søndag 4. oktober 2015

Meininga

Meininga med livet
Det er vel individuelt kva ein ser som meininga med livet, det er ikkje eitt svar på dette spørsmålet. Meininga med mitt liv treng ikkje vere det same som meininga med ditt liv. Meininga med mitt liv er heller ikkje ei konstant meining. Eg trur ho endrar seg, som måla mine endrar seg.

Meininga med livet er for meg å vere til stades, leve livet, realisere meg, oppfylle måla mine. Når eg når eitt mål, får eg nye. Måla endrar seg, og meininga justerer seg, med alderen. Det kan vere å verte den beste utgåva av meg sjølv, gjere noko for andre, setje spor, finne min eigen regnskog, min eigen lidenskap, skape noko. Å leve livet no, ikkje utsetje livet og draumane til pensjonsalderen.

Det er vel få som på dødsleiet angrar på at dei gjorde for lite husarbeid eller tenkjer på at dei skulle ha arbeidd meir overtid. Det må i så fall vere dei som har vore så heldige å ha hatt hobbyen eller lidenskapen som yrke.

torsdag 4. juni 2015

Kroppen min


Kropp og helse
Eg hadde eit avisbilete av meg sjølv, teke då eg var på det drygaste. Det klypte eg ut og hengde på døra til kjøleskåpet. Kvar gong eg opna den nemnde døra gremma eg meg og akka meg at no MÅ eg gå ned i vekt, nei no er eg feit.
Dermed konsentrerte eg meg om korleis eg såg ut og ikkje korleis eg ville sjå ut. Hjelpte det? Ikkje det spøtt, sjokoladen til 200g vart oppeten like fullt og ikkje eitt gram på kroppen forsvann. Alle dei 200 sjokoladegramma la seg attmed dei kroppsgramma som var der frå før.

No har eg teke ned biletet og erstatta det med eit anna. Eitt der eg er slank og har den kroppen eg ynskjer meg.
Kvar gong eg ser mot kjøleskåpsdøra ser eg no ei ung og lys og slank og smilande jente. No skal eg konsentrere meg om korleis eg vil sjå ut når eg kjem dit eg ein gong var. Like ung vert eg nok ikkje, att, men like slank kan eg verte.

Eg har ingen planar om å verte skinnmager, det høver eg ikkje til, med min beinbygnad. Dessutan er vestlandsvêret slik at eg bryr meg ikkje om å få bikinifasong. Men så pass slank at eg får ned blodtrykket noko vil gjere både meg og dokteren blid, og kan eg springe lettare på turane i skogen, vil både helsa og humøret tene stort.

torsdag 28. mai 2015

Rart kva tida kan gjere med minna

Minne før og no

Eg var tidleg utvikla, fysisk. Då eg var elleve såg eg ut som eg var atten. Eg hugsar knisinga frå dei andre kvar gong eg sprang opp ei trapp, eller kvar gong eg gjorde det dårleg i gymtimen. Mobbing var ikkje funne opp, då eg var ung, då kalla vi det terging. Men eg (og eit par andre) lærte litt om korleis unge jenter og gutar kan vere mot kvarandre. Trøyste meg om eg ikkje også lærte nokre nye ord. 

Det hjelpte heller ikkje at ansiktet var pryda med store briller og eit syn som gjorde at eg måtte sitje på første pult for i det heile å sjå kva som stod på tavla. Kvar gong det regna såg eg uklart og når eg då kom innomhus dogga brillene og eg måtte pusse dei. Og det regna mykje då eg vaks opp. Etter som eg hugsar, i alle høve.

Eitt av kallenamna var «tjukka», det høyrde eg i mange år. Eg var 1,60 høg, på den tida, og rundt 57 kilo. Det var i grunnen høveleg, men orda gjorde at eg kjende meg feit.


Når eg tenker attende ser eg føre meg ei lita, feit blubbe som aldri kom over den hersens bukken vi skulle hoppe over, i gymmen, ei tjukkeberte som alltid vart valt sist når vi hadde ballspel. Når eg ser bilete frå den tida ser eg ei heilt normal, slank jente som faktisk var ganske fin på sin måte.
Eg tenker at knisinga og kommentarane truleg kom av misunning, eg hadde bulkar nett der eg skulle ha dei, medan dei andre jentene såg ut som nysteikte flatbrød. I ettertid ser eg òg at fleire av medelevane prøvde å få meg med i leiken, i gjengen. Men sjenert og skvetten som eg var, tok eg også dei hyggelege kommentarane som terging. Det er ikkje sant at tida lækjer alle sår, men jammen kan ho gjere oss litt klokare.

