.
Slutten er litt overraskande og bør sparast til slutt. Ikkje fall for freistinga til å kike.

tirsdag 23. mai 2017

Potetdyrking


Då er potetene i jorda og eg er ute og vatnar kvar kveld. Eg har lese meg til at det er best å vatne om kvelden for då fordampar det minst.
Eg fekk fire setjepoteter hos besteveninna for å setje ned i eitt bed. Eg sa til eine bror min at eg skulle setje fire poteter. Han kunne fortelje at han hadde laga til åtte rader som han skulle setje poteter i. Men så har no han ein heil gard å boltre seg på.

Når eg gjer noko så gjer eg det grundig. I alle høve somme ting. Eg henta inn ekspertråd frå ymse hald. Besteveninna fortalde at eg burde setje potetene rundt 20.mai. Andre sette dei i midten av april. Atter andre har enno ikkje fått dei i jorda. Eg fekk tuta øyra fulle med vatning og gjødsling/ikkje gjødsling, mykje jord/lite jord, avstand mellom kvar potet. Ikkje var dei samde, heller, dei eg spurde. Eg fann ein gyllen middelveg og ventar spent på avlinga. Går dette bra skal eg rydde hitt bedet til neste år. Kva eg skal ha der har eg ikkje avgjort enno.

onsdag 10. mai 2017

Å gjere ting ein ikkje torer


Gjer det du ikkje torer

Det gjer eg heile tida. Somme tider må eg røyne nye ting utan at eg vil, men eg må. Heile livet er ein lærdomsveg. Det har hendt eg har sagt til Han der oppe: «kva er det eg skal lære, no, då?»

Andre gonger hoppar eg i det. Eller, eg hoppar ikkje, nett, eg gjer som eg brukar, når eg kjenner etter om vatnet er kaldt, eg stikk varsamt eine foten uti. Men uti kjem eg, tå for tå.

I fleire år drøymde eg om å flytte til Oslo. Dette med å bu i ein stor by, ha rikeleg med kulturelle tilbod, teater, opera, kinoar med dei nyaste filmane, restaurantar med indisk, kinesisk og anna eksotisk mat. Ei veninne frå Førde flytta til Oslo, i lag med kjærasten sin. Ho var positiv: «Dette går bra, får du studielån, greier du det.» Dei fleste andre var meir skeptiske: «Men torer du det, då?» var eitt av argumenta. «Vil du verkeleg det?» eit anna. Ja, det var det, då. Då eg var sju måtte eg til Bergen, til augelækjar. Då gjekk eg og leidde mor mi i eine neven og tanta mi i andre. Eg stolte på at tante Nelly var van med trafikken og visste kvar vi var til ei kvar tid.

Men så «hoppa» eg i det og reiste til Oslo, trass i alle dei skeptiske røystene, ikkje minst min eigen indre skeptikar. Eg var i Oslo i fem år og vart ein kløppar til å finne fram. Eg spurde etter vegen, eg hoppa på buss og trikk og båt. Eg reiste til Hovedøya og andre øyer. Eg angra ikkje ein time.

At ein som lever på studielån ikkje har råd til å gå på dei restaurantar ein vil og ikkje kan nytte seg av alle kulturtilboda, sjå det er ei heilt anna sak.

mandag 8. mai 2017

En kassadames betroelser

Anna Sam
En kassadames betroelser
Cappelen Damm 2010

Etter kvart vert ein kjent med dei ulike kundane. Hit må dei, alle, vaskekoner og advokatar, kleptomanar og telefonavhengige, sjenerte og brautande. Mat må alle ha. Her er dei sjenerte, som prøver å skjule pakken med dorullar underst i trillevogna. Her kjem dei som, raude i ansiktet og med blikket festa på skotuppane, kjøper sanitetsbind. Her kjem også dei som kjekt slenger to-tre pakkar med kondom, storleik XXL, på kassabandet og vonar på beundrande blikk frå dei rundt omkring.

Ei kassadame er stundom usynleg, sjølv om ho seier "hei" 250 gonger og "takk" 500 gonger for dagen. Den telefonavhengige er meir oppteken av å formidle intime detaljar om privatlivet enn å sjå kassadama i auga og helse. I instruksen til kassadama står det at ho skal smile til kunden, uansett om han skjeller henne ut eller om han bed henne med på kino.

Men berre ikkje prøv deg på å naske. Ho som sit i kassen kan alle triksa. Han som legg ein CD inn i camemberten, ekteparet som startar ein krangel som avleiingsmanøver. Ho har sett det før, alt saman. Du slepper ikkje unna.

Første gongen eg såg boka, på biblioteket, gjekk eg forbi. Å lese om ei som sit i kassa på super`n? Trur ikkje det, nei. Neste gongen tok eg opp boka og las baksideteksten. Eg bestemte meg for å gje boka ein sjanse. Eg humra og lo og las om julerushet, medlemskort, sjekketriks.

Det var nesten så eg vurderte å søkje jobb som ekstrahjelp i butikkassa i julestria.