Hestekuren
Først var det
kjeften som skapte bryderi. Operasjon for å få ut ein jakel, betennelse i ein
annan, med påfylgjande penicillin – kur og rotfylling, ising i ei gammal amalgamfylling.
Deretter
oppdaga dokteren at eg hadde diabetes 2. Blodprøver, rettleiing i korleis eg
skal måle blodsukkeret, nokre tablettar som var reine hestekuren for
mageinnhaldet, kosthaldsvegleiing, kva kan eg ete og kva bør/må/skal eg halde
meg langt unna. Sjokolade er bannlyst, stort sett. Og så nett no, som butikkane
fløymer over av påskesnop i alle slags variantar! Favorittbrødet må eg byte ut
og erstatte med eit grovare eitt. Druer er heller ikkje bra i for store
mengder. Ikkje alt som heiter zero i
butikken er zero.
I alle høve
greitt at eg framleis har haue til å lære noko nytt. Ein av dei som eg les for,
kvar måndag, er 103 år og er framleis klår som krystall i øvste etasje. Måtte
eg berre verte likeeins når eg kjem til skjells år og alder.
No har eg
kontaktlinser, reinsevæske, skyllemiddel, lesebriller i ulik styrkegrad,
blodtrykksmålar og tablettar, måleapparat for blodsukkeret og tablettar,
kosttilskot, salver og kremar for diverse bruk.
Tru om eg
skal opne apotek?
Hjelpe meg, deg !
SvarSlettVisste ikkje at du har fått D2
Men etter det eg ser og forstår på deg her takkar du dette og du!!
Ein lyt takle dei steinane som ligg i vegen. Det er verre for dei som må setje sprøyter, det slepp eg.
Slett