tirsdag 26. mai 2015

Millimeter

Eg er så lei av alle desse må og bør og skal – tinga som vi kvinner får tredd ned over oss, heile tida. Kjolane som er eit «must» i sommar. Sandalane som gjer deg «hot», desse bøkene MÅ du ha lese for å kunne delta i diskusjonen, den nye slankekuren, den nye sportstrenden.
Eg må ingen ting eg, anna enn det eg sjølv vil. Eg kan lese dei bøkene eg vil, drive med den idretten eg likar, klyppe håret i den fasongen eg kler best, gå i dei kleda og dei skorne eg vil, sjå dei filmane eg har lyst til å sjå.
Eg drit i om kleda mine er frå fjorårets mote, eller endå eldre, det einaste eg er redd for, er stagnasjon, for å stå med begge beina på jorda. Så lenge eg har eitt av beina i lufta, i rørsle, går det framover. Ver ikkje redd for ikkje å kome fram, ver berre redd for å stå stille.
Få har sagt det betre enn fine Anne Grete Preus
Millimeter (Anne Grete Preus)

Du kan bestige høye fjell for a utforske din styrke 
Eller studere i årevis for å få et fint yrke
Lese metervis med bøker
For å skjerpe tanken 
Eller jobbe til du har millioner i banken 

Av og til, av og til er en millimeter nok
Lavt og lite har mere kraft enn mye, fullt og nok
Av og til, av og til er en millimeter nok
En millimeter nok 

Du kan lengte i en evighet etter lange, fuktige netter
Eller savne ekte kjærlighet hvis du kjenner etter
Aldri finne ro og rytme her 
Men alltid søke den rundt neste sving 
Tro at andres ros og klapp skal gi livet ditt mening

Av og til, av og til er en millimeter nok 
Lavt og lite har mere kraft enn mye, fullt og nok
Av og til, av og til er en millimeter nok
En millimeter nok 

Et øyeblikk, en evighet?
Beror på perspektivet 
Et lysglimt av en tanke 
Kan snu opp og ned på livet 
Men kunsten er å holde hodet høyt og ryggen fri

Av og til, av og til er en millimeter nok 
Lavt og lite har mere kraft enn mye, fullt og nok
Av og til, av og til er en millimeter nok
Av og til, av og til er en millimeter nok
En millimeter nok

Fekk ein gong ei helsing frå ei veninne der ho siterte bibelverset Ef.2.10
For vi er hans verk, skapt i Kristus Jesus til gode gjerninger, som Gud på forhånd har lagt ferdige for at vi skulle vandre i dem.
«Hugs det», skreiv ho, «det står at vi skal gå, det står ikkje at vi skal springe».


https://www.youtube.com/watch?v=jRP1igT1ooA


tirsdag 5. mai 2015

Lesetips

Ingen savner Edward Niema
Eivind Larssen

Edward Niema vert førtidspensjonert.
Same dagen får han vite at kona snart skal døy.
Då han kjem til presten for å ordne med gravferda, får han vite at alt er teke hand om, gravferdsbyrået, kista, alt er ordna og betalt. Presten er ein travel mann som ser på klokka og utgangsdøra, alt anna enn den sørgjande enkemannen.
Etter at presten har sprunge av stad, kjem organisten og han tek Edward Niema med seg opp til orgelet og spør om han har nokre særskilte ynskje når det gjeld salmar. Organisten har nokre originale gøymestader for vodkaflaskene sine. Han kan òg finne på å arrangere Metallica for orgel slik at det kan minne om ein salme. I alle høve om du ikkje høyrer godt etter.
Etter kvart tek Niema til å finne små lappar rundt om i huset, lappar som kona har skrive til han. Har han eigentleg kjent denne kvinna han har vore gift med i så mange år? Og kven har ho arbeidd for?
Slutten kjem uventa og boka er full av sprelske innfall og høver godt for både kvinner og menn.



Siste samling på jentenes bensinstasjon
Fannie Flagg

Hugsar du bestseljaren Stekte grønne tomater på Whistle Stop Cafe?
No er Fannie Flagg attende med ei ny medrivande historie.
Sookie ser fram til å få meir tid til seg sjølv, no når døtrene er gifte og ho berre har fargeklatten mor si å ta seg av.
Tilfeldigvis får ho vite ein løyndom om fortida til mora og dermed noko som får stor verknad i hennar eige liv.
Og kven er Fritzi, denne tøffe føregangskvinna som lever livet sitt til fulle, heile tida?
Familieløyndomar og eventyrlege liv, i fortid og notid.


fredag 24. april 2015

Livet som bibliotekar


Livet som bibliotekar

Tysdag hadde vi teater i biblioteket. Aldateateret med stykket Herr Kurz og damene, forfattar Rolf Losnegård, skodespelarane Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen. Vi teipa alle vindauge med svarte bossekkar, bar ut bord, sette inn stolar, selde billettar, reklamerte og prata, skreiv i avisa, hengde opp plakat, serverte tapas og Mozell. Mykje folk og mykje skryt både til oss og til dei på scena.
I dag har vi hatt lesestund på biblioteket for barnehagen, lydhøyre ungar som lånte med seg eit lass med bøker før dei gjekk.
Innimellom ryddar vi i hyllene, låner ut og leverer inn, set på plass, registrerer bøker, lagar utstillingar og svarar på spørsmål.


Ein bibliotekar sitt liv er mangslungent.

tirsdag 31. mars 2015

Biblioteket


På biblioteket

Bøker skal plastrast, registrerast, reserverast, leverast inn, lånast ut, setjast på plass, fjernlånast, kasserast, setjast på utstilling. Vi hentar, leitar, skriv boktips, svarar på spørsmål, ryddar i magasinet, lagar utstilling. Stundom kjem ein lånar, andre gonger kjem ein skuleklasse. Det kjem ein eller to kassar med bøker frå kulturfondet. Bøkene skal registrerast og stemplast og innleverast. Plakatar skal lagast, annonser skal skrivast, vi skal minne om lesestund for barnehagen.

Nokre gonger lyt ein kassere utgåtte bøker for å få hylleplass til nye som krev sitt rom. Bøker som ingen lenger spør etter, eller som er utdaterte, hamnar gjerne på magasinet. Somme bøker vert lånte ut til det er berre filler att av dei, andre får stå i fred i hylla i årevis.

Biblioteket er staden der du vert verande lenger enn du tenkte og finn ting du ikkje visste at du leitte etter. Her kan du drøyme deg vekk i eventyr, lære om verda rundt deg, eller forsvinne inn i ei fiktiv romanhandling, eller lese eitt dikt for dagen.

torsdag 19. februar 2015

Ein heilt vanleg torsdag

Arbeider med kåseriet frå Galapagos og Ecuador. Tittelen er I Darwin sine fotspor. Kåseriet vert bra, men no vart eg stoppa av lyn og torever og slær av maskina.
Fekk telefon frå ein arbeidsstad som gjerne vil ha meg med på laget, skal møte dei i morgon.  Spanande tider. Elles har vi nett hatt ein liten quiz om kven som kan mest om sport, meg eller ein kompis. Trur han kunne pittelitt meir, men så er han no eit heilt halvår eldre enn meg, og hugsar lenger attende, så det så.
Det går faktisk godt an å leve i kvardagen, òg, som Olav H Hauge sa ein gong.

søndag 1. februar 2015

Det er alltid dei andre

Litt stolt



http://fjaler.origo.no/-/bulletin/show/847623_bok-det-er-alltid-dei-andre-av-olaug-a-haugen-fraa-dale




Sarkastiske sleivspark



Olaug A Haugen,  aktuell med si andre bokutgjeving. I korte, stramme tekstar, spekka med sarkas-tiske sleivspark og originale bilete, skildrar ho situasjonar og typar vi ofte kan kjenne oss igjen i. Her treffer vi mellom anna rundbrennaren, mobbeofferet, den utru, valdtektsofferet, tannlækjaren som torturerer pasientane, den fattige husmannen, den grå musa, den omsynslause sjefen, den paranoide, telefonterroristen og personane si løn som fortent – eventuelt den utspekulerte hemnen dei så lenge har drøymt om. Av og til glir det realistiske over i det fantastiske og smått surrealistiske, nokre gonger er det lesaren sjølv som må trekke slutningane om kva som eigentleg har hendt. Ofte har historia også ei ekstra overrasking på lur mot slutten, for ting er ikkje alltid slik dei kan sjå ut til ved fyrste augekast.
Anne Marie Baugstø-Hartvigsen


Olaug A Haugen:


«Det er alltid dei andre»


Prosatekstar


Setesdalsforlaget 2014
89 sider


Boka kostar 150 kroner og kan tingast ved å sende ein e-post til olaugahaugen@hotmail.com